Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

     
Redda etter 17 timar på skjer
Forfatter: M.B
Publiseringsdato: 04.11.2002

Det var ein laurdag den 4 feb. 1989. Eg og far min skulle ut på sjøen for å dra nokre torskeruser som me måtte berga inn i lunare farvatn pga. dårlege værmeldingar. Det var begynt å blåse frå sørvest, og sjøen (bylgja) var begynt å bli stor då det hendte. 

Heilt oppi brota på eit skjer fekk me tau i propellen, og båten vart kasta på skjeret med stor kraft, slik at sida vart slått inn. Skjeret låg heilt nede i flomålet, så det var sleipt. Ingen kunne bli der når sjøen flødde opp. 

La på sym - med far sin i tau på slep 
Me prøvde alt. Å sette fyr på dieseltanken, å finne noko til å flyte på osv. Men einaste løysing var å prøve å symje over til eit større skjær (liten holme) ca. 250 m borte. Det var 3-4 grader c i sjøen, og med ein far som ikkje kunne symje, var sjansane ikkje så store. Men det var betre å drukne enn å døy utan å ha prøvd. 
Eg fekk surra ei avlang blåse fast til bringa til far min. Ei åre med to små kuler i kvar ende og eit tau i, skulle fungere som slep. Tauet surra eg rundt livet. Far min held seg fast i åra, og så var det berre å slengje seg med ei stor bølgje som feia over skjæret. Eg var iført boblekjeledress, oljehyre, støvlar og klede under kjeledressen. 

Far min flaut godt, heldigvis, men eg var kun oppor i bølgedalane (det føltest i allefall slik!). Omsider kom me oss bort til den vesle holmen eg hadde sikta meg inn på. Det bles sterk kuling til liten storm, og det skumma i kvitt sjødrev der me skulle i land. Me kom oss velberga i land, utmatta etter 20-25 min. i sjøen. 

Her var det berre å begynne å trakke og slå floker for å få varmen igjen. Det var no vorte mørkt og vinden og uværet auka på. 

Den natta var den verste på den vinteren og kanskje mange andre vintrar. Det tordna og lynte, hagla, bles storm frå vest med havet rett på, og sjødrevet slo over holmen heile natta. 

Redda av helikopter 
Etter 17 timar såg me endeleg redninga! Eit helikopter kom rett imot oss, berre eit steinkast oppi lufta, og.... flaug rett forbi oss! 
Der sto me i raude oljeklede og vinka! Men ikkje mange minuttane etter kom Arthur Ottesen frå Litle Kvernøy.Han var ute og såg etter oss, og vart jublande glad då han fekk auge på oss. 

Han fekk meldt i frå til helikopteret og det gjorde vendereis for å komme å hente oss. Det var ikkje mulig å komme bort med båt pga. stor sjø. 

Me vart frakta heim i helikopter og fekk oss ei varm og god dyne og varm suppe, noko som smakte utruleg godt etter eit døgn utan mat og drikke. 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Kjelde: Denne historia er fortalt til Ingolf Austgulen og henta frå heftet MJØMNA OG ØYANE. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal