Størjefiske på Vestlandet
Forfatter: Bjarne Austgulen
Publiseringsdato: 03.04.2005
Bjarne er 18 år. Han ventar på å få
kome inn i militærteneste - bli ferdig, og så starte på
ei utdanning. På Furenes, i butikken, på kai og tankanlegg,
var det nok å gjere. Men utferdstrangen var sterk, lysta til å
tene pengar - store pengar, låg i tankane.
Snurpebåten "ESPHOLM"
I femti-åra hadde det vore eit godt størjefiske
langs kysten. Makrellstørje var ein god eksportartikkel. For fiskebåtreiarane
var størja velkommen, for silda var for det meste borte på
den tida.
Fleire båtar på Byrknes fangsta etter størje.
Der budde også Håkon Vesetvik, ein av dei mest kjende notbasane.
Eg tok ein telefon til Vesetvik. Han var positiv, og ville
gjerne vite kva eg dugde til i samband med båt og motor.
Motorbåt hadde eg alt lært å føre
i 10-års alderen, og med bakgrunn frå kai og båtmiljøet
på Furenes stilte eg sterkt.
- Pakk sekken din og kom utover. "ESPHOLM" (snurpebåten)
ligg klar for å gå på feltet, sa han.
Håkon Vesetvik var bas på størjebåten
"ESPHOLM" R - 56 HT. Eigarar til båten var Ole og Henrik Mæling,
to brør frå Haugesund-distriktet. Båten, med ein to-sylindra
RUBB motor, gjorde god fart - noko som betydde mykje ved leitinga etter
størje langs kysten.
Min jobb var i lettbåten, saman med Asbjørn
Bremnes frå Byrknes. Eg skulle køyre båten, kaste lina
over til "ESPHOLM" etter at nota var komen i sjøen - slik at ein
kunne ta til å snurpe inn. Som følgjebåt hadde vi "ERLING"
(Bårøykutteren), eigd av Toralf Bårøy.
Oppgåva for ein følgjebåt (slepar)
er å ta slep i bruket; hovudbåten med nota i sjøen,
og strekkje opp slik at snurpenota vert liggjande i ein stor boge.
Artikkelforfattar Bjarne Austgulen. Flymaskinist. Rang
i luftforsvaret: Kaptein.
Friskusar frå Gulen
Mannskapet ombord i "ESPHOLM" kom frå ymse stader.
Mange gulingar var med, dei fleste frå Byrknes. Knut Berge, også
frå Byrknes, var nestbas og held seg sjølvsagt nær hovudbasen
Vesetvik når kastinga var i gong. Ein annan guling eg vil nemna,
var Alf Undertun. Han var ein skikkeleg "friskus" med godt humør
som passa alle oss andre. Kokken kom frå Mongstad, heitte Kalle -
og gjekk til dagleg under namnet "Kalle frå Mongstad". Var ein skikkeleg
sjøulk - hadde vore mange år til sjøs og var ein humørspreiar,
han også.
Havdønningar fekk magen i ulage
Etterkvart blei det mange fine minner frå dette
fiske som eg hadde meldt meg på. Men også minner som eg gjerne
skulle vore forutan. Når "ESPHOLM" gjekk ut på havet, og dei
spesielle havdønningane tok tak i båten, - kom diverre sjøsyka
over meg. Var ikkje vant med slik sjøgong, der eg kom frå.
Hadde nok farta ein god del med motorbåten "PORAT" på fjordane
og over Fensfjorden - med det verste tilfelle kuling med litt rokk, og
ikkje langt frå land.
Det tok difor ikkje lang tid før eg måtte
mate krabben. Vart så dårleg at det bar beine vegen til køys
i lugaren. Der var det helst dårleg med ventilasjon og sterke lukter
av fisk og olje, men eg måtte berre bli der.
Kokken Kalle kom med mat eit par gonger, men den freista
ikkje. Var så sjuk at eg knapt nok merka at han hadde vore der. Heldigvis
såg dei ikkje størje den dagen.
Til vanleg gjekk vi til lands om kveldane. Etter denne
natta ved land kom eg meg til hektene, fekk i meg litt av maten til "Kalle
frå Mongstad", og sjøsyka var over. Eg fekk ikkje meir problem
med den.
Intenst og spanande
Vi farta mykje desse vekene langs vestlandskysten med
"ESPHOLM" og fylgjaren "ERLING"; Frå Haugesundskanten, nordover utanfor
Bergen, Fedje, Solund, Florø og heilt til Ålesund.
På ein av desse turane skulle vi prøve på
kast, og det var stor spenning hos alle ombord. Eg vart sett til å
løyse ut "saksa", som var festa til nota på dekk. Ved å
løyse ut den innretninga, gjekk nota i sjøen. Basen Vesetvik
stod framme på båten, der han hadde den beste utsikta. Så,
- full fart på båt og motor for å få snurpenota
rundt størjeflokken.
Fadesen
Basen var nøye med at ein ikkje hylte og skreik
i slike situasjonar. Det kunne høyrast lang veg, og forårsake
at andre kom i forkjøpet med kasting. Avtalen var at når han
slo ned med handa, så skulle eg dra i "saksa" og la nota gå.
Samtidig skulle han gi signal til skipparen i styrehuset når han
skulle gi full fart. Til skipparen var signalet: armen ned med sida og
"rotere" fort - eller når han ville ha sakte fart, det same - men
rolegare "rotering". Eg var temmeleg nervøs der eg stod oppe på
styrehuset. Størja såg vi, den jaga rundt og kom opp igjen
både her og der.
Brått slo basen ned med handa for å dempe
farten på båten. Eg trudde det var signal til meg om å
la nota gå overbord. Løyste derfor ut "saksa" og nota raste
ut minst 50-60 favner.
Det vart ropt : - Full fart akterover.
Så starta arbeidet med å hale nota ombord
igjen. Eit arbeid som krov både styrke og tid.
Sjølvsagt blei det ein del kjefting etter denne
fadesen. Eg beklaga, og skulda på dårleg signal frå basen
framme på bakken. Fekk støtte i dette av Knut Berge og skipparen.
Det blei ikkje meir snakk om denne hendinga seinare, men basen gjorde mykje
klarare signal under kastinga.
Denne dagen var størja heilt vill. Fleire båtar
gjorde bomkast. Når 300 favner not gjekk i sjøen - tok det
mange timar å få nota ombort i båten og plassert på
dekket. Eit skikkeleg slit for dei som måtte gjere jobben.
Snurpebåten "K.S.K" - ein myte på størjehavet.
Eigar av foto: Karsten Karlsen.
Kvar sin tørn ved roret
Det blei mykje farting langs kysten på leiting
etter størjeflokkane. Ein dag vi var sør for Haugesund, høyrde
vi på radio at det var sett størje ved Ålesund. Kursen
vart sett nordover, og etter 12 timar var vi der. Dagen etter leita vi
etter størje, utan resultat.
Så fekk vi høyre at det vart kasta størje
ved Fedje. Full fart på motoren, 7-8 timars køyring med kurs
sørover - som regel utanskjærs på slike strekningar.
Då kunne alle ta sin tørn ved roret. Kjedeleg, time etter
time. På dagtid var vi opptekne med å speide etter størje.
Den var slett ikkje var lett å oppdage når det var vind i bøljene.
Var havflata still, såg ein gjerne striper i sjølokket etter
dei. Knut Berge var fantastisk til å registrere størje under
slik fart.
"Orfjord" - her frå ein vellukka fangstdag i 1928.
Slik var det på "ESPHOLM" også når
fangsten var 276 størjer - og dei største vog ca. 300 kg.
Eigar av foto: Kåre Sandøy.
Utkik i tønna
Ombord i båten var det slik at ein måtte
"stå på", og gjere den jobben som basen forventa av deg. På
ein tur skulle eg avløyse Berge oppe i tønna.
Å entre vantet gjekk bra, - men å kome seg
opp i tønna, oppe i masta, var slett ikkje så lett. Kunne
mange gonger bli både redd og skjelven under operasjonen. Men var
ein først komen i tønna, var det lite å klage over.
Flott utsikt, men det kunne ofte bli vel mykje bevegelsar
oppe i masta. Etterkvart vart dette også ein vane, og sjølvkjensla
voks.
Vi overnatta mange stader langs kysten; Haugesund, Utsira,
Espevær, Fedje og Ålesund for å nemne nokre. Så
sant det passa, var det Byrknes ein søkte til. Her hadde dei fleste
familiane sine.
For oss som ikkje var gifte, var Byrknes heilt topp -
med mange vakre, venlege jenter. Ein skikkeleg vask, etter alle kunstens
reglar, måtte til. Kalle frå Mongstad hjalp til, og hadde det
moro på vår bekostning før vi entra rekka. Han kjende
seg sikkert igjen frå sine unge dagar frå andre båtar
han hadde vore på.
På Byrknes fekk eg ofte låne lettbåten
av basen for å dra heim til Furenes i helgane. Men så vart
eg kjend med ei kjekk jente der ute, og då dabba det av med heimlengselen,
naturlegvis.
Tidleg morgon på Fedje hamn.
Ein etter ein set båtane kursen mot størjefeltet.
Ja, det var den gong.
Foto: Alf Gullaksen.
DET STORE KASTET
Det var mandagsmorgon, ein svært fin dag - og havet
var speglande. Vi gjekk ut frå Byrknes i grålysninga for å
kome oss til feltet der størja til vanleg var å finne. Ved
middagstid var vi ved Holmengrå.
- Eg var åleine i lettbåten medan kameraten
Bremnes var ombord for å få seg mat. Måltida måtte
gå på omgang, slik at det alltid var mannskap både på
dekk og på brua.
Høg puls
"ESPHOLM" låg og dreiv. Vi hadde alle ein god følelse,
der og då. Plutseleg høyrer eg ei voldsom plasking ca 100
meter bak
lettbåten, og ser det kokar med størje.
Eg skreik ut, - og lyden rakk sikkert heilt inn i byssa. Alle kasta det
dei hadde i hendene, og kom på dekk. Basen Vesetvik var raskt på
plass på bakken, gav ordrar - og snart for nota over rekka.
Denne gongen var eg åleine i lettbåten, men
med god erfaring gjekk lina over til rett tid, og snurpinga kunne ta til.
Nota til "ESPHOLM" var heile 300 favner lang. Spenninga
var til å ta og føle på ! Hadde vi greidd å fange
størjene inn i nota, slik at snurpinga kunne ta til ? Det hadde
vi - det var eit kjempekast vi her hadde gjort.
Notlaget sin slepebåt "ERLING" frå Bårøy.
Eigar: Toralf Bårøy.
Ombordlastinga gjekk føre seg på den måten
at ein hekta to fiskar i stroppen(ane). På dekk vart dei "bløgga"
før dei gjekk vidare i rommet. Til dette brukte ein gjene øks,
og "Kalle frå Mongstad" var ein ekspert. Dei største fiskane
var heilt opp i 300 kg, "krakilske" under fangstinga, slo med sporen så
vi fekk alle prøve oss til gangs denne gongen.
Lettbåten, som eg var i, vart halvfylt under lastinga.
Alle vart skjortvåte - sjølv om vi hadde oljehyre på
oss. Men dette var
bagatellar, berre vi greidde å redde fangsten i
dette kastet.
Etter at nota var tømt og lasta var ombord, vart
fangsten registrert til 276 størjer.
Då vi kom til lands på Byrknes den kvelden,
var vi heltar. Jentene tok seg til og med ein tur på kaia for å
beundre oss, og fangsten vi hadde fått. Denne kvelden var størja
i fokus, - dei blide jentene tok vi hand om seinare i veka.
LITT HISTORIKK OMKRING MAKRELLSTØRJA
Kjelde: Størjefiske på Vestlandet - Magnus
Tangen.
I uminnelege tider har makrell-størja, også
kalla "bluefintuna" kome til norskekysten på leiting etter mat. I
Norge vart det jakta på denne fisken med både harpun og snøre
og så seinare med not. Størjefiske er eit fiske som krev gode
arbeidsforhold på havet, - med for eksempel kuling var det ikkje
lett verken å oppdage fisken eller ta den med snurpenot.
Snurpebåten "ESPHOLM"
I 50-åra var det eit svært rikt fiske etter
størje på norskekysten. Det kunne gå hardt for seg under
snurpe-kastinga etter størje på feltet. Når det vart
oppdaga størjeflokkar, - vart det sett full fart på motorane
for å kome først i kaste-posisjon.
Motorane, som hadde sin registrerte yteevne, - vart gjene,
med eit handgrep, tilført meir drivstoff til motoren slik at ein
pårekna 200 hk. - kunne kome opp i yteevne på 300 hk. Å
kome først i kasteposisjon, få nota i sjøen var avgjerande
for gode fangstar.
Det var utarbeidd reglar for snurping med not på
felta. Eks. Når eit notlag finn ein symjande stim størjer
som ikkje vert vakta av andre, har vedkomande einerett. Men stikk fisken
ned og kjem seg unna notkastet, dukkar opp ein stad i nærleiken,
- så er det notlaget som først kjem i kaste-posisjon der,
som har retten til å la snurpenota gå.
EKSPORTEN AV STØRJE
Først på 1950-åra var det ein heil
del kjøparar av størje langs kysten. Mange prøvde
seg, men dei færraste hadde erfaring og nok kunnskap til å
overleve i denne bransjen.
Med omsyn til kjøp, salg, pakking og transport
av størje, var det firmaet Halvard Lerøy AS i Bergen som
låg i teten.
Journalistar som besøkte anlegget til Lerøy
på 1950-talet var imponert over det gode og effektive arbeidet som
vart gjort frå størja var komen på kaia og til den låg
tettpakka og isa i jerbanevogner.
Firmaet Lerøy vart godt kjend med denne fisken
og fekk transportert den til Italia på 12 døgn. Frå
Nord-Norge tok det 20 dagar. Det var ein eigen teknikk å frakte størje
over lengre avstandar. Størja var ein varm fisk med høg eigenvarme.
Feilen mange gjorde, var at dei isa den medan den endå var varm.
Då smelta isen og det danna seg hulrom rundt heile fisken. Under
transporten måtte det også fyllast på med is for å
halde kvaliteten. Fram for kvar sesong vart det gjort avtale med dei land
som hadde interesse av å kjøpe norsk størje.
Gjennom avtaler vart mykje størje eksportert til
bl.a. Italia og Tsjekkoslovakia. I dei siste åra kom japanske fryseskip
til Norge for å kjøpe opp størje. Med skarpe knivar
og stor presisjon vart størja partert og pakka av ivrige japanere.
Det gjekk ikkje mange timane frå fisken var død, til den låg
ferdig pakka i fryseskipet.
I tillegg til jernbane og fryseskip, vart det også
frakta størje med fly, sjølv om den løysinga viste
seg å verte noko kostbar.
I 60-åra la mange fiskarar størjefiske på
hylla, - det vart forlite fisk til så mange notlag på vestlandskysten.
Dei fleste gjekk over til å fangste etter andre fiskeslag. Fiskarane
sjøl omtalar gjerne størjefiske som det mest spanande og
farefulle fiske på kysten. |