Den lange kyrkjevegen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 01.10.2005
Foto: Scandion.
Den 5. november 1901 kunne øyfolket i Gulen samlast
i kyrkja for første gong. Det måtte vere ein stor dag. I heile
7 år hadde dei kjempa for å få eige kyrkjehus, og hardaste
kampen hadde dei hatt mot leiinga i kommunen.
Før det kom kyrkje på Mjømna, sokna
øyfolket til Gulen kyrkje i Eivindvik. Der hadde det i alle høve
vore kyrkje sidan 1300-talet. Men vegen dit inn var lang og sjøen
ofte hard vinterstid.
Frå dei ytterste øyane var det om lag to
mil til Eivindvik. Det var fire mil fram og attende med robåt og
segl på ein kyrkjesøndag, og var sjølvsagt strevsamt
for folk.
Ein av dei som opplevde mange slike kyrkjereiser var Håkon
Wergeland frå Byrknesøy. Han var son til lærar Hans
Wergeland som seinare kom til å stå hardt på for kyrkja
på Mjømna.
Han var forresten sjølv teolog, og heldt preike
i kyrkja på Mjømna nokre gonger.
I "Barneminne frå Byrknesøy i 1880-90 åra",
minnest han korleis reisene til Eivindvik kunne arte seg.
Kyrkjefolket måtte ta ut alt i sju-tida om morgonen
for å nå fram til høgmesse kl. 11.00, skriv han - og
det leid langt på ettermiddagen før dei kom heim att.
Fleire stader bar det over sjøharde kastevindsfarvatn,
men likevel var det alltid fleire båtar som la ut frå Byrknesøy.
Sommarstid kunne det vere opptil ti båtar i følgje, men vinterstid
var det ferre, gjerne berre to eller tre, minnest han.
Det var nettopp den lange og strevsame kyrkjevegen som
var hovedsaka til at øyfolket mot slutten av 1800-talet tok til
å arbeide for ei kyrkje lenger ute i prestegjeldet.
Døypefonten i tre frå 1901. Dåpsfatet
i sølvplet er kjøpt inn seinare, men før 1908. Foto:
Scandion.
Den store dagen
Tirsdag den 5. november 1901, kl. 14.00, var øyfolket
samla til vigslingshøgtid i kyrkja.
Biskop Johan Willoch Erichen i Bjørgvin stod for
vigslinga. Han var ein travel mann og ville fram og attende til Bergen
utan "unødig Tidsspille". Det kan vere grunnen til valet av dag
og tid.
Elles var det fleire geistlege tilstades og kasta glans
over høgtida. Prosten i Ytre Sogn var der, likeeins soknepresten
i Hyllestad og sjølsagt soknepresten i Gulen, Olaf K. Ottesen.
Etter vigslingshøgtida bar det til Skjerjehamn
til det vakre huset til Schreuder, der ein velfortent festmiddag venta
på dei geistlege og på dei som hadde kjempa mest for kyrkja.
Det vanka lovord både til den eine og den andre i talane ved festbordet
denne ettermiddagen, ikkje minst fekk byggmeister Anders O. Korsvold høyre
mykje ros.
Anders O. Korsvold. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Anders O. Korsvold (1856 - 1912), frå garden Krossvoll
i Gulen, var ein høgt respektert byggmeister i si tid. Han var meister
for kyrkjer, hotell og andre hus frå ytst til inst i Sognefjorden.
Forutan å være arkitekt og byggmeister for
kyrkja på Mjømna, bygde han Arnafjord kyrkje (1880), den engelske
kyrkja i Balestrand (1897), Sæle kyrkje på Kvamsøy (1903),
Gaupne kyrkje (1907), og han restaurerte den gamle ærverdige Dale
kyrkje i Luster (1903).
Av hotell som han bygde kan nemnast Mundal i Fjærland,
Fretheim i Flåm i 1904, Maristuen i Lærdal, Nystuen på
Filefjell, og det kjende Kvikne Hotell (Balholm) i Balestrand.
Om ikkje det skulle vera nok, bygde han óg gjestgjevarstaden
Skjerjehamn i 1891, prestegarden i Eivindvik (hus og løe) i 1905,
lensmannshuset Solvang, bustadhuset på Krossvoll o.s.v. I stor grad
tok han med seg arbeidsfolk frå Gulen.
Anders vart gift 25/10 1883 på Krossvoll med Orlaug
Andersdtr. Sjurson, f. 1855 på Krokenes i Solund. Han døydde
av lungebetennelse under arbeidsoppdrag i Balestrand 14/10 1912, berre
55 år gamal. Orlaug døydde i 1944.
Anders og Orlaug hadde 9 born. Den eldste, Ole Andreas
var målarmeistar og målte dei fleste av byggverka til faren.
Altartavla. Foto: Scandion.
Altartavla
Altartavla vart avduka 2. påskedag 1927 og er eit
oljemåleri på lerret måla av Vilhelm Bjørknes.
Motiv: "Jesu oppstode", ein kopi av Adolf Tidemand sitt måleri: "Christi
Opstandelse (1871). Under bilete står innskrfta: "Eg liver og de
skal liva", Johs. 14,19.
Den vakre råma i eik er også teikna av Bjørknes.
Vilhelm Bjørknes. Foto: Utlånt av Hjørdis
Bjørknes.
Vilhelm Bjørknes (1884-1969) ved staffeliet heime
på Byrknesøy. I unge år gjekk han i lære i Bergen
på Astor Hansens målarskule, og han vart ein produktiv målar
først og fremst av bibelske motiv.
Det er registrert over 120 måleri frå hans
hand i kyrkje og bedehus over heile landet, og nokre få heng på
misjonsstasjonar ute i den vide verda. Når han ikkje måla,
var han bonde, landhandlar og emmisær. |