Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                    
Minner frå krigsåra i Rutledal
Forfatter: Asbjørn Rutledal
Publiseringsdato: 30.08.2004

Foto: Scandion.

Under 2. verdskrig tok tyskarane seg veldig sterkt til rette. I Rutledal sette dei mellom anna opp kanonar i nærleiken av gardshusa, der dei heldt vakt mest døgnet rundt. Asbjørn Rutledal fortel: 

Frå krigen minnast eg ein del sjølv om eg er -33 modell. Dette er nokre av mine første inntrykk og heilt utanom det vanlege. 

Tyskarane kom til Rutledal etter invasjonen. Vi hadde høyrt om bombing og krigshandlingar rundt om i landet. Me flytte heimanfrå, låg i telt oppe under fjellet nokre netter, og hadde samla ein del mat som var gøymt der. Så ein dag kom der ein flåte med marinebåtar og ein rutebåt, "Haus", til kaien i Rutledal. 

Soldatane spredde seg fort rundt i bygda på leit etter våpen og anna militært utstyr. Dei fann nok mykje bortgøymde ting, men dei gjorde ikkje noko med det. Eg fekk behalde luftgeværet mitt endå det smalt når korken spratt ut. 

Bilete under: Tysk offiser utanfor telefonstasjonen i Rutledal 1942/43. Tyskarane okkuperte huset under heile krigen. På lemmen installerte dei også ein eigen telefonsentral. 

Tyskarane tok seg veldig sterkt til rette både i og rundt bygda. Dei sette mellom anna opp kanonar i nærleiken av gardshusa, og der heldt dei vakt mest døgnet rundt. 

Når folk skulle ut etter at det blei mørkt, måtte dei bruke blenda lykter, ja blenda måtte folk over alt der dei gjerne måtte gjere arbeid på kveldstid, eller lese aviser etc. i stova om kveldane. 

Tyskarane plasserte eigne dyr i fjøs og stallar heime hos Sigvard Rutledal, slik at dei sjølve måtte flytte på eigne dyr. Blandt anna to Ardenna-hestar kom dei med til Rutledal etter å ha hatt dei i "pensjon" på Tveit ei tid. Hestane heitte Klaus og Lotte, og Klaus hadde fått operert inn kunstig pusterøyr på grunn av ein sjukdom, og ein kunne høyre det lang veg når hesten var i kjømda. 

Eit par tyske soldatar budde nær garden, og dei blei gradvis akklimatiserte i familie- og bygdelivet. Den eine, Andreas, fekk vanskar med offiserane og vart sendt heim for å gjere teneste på Austfronten. Men etter at krigen var over, kom Andreas med familien sin fleire gonger attende til Rutledal. Og fleire andre av dei unge tyskarane som kom til Rutledal som vernepliktige, vitja bygda og kjenningane sine der etter at freden var ein realitet i 1945. 
 
 
 
 
 

   
RUTLEDAL - episodar i samband med tyskartida 
Mange av dei tyske soldatane ville gjerne ha kontakt med bygdefolket, men det var ikkje alltid like enkelt. Likevel - der var ein tyskar som greidde dette betre enn mange andre. Han lærde seg norsk, vanka på kaia og i butikken og det varte ikkje lenge før han var komen i god kontakt med mange. 


Maximillian Leopold Kautz

Namnet hans var Maximillian Leopold Kautz - den gongen 26 år gammal. Men unge Kautz kom under mistanke hos sine overordna, ting kan tyda på at han blei forflytta av den grunn. I alle fall greidde han seg gjennom flokane, fann lykka i form av ei dame oppe i Sunnfjord, og rømde til Sverige i lag med henne i 1943. 

Offiseren Max, som rømde over til Sverige saman med kjærasten sin frå Korssund, vart godt kjend med folk i Rutledal. Dei seiest at han blei flytta over til festninga på Lammetun. Han sat ofte i stova heime hos Sigvard Rutledal. Der var det varmt i kalde vinterkveldar. Han hadde eit uallminneleg godt lag med born, så det var leitt å lese om han seinare i samband med rømminga til Sverige. Boka "To levande og én død" fortel inngåande om dette. 


Oberstløytnant Burt.

Ein tysk offiser, oberstløytnant Burt, var spion for dei allierte. Han vart arrestert i Rutledal og seinare avretta i Bergen.

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal