«Skrækkens dag» på Byrknesøy
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.02.2005
Mandag 11. mars 1822 raste det eit forferdeleg uvær
på Vestlandet. Vindstyrken auka raskt til orkan. Snødrevet
stod tett. Mange båtar blei kasta rundt, andre blei knust mot brenningane
nær land.
I bygdeboka for Gulen kan ein lese litt om det som hende
på Byrknesøy denne dagen, men ifølge Gjest Bårdsen,
som sjølv var med i det fårefulle redningsarbeidet, enda dagen
tragisk for mange familiar.
I Gulen omkom 23 menneske denne dagen. Mange av dei var
familefedre og mange var unge menn. Gulen og Os var dei to prestegjelda
som blei hardast ramma i tap av menneskeliv, men svært mange prester
frå Egersund i sør til Selje i nord måtte føre
inn døde i kyrkjebøkene etter hendingane denne «forferdelige
11 Martz», som presten i Kinn skriv.
Gjest Bårdsen, Sogndalsfjæren, «mestertyv»
og forfattar, har levert den mest detaljerte beskrivelsen av «Skrækkens
Dag». Han sat i arrest på Byrknesøy hos lensmannen i
Gulen, og fortel at dagen starta med moderat vind. På himmelen var
det berre nokre få skyer, slik at ingen kunne ha mistanke om at noko
dramatisk var i gjære.
Dei fleste vaksne menn på Byrknesøy gjekk
tidlig om morgonen til båtane sine og rodde ut på fiske, medan
seks ungdommar drog ut til holmar og småøyar for å skjære
lyng som fôr til dyra. Men før klokka var blitt 9 var himmelen
svart, og varsla om at eit fryktelig uvær var i anmarsj.
På linken under kan lese historia til Gjest Bårdsen,
og om andre hendingar langs kysten denne dagen - som i ettertid vart kalla
«Den galne måndagen.» Les
meir |