Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

    

     
Eit meisterleg løft
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 09.10.2004

Å bli eigar av eit dekka fartøy i tida før krigen var noko mange av fiskarane i øykommunen Gulen - og langs kysten drøymde om. Ragnvald Glavær, busett ytterst i Gulen, var ein av dei. 

Berging av grunnstøytt kutter 
Året 1940 hende det at ein fraktebåt (stor kutter) grunnstøytte i ureint farvatn på vestsida av Hisarøy. Båten var komen ut av kurs i snøkave og hamna opp mellom skjera utanfor garden Rød. Båten sokk etter grunnstøytinga. 

Forsikringsselskapet og bergingsselskapet kom for å vurdere om det var mogleg å heva fartøyet, og få det reparert. 

Her dukka Ragnvald Glavær opp, søkte kontakt med forsikringsselskapet i Bergen - for ei ordning om båten kunne overtakast der den låg. Etter ein tur til kontoret i Bergen, kunne han returnere til Skjerjehamn med ein godt brukbar pris og vise sine medspelarar heime. 

Martin Wesetvik, Stevnebø - var ein av desse. Han hadde ei stor pramme (lektar) som han nytta i samband med oppkjøp av tang og tare. Ivar Vatnøy og Ola Blidensol, busett nær Skjerjehamn, var dei to andre som var involvert i å overta fartøyet som låg ved Rød. Alle var røynde båtfolk og godt kjende i området. 

Snart var dei i gong med bergingsaksjonen. Pramma og fleire flytepongtongar vart slepa utover og tilkoblingane og hevinga kunne ta til. Det var ein storveges redningsoperasjon dei sette i gong med, - men det gjekk framover. Etter nokre dagar kunne slepet ta til over osane mot Skjerjehamn. 


M/K "HISARØY" / "RISNEFJORD" 

Strevsom ferd mot slipp 
På Skjerjehamn var det slipp og verkstad som venta på oppdraget - den største båten dei hadde hatt for slipping. Forbi kaien på Skjerjehamn kom dei sigande med frakteskuta under vatn - så vidt klar botnen og innover sundet mot slippen. 

Diverre så oppsto det problem med slippinga, - båten låg for djupt til å få på skinnegongen. Det måtte hentast dykkar frå Bergen, noko som førde med seg store ekstrakostnader, men framdrifta måtte fortsette. Snart låg der eit prektig fraktefartøy ved kai på Skjerjehamn. "HISARØY" vart det nye namnet på båten. 

"Hisarøy" vart nytta til så mangt 
To av karane som hadde vore med på meisterverket med å heve båten og få den i brukbar stand gjekk om bord som mannskap. Ivar Vatnøy som skipper, Ola Blidensol som maskinist - og dekksmann vart hyra inn. 

I fleire år vart "Hiserøy" brukt i fraktefart og var elles ute på fiske m.m. Fylkesbaatane nytta også "Hisarøy" til passasjertrafikk til Bergen etter storhelger som påske og pinse når Nordfjord- og Sognebåten var fullsett. Mange reisande var glade når dei fekk stiga om bord i "Hisarøy" på Skjerjehamn etter at dei store båtane segla forbi fullasta til byen. 

"Hisarøy" vart seld til Ivar Hjartholm i Brekke. Båten vart bl.a. nytta i laksefarten på Sogn og var på størje og sildefiske elles i året. Namnet på båten vart då "RISNEFJORD". 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal