Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                     
Den Trondhjemske postveg og kulturminna langsmed
Forfattar: Gulen kommune
Publiseringsdato: 20.02.2001

Det var den Kongelege resolusjon av 13. mai 1785 om regelbunden og vekefast postføring mellom Bergen og Trondheim som låg til grunn for bygginga av Den trondhjemske postveg (Bergen-Molde-Trondheim). Ruta kom i gang i 1786 og det fyrste postopneriet i Gulen, på Eide, vart skipa i 1787. 

Posten skulle førast fram med hest, slik at det måtte ryddast brukande ridevegar, og rundt 1790 var postvegen gjennom Gulen ferdig. 

Den fyrste tida vart bruer og klopper over bekkar og elvar laga i tre - seinare vart bruene bygde i tørrsteinmur. Frå Lindås i sør vart posten rodd over Fensfjorden frå Fonnebost til Naustvågen (Postvågen).Vidare gjekk postruta langs Steinsvatnet og fram til postopneriet på Eide inst i Eidsfjorden. Posten vart også rodd over Steinsvatnet, eller transportert over isen om vintrane tillet det. Frå postopneriet på Eide til Nordgulvågen vart posten frakta med båt, og derifrå gjekk postruta langs postvegen gjennom Nordgulen, over Rutledalen og ned til Rutledal poststasjon i nord. Frå Rutledal vart posten ført med båt over Sognefjorden til Hyllestad. 

Me kan i dag gå postvegen frå Nordgulen til Stølsleitet (eit stykkje ovafor Rutledal), men me må fylgje Rv 57 eit stykkje langs både Synste og Nordre Nordgulvatn. På strekninga mellom Naustvågen og Eide kan me fylgje postvegtraséen frå Naustvågen i sør og fram til vegkrysset ved den kommunale vegen til Halsvikvågen. 

Den trondhjemske postveg i Gulen går over fleire vakre bruer. Trangebrekke bru, som går over Trangeelva som renn ned i Nordre Nordgulvatn, er ei restaurert 26 alen lang steinbru. I fylgje sagnet har Gjest Baardsen gøymt både sølvty og myntar i steinmuren i brua. Sætrebekk bru går over innlaupsbekken i nordre delen av Synste Nordgulvatn. Bruhaug bru er 64 alen lang og den lengste brua langs postvegen gjennom Gulen. Ho ligg ved utlaupet til Synste Nordgulvatn. Steine bru vart diverre øydelagt av at brukara vart fylte att med stein i samband med bygging av skogsveg. Men landgangen i Naustvågen, som går om lag 12 meter ut frå land, ligg der enno som eit minne om dette sambandet mellom nord og sør langs kysten vår. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal