Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

 
Distriktslækjar Hallvard Natvik
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 06.03.2006


Hallvard Natvik

Hallvard Natvik var ein godt likt lækjar av folket dei åtte åra han gjorde teneste i Gulen. Det var ingen åtte-timars dag og ingen fast kontortid kvar dag. Ute i distriktet låg gjerne nokon som trong lækjarbesøk, det var store avstandar å dekke og det kunne ofte haste. 

Doktorbåten "Jan" med Jon Hellesund var stadig på farten med å bringe Natvik fram til dei sjuke. Han fann fram mellom holmar og skjer og inn på vikane så nær pasienten dei kunne kome. Hellesund var nok i si tid den som kjende farvatnet rundt dei farlege fluene i Gulen best av alle og han var på alle måtar ein trygg båtførar. 

Ikkje berre i helsesektoren 
Distriktslækjar Natvik var aktiv motstandsmann i krigsåra 1940-45. Han var områdesjef for Heimestyrkane og organiserte hjelp for mange som måtte flykte over til Shetland. Agentar som kom frå England var ein del av dei illegale oppdraga han var involvert i. Lensmann i Gulen, Jakob Eikenes, saman med Toralf Sande i Eivindvik var også med på å hjelpa dei som var ettersøkte av Gestapo. 

Taktisk operasjon 
Natvik skaffa seg ein byggjetomt frå bøndene i Øvre Austgulen i området Steinsdalen nær Austgulstølen, der Bjørn West styrkane hadde etablert seg i 1944. Hvis det kom til trefningar med dei tyske styrkane, - så skulle lækjar Natvik trå til. Avtalt med Milorg. 

Klipp frå lokalhistorie, både Gulen og Solund fortel historier om dette arbeidet. 

Markerte seg sterkt i Gulen i krigsåra 1940-45 
Motstandsrørsla hadde sine kontaktpersonar i dei fleste kommunar, og i Gulen var det i første rekkje distriktslækjar Hallvard Natvik og lensmann Jacob Eikenes i Eivindvik. For desse var nok Jørgen Birknes på Hille ein god medhjelpar i arbeidet med å få etterlyste vestover til Shetland. 

Jørgen Birknes hadde nemleg mange gonger "rømlingar" buande i heimen sin på Hille. Desse var ettersøkt av Gestapo for illegalt arbeid av ymse slag, og då var det tvingande naudsynt å kome seg over havet til Shetland. Øyfolket på Vestlandet gav slik hjelp så langt dei rakk. 

Jørgen hadde mange fårefulle turar med reketrålaren "MYGGEN" når han skulle få dei ettersøkte vidare nordover til Solund. 
Der var det i krigsåra mange utfartsstasjonar og radiooperatørar som formidla henting med ubåtjagarar og MTB-ar frå Shetland. Heime på Hille hadde han også radio, innfelt i husveggen, og det vart dagleg lytta på sendingar frå London. 

Skyssar av Milorg- og Linge-folk 
Om desse karane som dei hadde i dekning i Drengenes, lyt forteljast at den eine, Tor Wangen, vart skyssa til dr. Skaug av doktor Natvik i Gulen i februar 1945. Han skulle hjelpa til med Milorg-arbeidet i Leikanger og Sogndal. 


Motorbåten til lensmann Mathiesen, Solund. 

Wangen budde hos Mathiesen 4-5 døger før det gjekk i orden med tur til Sogn. Det var slik at Sverre Takle, som hadde drive fiskerute på Sogn under krigen, tok den turen i lag med Mathiesen (lensmann i Solund). Fyrst var dei i Utvær og lasta fin storsild, som berre var å få der den tid på vinteren. 

Til Leikanger kom dei nett etter ei stor SIPO-opprulling der m.a. hovudkontakten Olav Riise var arristera (han vart drepen). 

Då Wangen heller ikkje fekk etablera nokon kontaktar i Sogndal, laut han vera med att til Solund og vart plassert i Drengenes. Det hadde dei i bakhand frå før. Der vart han verande i 2 månader. 

---------------------------------------------------------------- 

Hallvard Natvik var ferdig utdanna lækjar i 1933 
Var privarpraktiserande lækjar på Åndalsnes, hadde fleire vikariat som distriktslækjar, m.a. i Balestrand (1936), Leikanger (1. halvår 1938) og Selje (2. halvår 1938) 
Hadde stilling på EG asyl i Kristiansand i 1935. 
Kom til Gulen frå Kirurgisk avdeling ved Haukeland sykehus, Bergen (1.1.1939 - 30.6.1940) 
Distriktslækjar i Gulen 1. juli 1940 - 30. juni 1948. 

Hallvard Natvik gjorde mykje for å få reist ein gamleheim i Gulen, og både han og kona hans vart æresmedlemer av Gulen Sanitetslag. 
Døydde i Volda i 1989. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal