Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

      

            
Då Sandøy fekk riksvegsamband 
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 10.09.2004

Sundag den 8. april 1984 vart ferjelegjet på Sandøy offisielt opna. Ferjelegjet ligg i ei logn vik aust for Sandebygda, og namnet på staden er Skipavik. 


"Masfjord" er klar til innsats for Sandøyfolket. Foto: Leidulv Hundvin. 

No fyrst vart heile Fensfjordsambandet ein røyndom. Dei andre stadane, Sløvåg i nærleiken av Halsvik og Gråvik på Byrknesøy, fekk sine ferjelegje opna den 15. desember 1983. Utgangspunktet frå Lindåshalvøya er Leirvåg, og ferjestrekninga har arbeidd seg godt opp i desse få åra. Vi gled oss med sandøyfolket over utviklinga og framgangen, og ynskjer dei hjarteleg til lukke med nyvinninga. 


Ordførar Ola Byrknes skjer snora over. Foto: Leidulv Hundvin. 

Vi var med dei på opningsdagen der kvinnene frå Sandebygda og Ånneland hadde stelt til ei durabel fest i skulehuset, med matfat så store at borda mest ville brotna ned. Det var prolog og helsingstalar, og Ivar Fivelsdal held eit knekkjande godt kåseri, der han mintest byferdene frå barndomen og den fyrste ungdomstida med dei gamle båtane. 


Som ein sagakonge står ordføraren mellom folket sitt. Foto: Leidulv Hundvin. 

Men i glederusen over nyvinninga låg det óg ein vedkjømeleg tone, for no visste sandøyfolket at båten og ferja som hadde lagt til kai midt i bygda for alltid er borte. No vert det bil og ferje, og vil dei ta den vanlege sundagsturen ned på kaien, så er han tom for reisande. Eit sosialt og byggjande samvær mellom gode grannar er borte. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal