Prestegardstien i Eivindvik og kulturminna langsmed
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 15.02.2001
Foto: Scandion
På vandring langs Prestegardstien som omkransar
den gamle prestegarden i Eivindvik, kan me sjå ei rekkje små
og store kulturminne- heilt frå vikingtida og fram til våre
dagar.
Bildet syner den angliske steinkrossen i krossteigen.Krossen
er omlag 1000 år gamal, og truleg er den sett opp av ein av dei norske
misjonskongane.
Ved Prestekaia finn du Herresalen. Den vart sett opp
av Prost Niels Griis Alstrup Dahl i 1819, og var hans bustad.
Vidare finn du den mektige prestegardsmuren (1,5 km)
Muren stod ferdig i 1825, og gjerda inn heile innmarka på prestegarden.
Den keltiske krossen ved kyrkjegardsporten er frå
tidleg kristningstid for omlag 1000 år sidan. Borgstova, rett nedom
kyrkja, er nok det eldste huset innafor området som før var
prestegarden i Eivindvik. Truleg frå 1500-1600 talet.
På vandringa langs Prestegardstien som omkransar
den gamle prestegarden i Eivindvik, kan me sjå ei rekkje små
og store kulturminne - heilt frå vikingtida og fram til våre
dagar:
Ved Prestekaia ligg Herresalen som Prost Niels Griis Alstrup
Dahl sette opp som sin bustad i 1819. Att med huset, som er bygd i nyklassisistisk
(empire-) stil og var prestebustad fram til 1902, ligg den monumentale
prestekaia og kyrkjetrappa - i si tid det naturlege knutepunktet for trafikken
til og frå bygda. Herfrå kan me ta til på vandringa opp
til og langs med den mektige Prestegardsmuren som stod ferdig rundt 1825
og som gjerda inne heile innmarka (1,5 km) på prestegarden.
Me passerer -Kjørslevegen- til Vassverket som tek
av her, og som vart nytta til å frakte brenselet til gards. I dag
er denne gamle vegen ein fin tursti.
Frå øvst i Krossteigen har me utsyn til den
angliske steinkrossen i Krossteigen. Han er omlag 1000 år gamal og
truleg sett opp av ein av dei norske misjonskongane. Me ser og det kvite
huset i Fonnevika - nede ved sjøen på Fonna - på andre
sida av Prestesundet. Dette vart bygd i 1814 av prost Dahl som eit døme
på god byggjeskikk, men er sidan mykje endra.
Fleire stader i Prestegardsmuren kan me få auge
på restane etter gardflorane (fjøs) som var til bruk for husdyra
vår og haust.
I dette området finn me også Prestveita, den
lengste av dei underjordiske grøftene frå steinmuren og som
munner ut nede ved Prestekaia.
Den keltiske krossen ved kyrkjegardsporten er frå
tidleg kristningstid for om lag 1000 år sidan.
Borgstova, rett nedom kyrkja, er nok eldste huset innafor
området som før var prestegarden i Eivindvik. Huset, truleg
frå 15-1600- talet, er ein ombygd prestebustad og har vore nytta
til alt ifrå omkledings- og matrom for tilreisande kyrkjefolk til
konfirmantundervisning. |