På sildefiske
Forfatter: Konrad Brandsdal
Publiseringsdato: 24.10.2002
Konrad Brandsdal
På sildefiske er soga om ungdommen frå
Brandsdal i Gulen - som møtte det harde liv på sildefiske.
Seinare, i sitt yrkesaktive liv var Konrad sjømann og reiste ute
under heile krigen (handelsflåten) før han vart tenestemann
ved tolletaten i Bergen. Konrad er no 85 år.
Så lenge det har vore fiska etter sild her i landet,
har det skifta med godår og svartår. Denne uvissa har skapt
ei særskild spenning kring sildefisket. Brått kunne rikdomen
frå havet bokstavleg tala kome veltande inn til kyststroka våre,
med mat og velstand til alle - så lenge godåra varte.
Tjue- og trettiåra var trasige både økonomisk
og på andre måtar. Det kan alle som vaks opp på den tida
vere samde i. På dei små bruka på Vestlandet sleit brukarane
hardt for å få endane til å møtast. Når
ein ungdom vaks opp og vart konfirmert tok kampen for tilværet til.
Når det då var lite betalt arbeid å få, kunne det
verte frustrerande å leva.
Ofte måtte gardbrukaren bort for å ta seg
arbeid i periodar når det var lite å gjera på garden.
Då var det ikkje bra å ha ein oppveksande ungdom, som var svolten
heile dagen gåande å slenge i dørene. Dette var eit
vanleg bilde av den tida.
På sildefiske
Hausten 1931 vart eg konfirmert og dermed vart problemet
med arbeid påtrengande. Det var ikkje problem med å arbeide
gratis på gardsbruket ei eldre syster og mannen hadde teke over etter
far, som døydde 3 månader etter at eg var konfirmert. Men
eg ville tjene pengar. Det var godt å få mat og hus, men ikkje
nok for å vera med på dei få aktivitetane som baud seg.
Eg held meg heime vinteren og sommaren 1932 og hjelpte
til på gardsbruket. Men på haustparten la eg planar om å
reise på sildefiske til vinteren. Eg fekk plass på notbruket
til Elias Wesetvik- (på folkemunne Hausevik notlag) og såg
med glede fram til å få tak i nokre kroner. Dette bruket var
det dei kalla landnotbruk. På denne tida held snurpenotbruk til å
komme i verksemd.
Dette skal bli soga om kor ein ungdom møtte det
harde livet som dette var. Det var som regel rett etter nyttår ein
skulle møta fram. Men det var ein tendens til at silda kom tidlegare
for kvart år. Noteigarane vart alltid nervøse når det
tok til med sildesyner, som dei kalla det.
Denne vinteren fekk eg beskjed om frammøte 3. juledag.
Me reiste deretter ut til Solund, til Hjønnevåg, og la oss
til. Det samla seg mange bruk etterkvart for å vente.
Me var to mann som vart uttekne til lettbåtroarar.
Kokken, og me to fekk, fekk plass i lugaren framme saman med eigaren (basen)
og hans nestkommanderande Martin, som var son hans. Dei andre folka låg
i rommet der det var laga til med køyer.
Kvar morgon var basen tidleg oppe og såg etter sildesyner.
Det var helst om måsen var særleg hissig utover sjøen.
Lettbåtroarane hadde som einaste oppgåve å
ro ein av sjefane ut for å lodde etter silda. Dette gjekk føre
seg slik at ein svært tynn streng med eit blylodd i enden vart ført
ned i sjøen. Når silda, som kom i store stimar, rende mot
strengen, kunne basen med lang røynsle avgjere kor mykje sild der
var i stimen og kor djupt den sto.
No vart det slik at silda kom ikkje so langt nord. Etter
3-4 veker vart det å reisa heim utan at vår not kom i sjøen.
På den tid hadde brukseigarane eit system med avtalar
med andre bruk frå Florø til Stavanger. Dette vart kalla fastelag.
Systemet var ein slags kollektivforsikring. Me hadde avtalar med fleire
lag nedover kysten. Det året tok silda land sør for Gulen
og nedover til Haugesund, og der vart det gjort nokre gode kast. Då
opp - gjeret kom utpå våren viste det at me hadde fått
del i fangstane sørafor. Men når alle utgifter til bruket
og kostpengane var trekte frå - vart det null pengar til fiskarane.
Dette var hardt å svelgja, særleg for meg
som hadde min fyrste tur og hadde alt for store voner til inntekter. Sjølvsagt
var det vonbrot for alle.
So var det attende til slitet på småbruket
i Brandsdalen. - Men pengar skulle eg ha tak i. Det vart som gardsdreng
på Dale i Dalsbygda den sommaren. Men det er ei anna soge.
Neste vinter hadde eg også plass med Hausvik sitt
bruk. No vart me kalla til møte 8 dagar før jul. Notbasane
hadde fått visse meldingar og vart nervøse. Me fekk reise
heim att for juledagane, men mellom jul og nyttår låg me på
ei bukt ein stad nord for Mjømna.
No kom silda inn. Eg var ikkje lettbåtroar dette
året, og var dermed plassert i rommet. Der var det montert fire breie
køyer der me låg to mann i kvar køy. Langs midten,
var der plassert eit langt bord der me sat og åt måltida.
Når me låg der med fartyet, lossmenta som
det vart kalla i denne samanhengen, var det ikkje so mykje å ta seg
til. Så lenge der ikkje var noko aktivitet mellom måsane, dei
sat berre rundt på bergnabbane og glodde tomt ut i lufta, var det
inga meining i å ro ut og lodde etter sild.
Var det noko lesestoff ombord gjekk det frå mann
til mann og vart nidlese side opp og side ned. Nokre spela litt kort, men
dei vart då trøytte av det óg. Ein og annan gong tok
me ein tur i land for å strekkje beina. På Hjønnevåg
var det berre knausar og rabbar,- og eit og anna hus nede i eit søkk.
Me ungdomar fór rundt og såg etter jenter, men det var skralt
av det slaget å sjå. Dei held dei vel innandørs når
hamna var full av nothundar.
Eit kjærkommen avbrot var ein tur til Kolgrov for
å hente proviant og ymse til fartyet. Det var slik at eigaren skulle
halde kosten til mannskapet. Vart det fiske- trekte han kostpengane frå
luten. Vart det bomtur måtte han bere tapet sjølv. Ein annan
dag måtte eit par mann avstad for å hente drikkevatn. Vasking
var det skralt med.
Levetilhøva på slike lossement på trettitalet
var ikkje mykje å skryte av. I dag hadde del vel vore bort mot straffbart.
Toalett var eit framandord som få hadde høyrt om. Rundt om
på landsbygda var utedassen på mote. Når ein trengde
til det var det å ta ei bytte (pøs) med sjøvatn, gå
opp i styrehuset og gjere unna det som var turvande. Grei skuring.
Båtane på veg for å søkje etter
sild. Å ro notbåtar stilte krav til styrke og god erfaring.
Fyrste året fekk eg, som nemnt, vere i lugaren saman
med gubben sjølv og bror hans. Som lettbåtroar skulle me vere
lette å få tak på om me skulle ut og lodde.
Dertil var kokken der. Det vart nokso trangt i det vesle
rommet. Byssa (komfyren) sto ogso i ein krok. So var det proviantskap der
me hadde dekketøyet. Eit lite bord midt i rommet. Køyene
på kvar side var so smale som penal. Då eg var med året
etter måtte eg ligge i rommet saman med alle dei andre. No fortona
lugaren seg som luksus. Eg har vanskar med å minnast kor mange me
var der i lasterommet. Det var montert køyer på kvar side.
Desse var breie slik at to mann låg i kvar køy. Homse var
ikkje på mote den gongen, so dette gjekk bra. Eg trur me var 4 eller
6 mann som heldt til der. Stort sett var det vanlege folk. Nokre var gifte,
men det var og nokre ungdomar.
Det var ein som skilde seg ut. Det var sagt at han hadde
vore sjømann og det kan eg godt tru. Han var vel kring 40-50 år
- stor og kraftig. Han kom ofte med komiske utsagn. Nokre av karane meinte
han hadde ugreie i tankebanane. Eg tykte det var moro å høyre
på det han sa. Sidan eg hadde eit sug etter å kome meg ut til
sjøs nytta eg ofte høve å spørje han ut om livet
der ute. Eg kan framleis hugse eit par av hans utsagn som igrunnen var
treffande. Når nokan sa at ein var dum,- sa han følgjande
visdomsord: -Nokon må være dumme slik at klokskapen til dei
kloke kan lyse.
Når nokon ægla kvarandre og til sist sa :
-på seg sjølv kjenner ein andre, hadde sjømannen dette
: - på seg sjølv kjenner andre ein når loppa kryp over
magen. Enkle og gode sanningar.
Ellers held Wesetvik god desiplin på fartøyet.
Dersom det brygga opp til alvorleg krangel greip han straks inn og roa
ned. Det var vel ikkje til å unngå, når so mange mannfolk
var trengde saman under premitive tilhøve.
Når eg tenkjer attende på desse og andre dramatiske
hendingar i livet,- har dei vel gjeve ei ballast i tilvære som mange
av generasjonane etterpå ikkje har fått med.
Då silda no var på veg inn, vart det svært
til røre mellom notfolket. Basen for tidleg ut med lettbåten
og lodda. Eigaren vart brått som ein hærførar som kommanderte
og skreik som om verda heldt på å gå under. Nota vår
låg i gavlbåten fint opplagd. Presenningane som hadde dekka
over vart teken bort. Alt vart gjort klart for å få nota i
sjøen. Gavlbåten var tverr i enden med ein rull montert tversover.
Maskinisten varma opp motoren og fekk start. Båten vart manøvrert
utover og lagt i possisjon for kasting . Det same gjorde alle dei andre.
So låg me der og dreiv og venta. Det var ein nervøs stemning
over alle.
Dei som lodda kom nærare og nærare bukta -
og det var lett å sjå at basane var klare til å la nota
gå. Dei hadde sikkert avtale
om kva rekkefølgje det skulle gå føre
seg. So, på eit eller anna signal, gjekk fyrste nota i sjøen
og dei andre fylgde etter. Basane skreik og banna, svinga med armane og
hoppa i båten. Dei sto til og med oppe på toftene. Vår
not gjekk også i sjøen, og so vart det å laga bråk
og spetakkel for å skremme silda innover. Me brukte -Skimmel (ei
bordplate med bly i enden - sjå bilde) som vart ført opp og
ned i sjøen. Dette held på til sildestimen var trengt opp
på ei vik der stenget skulle stå. Det vart sett sikringsnøter
utanfor for at ikkje stimen skulle sprenge nøtene. So rodde nokre
inn i stenget og lodda. Desse røynde karane kunne då med bra
tryggleik sei kor mange 100 hektoliter sild me hadde fanga.
Silda måtte stå nokre dagar før ho
vart teken opp. Dette for at meste parten av mageinnhaldet gjekk ut. Ein
dag ankra ein stor tysk dampbåt opp eit stykke unna. No tok slitet
til med å fylle notbåtane med sild, og gå til sida av
fartyet. Det hadde med tomme sildekassar og is, og alt vart stua på
dekk. Der var med norske gjengar som skulle fylle kassane med sild og is
og spikre dei til.
Ein kasse tok ein hektoliter. To mann stod klar når
hivet kom over rekka og tømde i kassen. Ein la ei skyffel is på
og 2 karar spikra kassen i kvar sin ende. Deretter gjekk kassen i rommet.
Og det skal vera vist, dette arbeidet gjekk unna. Nede
i notbåten vassa me til langt opp på låra i sild medan
me skufla opp i hektolitermålet. Det var eit hektisk liv over dette
som eg ikkje var vand med frå småbruket.
Ut på våren fekk eg tilsent ein posttilvising
på kr. 32,- og nokre ører. So var sildefiske over for mitt
vedkommande.
Bilde viser båt og mannskap tilhøyrande Sæternes
Notlag (Brandangersundet).
Gavlbåten er lasta med vintersild ca. 100 hl. og
dei ligg å venta for å losse for eksport. Tida kan vi tidfeste
til først på trettitalet - og bilde er teke i Byrknesøyane.
Personane i gavlbåten er: Frå v. Arnold Fivelsdal,
neste person budde på Hisarøy, men vi manglar namnet, Joachim
Lid, Nikolai Kalheim, Elling Lid, Harald Ånneland (Randal), Arnt
Rørtveit (ligg framfor i sildelasta)
(Vi manglar namnet på personen i båten bak
gavlbåten. Kan nokon hjelpe oss med det.?)
--------------------------------------------------------------------------
Takk til Ingolf Austgulen, som med sin store interesse
for kultur- og lokalhistorie frå Gulen, har hjelpt til med denne
historie i tekst og bilder. |