Rutledal - eit viktig knutepunkt
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 26.08.2004
Rutledal har frå eldre tider vore eit viktig og
kjent knutepunkt; ikkje minst vitnar Den Trondhjemske Postvei om dette.
Seinare, særleg under siste krig, kom riksvegen mellom Rutledal og
Haveland.
Etter kvart vart vegen utvida til Halsvik og deretter
til Sløvåg med ferjesamband over til Leirvåg. Når
det gjeld sambandsliner nordover, må ein ta med ferjetrafikken Rutledal
- Rysjedalsvika, og Rutledal - Krakhella i Solund.
Postbåten for fulle segl.
Rutledal var poststasjon mellom Bergen og Molde frå
1785 - 1867. Då vart det bygd veg gjennom Nordguldalen til Rutledal,
slik at dei som kom ridande, "postkarlene", kunne koma fram på hurtigaste
og tryggaste vis.
Alt i 1787 er det opprekna sju bruer på denne vegen,
som vart ferdig i 1790. Vegen vart seinare ombygd og utbetra fleire gonger.
Frå Rutledal gjekk posten med båt over Sognefjorden,
men i 1916 kom det postbodrute frå Rutledal til Sygnefest.
Rutledal fekk rikstelefon i 1915, og brevhus kom i 1928.
Sidan 1921 hadde Fylkesbaatane rutestopp i Rutledal.
|