Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Våpenlast til Solund - gulingar vert arrestert
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Våren 1942 kom den første store våpenlasta inn til norskekysten. Denne gongen vart Utvær i Solund valgt ut for strandhogg. Begla, ved Husøy, er den vestlegaste ubebygde øya langs kysten og vart difor ansett som ideell for landgang. Det var ikkje mange dagane i året det kom båtar til land her. 

M/K «Harald I», opphaveleg frå Nordland, med Petter Salen ombord som skipper og sjef, hadde fått i oppdrag å frakte våpenlasta fra Shetland til Solund. Det var også ein guling ombord, Paul Kråkenes frå Koksøy i Gulen. Han var med i Lingekompaniet og han var kjend i traktene. Kråkenes var medlem i Linge sin spesialtropp og hadde gjennomgått ei hard militær skolering i Skottland. 

No var Paul Kråkenes på heimlege trakter. Han såg rett heim til Koksøy, på sørsida av Sognefjorden. Paul kjende til folka på Husøy, og fekk den eine av sønene til handelsmannen, til å skyssa seg innover mot Koksøy. Dei skulle sjå etter om det kanskje kunne finnast ein betre landingsplass for lagringa der, i eit rolegare farvatn enn ute ved øya i havgapet. Han ville samstundes sjå heimom til foreldra og syskena slik at dei kunne få sjå at han framleis var i live. Det var fare for at han kunne bli teken om han drog heimom, men han ville sjå heimstaden når han no var så nær. 

Denne korte turen heime, kom ofte fram i minnet, i dei åra han måtte vere med i Nordsjøfarten, fram til 1945. I alt vart det 48 turar frå Shetland til Norge, både med skøyter og ubåtjagarar. Dei fleste turane vart gjort med ubåtjagaren «Hessa». Paul Kråkenes var den som var med på flest turar, nest etter Shetlands-Larsen som hadde 50 turar. 

Farleg våpenfrakt 

Då han var på Koksøy, fekk han med seg dei to brørne sine, Georg og Johan. Dei skulle vere med på lossinga på Begla. Karane vart med og lossa alt av våpen og ammunisjon på land, la det i ei steinrøys innerst i vågen på Begla og dekka det godt til. Sjølv om lageret var godt gøymt, gjekk det ikkje lenge før dei involverte oppdaga at det hadde vore ubedne gjester under berghammaren. Fleire containere var dregne fram i lyse dagen, men det var berre å dekke alt til igjen. 

I Sunnhordland opererte det og ei gruppe innanfor illegalt arbeid, og dei to fremste her var Christian Tønseth og Gustav Merkesdal (familienavn frå Fivelsdal). Dei vart begge tekne på Grønstøl ved Sunde i Sunnhordland. Men på veg til Gestaposkøyta skaut Tønseth seg fri og greidde å røme. Først tok han til fjells, så etterpå i robåt utover til Bømlo og derfrå vestover til Shetland. 

Men Merkesdal vart arrestert. Han vart utsett for harde forhøyr, med tortur og slag, som gjorde at han etter nokre dagar, måtte tilstå at han kjende til lageret på Begla i Solund. Fienden hadde alt registrert dette og visste at desse to var med i planlegginga av denne operasjonen. 

Navnet på kontaktmannen som kom fram under avhøyra, var falskt. Då Gestapo kom til Husøy, fann dei ikkje nokon Johannes Begla. Istadenfor vart dei to sønene til handelsmannen på Husøy, Harald og Peter Henriksen arresterte, sidan lageret låg på deira eigedom. Etter eit kort forhøyr vart Harald og Peter førde ombord i torpedobåten som gjekk til Bergen og dei vart levert til Gestapo i Veiten. Under avhøyra her, tok dei skulda på seg, deretter vart dei overførde til fangeleiren på Espeland. Etter eit opphald her vart dei sende til fangeleirar i Tyskland. 

Arrestasjoner på Koksøy 

Johan hadde saman med kona Tilla og sonen deira, Gjert, vore i Eivindvik denne dagen. Der hadde dei henta ei ku som skulle tilførast buskapen deira på Koksøy. Dei vanlege syslane - som å vyrdsla om gard og grunn, leve så normalt som mogeleg var nødvendig i desse tunge tidene. Då dei denne dagen kom frå Eivindvik og runda neset inn mot Løvika heime såg dei ein grå farkost ligge innmed land. Det hogg til i bringa til Johan ved dette synet. Han visste om Gestaposkøyta som gjorde folket langs kysten utrygg når den for slik på toktene sine. Johan visste med ein gong at no var det han og hans folk som hadde fått uvelkomne gjester. «No er dei komne» sa han - og tankane gjekk attende til natta på forsommaren ute i Solund då dei lossa våpenlasta der. Våpenlageret var oppdaga av tyskarane, og der ute var folk henta og arrestert. 

Johan og broren Georg hadde vore svært urolege i nokre veker, og hadde vel så smått venta på det som nå var i ferd med å skje. Komne til lands ser dei at dei grønkledde er på plass i tuna. Tyske soldater og sivilkledde gestapister har gjort sitt inntok i heimane deira. Broren Georg var ute på bøen og arbeidde då «gjestane» kom. Han var nokså tunghøyrd og held framleis på med sitt då dei snakka til han. Eit slag over nakken og brølet «hands up» så forstod han alvoret til gagns. Det vart hans første møte med «herrefolket», som han seinare skulle få erfare meinte alvor når dei brølte kommandorop. 

Brørne Johan, Georg og Hilmar vart no tekne ombord, og under dekk for avhøyr. Oppe i husa var plassert tyske vakter. I stova til Tilla og sonen på 10 år sat ein soldat med stengun heile tida medan avhøyret av mannen og brørne hans gjekk føre seg ombord i Gestaposkøyta. Også hos foreldra til gutane sat dei vakt. 

Avhøyret ombord i Gestaposkøyta i Løvika på Koksøy vart ein svær prøvelse for Johan, Georg og Hilmar. Her vart ingenting uprøvd av truslar for å få desse til å tilstå ulydighet mot «herrefolket». Med pistolar mot brystet, truslar som om å verta skotne om dei ikkje tilsto fekk desse tre verkeleg sett sin lojalitet mot landet vårt og sitt mot på prøve. 

Utanfrå tunet høyrde ein brått smell frå skytevåpen. Vakta inne i huset sprang ut i ein fart med våpenet sitt klart til bruk. Han trudde det var motaksjon frå dei arresterte sine medhjelparar, men så var det berre ein tysk soldat som hadde fått så inderleg lyst til å skyte sjøfugl. Det var rikeleg av dei nede på vågen. Den «leiken» vart snart stoppa. 

Etter ein stund kom dei som var ombord opp på dekk - og her vart det no gjort klart til avgang, med fangane ombord. I tunet stod Tilla, sonen Gjert og foreldra att - heilt slegne av skrekk. Mens båten vert klargjort for avgang er det Johan får sagt til overmakta: Bror min Hilmar er sjuk. 
Han har tuberkolose. Han må bli igjen heime. Johan lukkast med dette trekket, og Hilmar fekk hoppe på land i siste liten. Han slapp såleis unna fengselsopphald og deportasjon - og kanskje det som verre var. Den tyske militærmakta frykta tuberkolosen. I ettertid har ein fått vite at den frykta hjelpte fleire nordmenn som vart arresterte. No gjekk turen til Bergen til Gestapohuset i Veiten for nye avhøyr. Alle visste - etter kunngjeringar i avisene at kontakt med, eller hjelp til «fienden» var det berre ein utgang på. Dødsstraff. Frå Veiten bar det til Bergen Kretsfengsel, og etter nokre veker der vart dei overførde til Ulven fangeleir. Der fekk fangane vere ute på ymse arbeid. 

Brørne frå Koksøy var fiskarar som kunne meir enn sitt Fadervår. Dei kunne bøte garn og nøter, blandt anna. Leirsjefen på Ulven dreiv å fiska med garn i Ulvenvatnet - hadde bruk for folk som kunne reparere vegna hans. Oppdraget med garna til leirsjefen var bra for Johan og Georg, for då slapp dei unna langt meir utriveleg arbeid som var pålagt fangane. Eit og anna ekstraholet vart nok laga i leirsjefen sine garn no og då, - og bøtinga vart ikkje alltid utført så perfekt som elles. Heller ikkje var notbøtarane så sers nøye med kva sort - eller kor sterk tråd dei nytta i arbeidet. 

Opphaldet på Ulven tok brått slutt. For Johan og Georg vart det no Espeland fangeleir. Då dei var på Espeland freista kona til Johan, Tilla, og sonen Gjert å kome innafor porten der for å få helse på mann og far, og svoger og onkel Georg. Men det vart avslag. Dei fekk lov å levere frå seg ein pakke som helsing heimanfrå. Fangane frå Koksøy var opptekne med potetskrelling i kjellaren då Tilla og Gjert kom, og då fekk dei ikkje skulke unna arbeidet for å møte sine kjære. Vaktsoldaten som tok imot Tilla og sonen, og som fekk avslaget frå kommandanten vart nok også skuffa på deira vegne. Han riste oppgitt på hovudet og beklaga - og viste med det medkjensle. Der var medmenneskelege kjensler tilstades hos tyske soldater og - men sjelden fekk dei vise den sida av seg. Etter ei tid på Espeland bar det austover til Grini, og så ombord i det velkjende fangskipet «Donau» med Tyskland som mål. 

Fangetransporten frå Kiel time etter time var ei forferdeleg oppleving. Fangane stod tettpakka i tildekka kuvogner. Fangar som svima av vart hengande opp etter medfangar - så tett var dei pakka saman at ingen hadde plass til å sige i gulvet. Ein annan ting som og var fælsleg for fangane var at dei ved fleire høve måtte stå ute i timevis i sterk kulde - uten noko på beina. Legen i ein av leirane dei kom til var komen i unåde av ein eller annan grunn. Han vart erstatta med ein bakar. Bakaren sin medisin var for det meste ein salve, - svart og fæl. 

Fangane måtte hente fram all sin indre styrke - dele den med dei som var mindre sterke. Tanken på dei kjære der heime heldt nok mange oppe i denne deira livskamp. Bøna frå barnelærdomen - Fader Vår - styrke oss - hjelp oss å halde ut. Og så viljen. Ville leve - ville overleve. Ville heim eingong. Kampen for livet gjorde at dei mest groteske hendingane i leiren, utført av bødlane - kunne redde livet til andre fangar. Når eigne fangedrakter var berre traser - og ein heldt på å fryse ihel - då vart det frykteleg sant dette. «Den enes død - den annens brød». Utanfor gasskammeret stod køen av dei som skulle døy. Der stod også ein annan kø. Forfrosne fangar som venta på ein betre «klednad» etter sin medfange som no ikkje lenger trong til meir klede. Naken til skinnet gjekk han sin siste tunge gang - og ein bror utanfor levde vidare av di han fekk skjule seg i den avlagde hamen. I ein stor kjellarhall var dei samla om morgonen 2-3000 mann og kvar morgon kom dei «bødlane» og peika ut sine offer på 2-300 mann, det som gassovnen kunne makte. 

Fangane var no vorten «musselmenn» d.v.s. ikkje noko å samle på for å utføre noko arbeid. På brakka låg dei tre i kvar køye, med eit lite teppe over seg, og bytta om å ligge i midten kvar si stund for ikkje å fryse ihel. Det arbeidet som vart utdelt til fangane i denne leiren var «flussing» av tau - noko ein må kalle idiotarbeid, men betre enn ingen ting å vere oppteken med. 

Kampen om maten - om turnipssuppa 

Utdelaren - med den store kjempeausa var klar til fordeling av herlegheita. Køane var lange. Var ein heldig så traff suppa blekkboksen i det den vart slengt ut på slump, men traff han ikkje nytta det ikkje å klage. Då fekk ein eit slag av suppeausa i hovudet og ordre om å gå vidare - utan suppe. Tilstandane kan ikkje beskrivast - berre dei som har prøvd det kan ha noko slags aning om korleis det var altsaman. Sers ille var det i dei leirane som Johan var i - dei verste med hensyn til matmangel. I ein av leirane fekk også Johan eit slag som skada han mykje. Årsaka til slaget var at han oversåg ein vaktkommandant og ikkje helsa på han på reglementert vis. Johan svima av - og vart slepa inn i brakka av medfangar så snart dei såg høve til å hjelpe han. Johan var over 40 år - og tolde ikkje så godt tilhøva i fangeleirane. Georg - som tidleg vart skild frå bror sin i fangeopphaldet i Tyskland - var litt betre faren med tanke på leirane og mattilhøva. Han var dessutan yngre, og hadde nok meir krefter å hente fram når det røynde på som verst. 

Ein av leirane som Johan var i låg ved flyfabrikken Heinkel i nærleiken av Berlin. Denne fabrikken var viktig for krigsmakta og her kom det svært ofte bombeåtak frå engelske fly. Når flyalarmen gjekk sprang «sjefane» i dekning, men fangane ved sine arbeidsbenkar måtte først pakke ned alt verdifullt verkty, og deretter kunne dei søkje ly for bomberegnet. Bombene traff. Ein gong trefte ei bombe proviantlageret, og turnipsen dreiv utover. Medan bombene regna ned - kraup fangane omkring der og åt og plukka, plukka og åt turnips. Især var det dei russiske fangane som var iherdige på dette feltet. 

I denne tida hadde Johan store problem, for skaden han hadde fått i hovudet tidlegare vart no merkbart verre. Han kunne ikkje bøye seg ned framover, så når han skulle hente opp ting frå gulvet eller liknande så måtte han ta hendene ned bak seg. Ein skade han måtte slite med seinare i livet. 

Johan og Georg frå Koksøy overlevde konsentrasjonsleirane 

Dei kom til Sverige med dei kvite bussane, vidare med tog til Bergen, og så heim til Gulen. I ettertid veit ein at folk med bakgrunn i hardt arbeid og eit nøysomt levesett ofte greidde dei fæle påkjenningane betre enn andre. Johan har for sin del og ein dansk medfange å takke for at han overlevde. Av dansken fekk han den siste dagen, slik Johan følte det, litt mat frå ein «Danskepakke» som medfangen den dagen hadde fått heimanfrå. Det redda Johan, ved sida av at han fekk overta ein frakk av dansken den dagen, og uten den hadde Johan neppe greid det lenger. 

Etter krigen har desse to møtt einannan. Johan har hatt viljing av sin danske ven heime på Koksøy og i Bergen etter at familien flytta dit. Det vart ikkje så gode år etter heimkoma frå Tyskland. 

Store skader overalt på kroppen ga etterverknader. Skaden i hovudet især, og elles leddskader, rygg og kneskader, - også hjarteproblem. 

Etter 23 år på Koksøy flytta Johan og kona Tilla til Bergen. Johan døydde i 1985 -84 år gamal. Broren Georg og kona Kirsten - flytta også frå Gulen, og har i dei seinare åra vore busett på Solsvik. Georg døydde i 1992 - 78 år gamal. 

Tunge år for familiane på Koksøy 

Det vart tunge tider for familiane på Koksøy etter arrestasjonen av Johan og Georg. Foreldra hadde no tre av sine søner i utlægd. Ein i krigen, to i konsentrasjonsleirar i Tyskland. Ikkje så mange år før hadde dei mist ein son plutseleg, berre 20 år gamal. Ein kan mest ikkje tenke seg korleis det var å leve med så mykje sakn og otte. Heime gjekk kona til Johan utan å vite korleis han hadde det. Greidde han fangelivet i Tyskland - kunne han halde ut all lidinga der? Å - det vart mange tunge tankar år etter år. 

Dei sende pakkar nedover til Johan og Georg. Nokre kom fram. Det hende og at der kom helsingar oppover, så håpet var aldri heilt borte. Lett var det heller ikkje å greie alle pliktene heime. Alt arbeidet - skaffe fram mat og pengar til det ein trong til livsopphaldet. Men gode naboar og kjende hjelpte til, og desse vil Tilla og sonen Gjert aldri gløyme for det dei gjorde. Adolf Kvernøy var ein ekstra god hjelpesmann, likeeins handelsmannen Norvald Birknes. 

Gjert vart pålagd eit stort ansvar ung som han var, berre 10 år då faren vart arrestert. Han følte ansvaret for mor si - og ansvar for båten fekk han og. Gjert nemner særskild ein mann som han hugsar godt frå denne tida. Det hadde seg slik at det vart ein lekkasje i motorbåten. Guten visste ikkje kva han skulle gjere. Ikkje alt om båt hadde han fått lært frå far sin før han for så fort frå dei. Her kom hjelpa frå smeden Nils Bjørknes vel med. Han fann snart feilen som var årsaka til lekkasjen. Det var hylsa og den fiksa han på beste måte. Nils Bjørknes ville inga betaling ha for arbeidet, og Gjert hugsar endå godt kor takksam han var for hjelpa han fekk frå Nils. Alle båtturane sydover til Byrknes og elles ute på fiske rundt øyane gjekk fint. Det vart mat i gryta - og saman med mor så greidde dei å overleve. Besteforeldra Matias og Hanna - var til god støtte desse åra. Bestefaren lærte Gjert mykje som kom godt med i det daglege strevet. Gjert vart konfirmert i fredsåret 1945. I dag bur han på Landås i Bergen, der og mor hans, Tilla, bur ilag med familien. Ho er no 88 år gamal (1995), med eit godt minne og stor forteljarevne. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal