I farlege oppdrag over Nordsjøen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 16.05.2004
Paul Kråkenes f. 1912 frå Koksøy.
Paul Kråkenes opplevde meir enn dei fleste gulingar.
Dei mest spennande åra hadde han under krigen i aktiv teneste i Nordsjøfarten
mellom Vestlandet og Shetland. Heile 48 turar i krigsoperasjon over Nordsjøen
var Paul med på. Historia er fortalt til Ingolf Austgulen av Paul
Kråkenes frå Koksøy i Gulen, og er å lese i hefte
"Mjømna og øyane" (2002)
I farlege oppdrag over Nordsjøen
- På meg vart det i alt 48 turar i krigsoperasjon
over Nordsjøen. Det var få andre som hadde så mange
turar. Kanskje hadde eg englevakt, for tapa i denne farten var store.
- Eg kom heim. Med “Hessa” kom me inn til Rubbestadneset
straks freden var kunngjort. Me skulle vidare til Bergen.
Tilfeldig var eg i byen same dag som brørne mine
kom med tog frå Oslo etter fangeopphaldet i Tyskland. Eg fekk fri
til å ta i mot dei og fylgja dei heim til Koksøy. Det var
sterkt å få møta dei, og det var sterkt og godt å
få kome heim til foreldra våre (Mathias og Johanna) og syskena.
Med ein slik 21-fots båt drog dei ut frå
Byrknesøy sommaren 1941 - med kurs for shetland.
Flukt over Nordsjøen
Her heime vart fiskebåtane tekne i bruk til Englands-farten.
Ein og annan måtte ta risikoen på overfart med mindre båtar.
Det
var likevel betre det enn å verta arrestert for
illegalt arbeid, som mange var opptekne av. Det var uråd å
veta kor lenge dei
greidde å halda tett dei som alt var arresterte.
Men det var ikkje berre å stikka avgarde heller. Avgjerda var tung,
for tyskarane tok ofte dei som var att heime som straff for den som hadde
kome seg unna.
Eg kom i den situasjonen at eg måtte venda augo
vestover. Turen vart planlagd forsommaren 1941 med den 21 fot store
motorbåten vår.
Maskineriet var ein 3,5 hestars SABB oppfyringsmotor.
Einaste overbygget om bord var motorkassa, så det var uråd
å søkja ly for sjøane - eller anna som måtte
koma over oss. Og me kom oss av garde. Med i båten hadde eg ein kamerat,
Arthur Byrknes. Lærar Harald Hundvin og jenta hans, Olava Einebærholm,
ville også vera med. Hundvin hadde også vikla seg inn i illegalt
arbeid. Han var med i ei gruppe som vart leia frå Bergen. Gestapo
hadde fått snusen i kva som gjekk føre seg, og det tok til
å brenna under føtene på mange av dei som var med.
Shetlandsbussen "Hessa" eit krigsfarty som Paul Kråkenes
hadde mange turar over Nordsjøen med i krigsåra. Det var stor
fare og spenning når båten måtte inn i fjordane og losse
våpen og ammunisjonslastene til motstandsrørsla.
Det var tydeleg at Harald og Olava sat hardt i det sidan
dei tok risikoen på å vera med i den vesle båten. Ikkje
var dei vane med sjøen heller. Me fekk montert kompas som vart korrigert
før avreisa. Midt i båten lasta me eit fat med drivstoff til
turen. Me tøffa oss vest mellom holmane og la Holmengrå og
Fedje bak oss seint på kvelden. Kursen var klar. Eg var godt kjend
på Færøyane og Shetland og kjende havet og dei rette
kursane vestover. No var det berre å vona at veret heldt. Det vesle
skalet av ein båt tolde ikkje kva det skulle vera. Harald og Olava
vart sjøsjuke. Ikkje teikn korkje til båtar eller fly. Og
berre havet hadde me kring oss då me etter alt å døma
skulle sjå land.
Uroa tok oss. Det var noko som ikkje stemde, men me visste
ikkje kva. Kvelden etter at me gjekk frå Byrknesøy høyrde
me drønn som me rekna med kom frå Norskekysten. Eg kjende
til djupnene i leia som var staka ut, og då eg lodda djupna vart
eg snart klår over at noko var gale. Etter djupna å døma
var me framleis i Norskerenna - og dermed ute av kurs. Me visste kort og
godt ikkje posisjonen, og vart samde om det einaste rette; å venda
heilt om og setje kursen mot land.
Spenninga og uroa tok tak i den vesle gjengen med Englands-fararar.
Det var heller ikkje mogleg å sova i ein så liten open båt.
Havet gjekk tungt og fekk oss til å kjenna oss små der me dansa
av garde. Motoren tok til å verta for varm. Det hadde vorte for mykje
hardkøyr for den vesle SABBEN. Farten måtte ned. Å tøffa
inne i skjergarden på fiske og småturar var noko heilt anna
enn nordsjøfart i time etter time, dag etter dag. Me måtte
stogga motoren, skru maskina frå kvarandre å pusse og skrape
ramlagra. Båten låg på rek midt på havet i mange
timar. Då motoren endeleg starta måtte me gå med sakte
fart.
Så var landet der. Utsira fyr var det første
me såg. Med sakte fart gjekk det mot land - rett mot ein tysk festning
under bygging. Det nytta ikkje å få panikk. Truleg var det
storleiken på båten som berga oss. Tyskarane hadde vel ikkje
tanke for at ein så liten farkost hadde tenkt seg til England. Det
vart verkstadopphald for båten. Ramlageret var brent og måtte
skiftast.
Harald Hundvin og Olava måtte på land snarast
og koma seg vekk. Dei for landevegen til Bergen og vidare til Byrknes -
den einaste staden dei kunna dra til. Me to som var att fekk reparert motoren
og seig nokre dagar etter inn Koksøysundet.
Men kva var orsaka til at vi hadde kome ut av kursen vestover
i Nordsjøen. Det var oljefatet som vart lasta om bord i den lille
båten etter at kompasset var korrigert før avreisa frå
Byrknes.
Dei to passasjerane våre var komne til Byrknes då
me kom. Men no hadde folk teke til å snakka. Rykta gjekk. Me var
i høgste grad samtale-emne om dagane, og kjende oss svært
så utrygge og redde for kva som kunne skje. På Byrknes kjenner
alle kvarandre og veit kva som rører seg på sjø og
land. Vart me tekne var utfallet sikkert. Englandsfart eller forsøk
på røming vart straffa med døden.
Me måtte planleggja ny tur med større båt.
Fleire folk kom til som skulle av garde, frå Nordhordland og frå
Bergen. Saman med ein kamerat fekk eg oppdraget med å skaffa båt.
Med SABBEN for me inn i Gulafjorden, til Haveland. Der snakka me med Henrik
Haveland som eigde skøyta “Havblink”. Det var ei prektig skøyte
med god motor og som gjorde god fart. Eigaren hadde god røynsle
frå sjøen.
Me fekk ja til overfart. Han skulle ta turen over Nordsjøen
og heim att som om ingen ting hadde hendt. Karane som venta spente på
resultatet av turen vår kjende seg letta. Endeleg skulle me sleppa
frå. Me låg i Koksøysundet og venta då skøyta
kom utover. Men kva hende?
Gleda over snart å vera på veg vestover tok
ein brå ende. Henrik Haveland hadde kome til at han likevel ikkje
torde ta risikoen. Båten hans gjekk i rutefart på fjordane.
Skulle noko skje, enten på turen vestover eller ved at tyskarane
fekk greie på at båten var borte, då ville det få
store fylgjer for Haveland og mannskapet hans.
Skøyta for, og me måtte berre koma oss derifrå
- nokre til gøymeplassar inne i fjordane, andre heim til ei ny og
verre ventetid. Det var fæle dagar.
Med gavlbåt frå Værlandet
Kort tid etter vart ny røming organisert, denne
gongen frå Værlandet. Der skulle me gå om bord ved ein
holme med namn Håsteinen. På ein dag var alle flyktningane
som skulle over til England samla. Nokre av dei som hadde prøvd
seg før hadde søkt andre vegar, medan andre og nye var komne
til.
Avreisedagen kom med nordavind. Ut på kvelden stilna
det og me gjekk om bord. Dette var ein liten gavlbåt som heitte “Soløy”
og høyrde til handelsmann Brosvik der ute. Båten hadde overbygg
framme med ein liten lugar. Bak styrehuset er gavlbåtane opne for
å gje plass for nota. Her rigga me til ein presenning mot sjøsprøyt
og kulde.
Me skulle over Nordsjøen. Me var 27 personar i
alt - begge kjønn. Frå Byrknes var - i tillegg til Harald
Hundvin og Olava Einebærholm - søstra til Olava, Emilie, og
Endre Byrknes. Fleire var frå Bergen, mellom dei Hysing-Dahl (seinare
stortingspresident) og kaptein Kvinge (Linge-kompaniet).
Arthur Krossøy frå Austrheim førde
båten. Han hadde god røynsle frå utanriksfart. Med den
lasta han hadde no var det langt frå nokon fisketur han skulle på.
Det vart langt frå nokon god tur vestover. Med rikeleg brennstoff
og mange passasjerar om bord låg båten tungt i sjøen.
Å få det heile til å fungera med så mange om bord
var ikkje lett. Me sat som sild i tønne og låg som sardiner
i boks. Sjøen slo inn over båten og presenningen bak, og då
kom det nok ein del ulydar frå dei som hadde ly der.
Men føraren var roleg. Han let seg ikkje merka
med noko. Etter uttrykket i andletet hans var alt under kontroll. Blant
passasjerane var det ein god del sjøsykje og manglande matlyst.
Likevel rådde optimisme. Redsla for å verta tekne av tyskarane
minka etter kvart. Det gjekk ei heil natt og ein heil dag fram til klokka
23 før me kunne byrja å vona på landkjenning. Før
midnatt såg me land klårt. Det vart gledeshyl blant den slitne
gjengen i den vesle båten.
Vel framme på Shetland
Etter ei ny natt med roleg søvn gjekk me ned på
kaien for å sjå til båten vår. Men der var ingen
båt å sjå. Han hadde gått til botnar. Det synte
seg at han hadde ikkje tåla påkjenninga med dei krasse sjøane
over det lange havstykket. Men båten hadde gjort ei god gjerning
for oss alle. Me kjende oss langt tryggare no enn heime.
Så tok me farvel med Shetland. Ein større
rutebåt, "St. Magnus", tok oss med til Aberdeen i Skottland. Der
frå vart me sende med tog til London der me vart fordelte. Stridande
vart sende til aktiv teneste, marinen, hæren eller handelsflåten.
Andre vart sette til administrative oppgåver. Kvinnene vart overførde
til stasjonar der dei norske var stasjonerte. For fleire av oss som søkte
hæren vart det no krigsskule på ny, og det var noko anna enn
me hadde vore gjennom på Voss tidlegare år. Rekruttskulen låg
i Skottland, og der var det tøffe saker med forsering av piggtråd,
åling i gjørme, vassgraver med meir.
Med i Kompani Linge
Då Arthur Byrknes og eg var klare til teneste kom
det spørsmål om me ville gå inn i kompani Linge. Sa
me ja til dei fårlege oppdraga i “sjøgjengen”, måtte
me ha kommando-opplæring. Etter ein mildt sagt hard krigsskule skulle
me - attende til Noreg.
Turane på den tida var med skøyter. Eg vart
med “Arthur” som seinare var med i filmen om Shetlandsgjengen. Førar
var Peter Salen, ein leiar eg hadde på mange av turane over Nordsjøen.
Han heldt seinare fram på Shetlands-bussen “Hessa”, og var ein svært
dugande sjømann og båtsjef
Me skulle føra våpen, ammunisjon og anna
til øygarden på Vestlandet; utstyr som skulle brukast mot
fienden når invasjonen i Noreg skulle ta til. Første turen
til Vestlandet gjekk bra. Me kom til Solund og la oss til i ei bukt der.
Så var det å få tak i hjelparar på land, folk som
var viljuge til å lossa og ta vare på den verdfulle og farlege
lasta.
På Husøy fekk me kontakt med handelsmannen,
ein mann eg kjende frå før. Sønene Per og Harald var
med på oppdraget.
Men å finna den rette lagringsplassen var ikkje
lett. Eg for like godt over Sognefjorden i ein liten båt for å
spørja om bror min på Koksøy hadde ei løysing
på problemet. Han såg ingen utveg, men både han og den
andre broren min kom over til Husøy for å hjelpa til.
Den korte tida eg hadde heime minnest eg nok så
lenge eg lever. Det var stor glede blanda med indre uro og otte for det
farlege oppdraget me hadde. Det var ein otte som synte seg ikkje å
vera overdriven... Den dyrebare lasta vart lagra i ei fjellhole på
øya Begla ved Indrevær i Solund. Me hadde ei kjensle av ein
vellukka tur då me endeleg kunne stikka til havs att.
For meg og mange andre vart det mange skøyteturar
over Nordsjøen i året som kom. Med “Andholm" frå Nordland
- ein båt på om lag 70 fot - var eg med over Nordsjøen
9-10 turar, og det gjekk godt på desse turane. Føraren på
“Andholm” heitte Nesse og var frå Nesefjord i Solund. Etter kvart
gjekk så mange skøyter ned og så mange av våre
kom bort at skøytetrafikken måtte takast opp til revisjon.
Beste kameraten min, Arthur Byrknes, kom bort på ein slik tur. Me
leita i over åtte dagar for om mogleg å finna dei, men til
ingen nytte.
Når me hadde permisjon samstundes var me to Byrknes-gutane
saman. Me tala om heimtur, om freden, om det harde livet som no var ein
del av oss. Men me hadde ikkje noko val. Me måtte ta vår tørn
og vona det beste.
Ein annan med tilknyting til Gulen, og som eg sette mykje
pris på, var Sigurd Fivelsdal. Han kom med i Nordsjøfarten
berre 16 år gamal. Finare unggut, ven og kampfelle fann ein ikkje.
Han var hjelpsam, synte mot, ansvar og ro i alle situasjonar. Skøytene
over Nordsjøen hadde berga mange frå klørne til gestapo.
Første turen vår til Solund førde
diverre til arrestasjonar. Særleg var det hardt for familien min,
det same for dei på Husøy: sønene til handelsmann Henriksen,
Per og Harald. Desse to, pluss brørne mine Johan og Georg, vart
henta av gestapo-skøyta og sett i fangeskap - først i Noreg,
så i Tyskland. Det var nære på dei miste livet i konsentrasjonsleirane
der.
Heider for krigsinnsats
I England under krigen fekk Kråkenes St. Olavs
medalje med eikelauv. I Noreg - då freden kom - vart han tildelt
St. Olavs medalje med to eikelauv, kong Haakon 7. medalje, og deltakarmedalja. |