I teneste i Bergen før og under krigen
Forfatter: Gerda Nytun
Publiseringsdato: 19.02.2006
Då mine foreldre tok over gardsdrifta på
Rørtveit var dei ikkje åleine. Farfar døydde tidleg,
og far hadde tre ukonfirmerte sysken som han lova å ta seg av. Dei
tre hadde vel elles vorte skilde og utsette til andre. Det vart ein hard
start for foreldra mine, serleg for mor som kom som ung kone frå
Ånneland. Ho slapp sitja å lura på koss ho skulle realisera
seg sjølv, tungvindt som alt var i dei dagar.
Og familien vaks. Dei fekk tolv born i alt, med jentene
i fleirtal. Det var inga lovfesta likestilling som no, men likevel delte
me arbeidet både ute og inne.
Tidleg om våren, før våronna, var det
å ta torv. Ved sida av vanleg rivelyng var dette einaste brenselet
om vinteren. Elektrisk straum fanst ikkje. Torvtaking var hardt arbeid.
Først skulle torva spadast opp av myra i store «galtar».
Desse stakk me ut i høvelege brikker som vart lagde til tørk.
Så var det spennande med veret. God vind og sol gav beste brenselet.
Når brikkene hadde tørka ei tid «krakka»
me dei opp, det vil seia at dei vart sette på høgkant i grupper
til dei var knusktørre. Slikt lærde me frå me var små,
og då var det i grunnen fint å vera med i torvmyra om veret
var bra. Me hadde niste med oss og kokte kaffi på staden. Den tørre
torva bar me i hus i kiper; også her var det likestilling mellom
mann og kone.
Skulegonga kom ikkje rekande på ei fjøl
Eg opplevde både omgangsskule og fast skule. Omgangsskulen
var dagleg i tre veker på kvar stad. Første skulestaden min
var i Gardvika, og eg hugsar det var skule i Nyhopen. Det var langt å
gå dit gjennom utmark, men me slapp no båt. Heime hadde me
og hatt omgangsskule, men det hugsar eg ikkje. Men eg minnest langbordet
og langbenkane som me sat på når me var heime alle. Det var
ikkje ofte det hende.
Så vart det skulehus på Fivelsdal, med skule
annakvar dag. Det vart lang veg då, og me måtte skyssast. Var
veret dårleg rodde dei oss gjerne litt lengre slik at det vart kortare
veg å gå. Langt var det i alle høve - me måtte
starta før halv åtte om morgonen for å vera framme til
ni. Heim att måtte me ta lengste vegen, og me gjorde han ikkje kortare
med alt me fann på.
Når isen hadde lagt seg på slumpane seinhaustes
måtte me alltid prøva oss utpå, trass alle åtvaringar.
Eg hadde ein tresko liggande i ein slump der Gardviktjønna renn
ut. Fekk han ikkje opp att. Så fekk eg låna ein hjå Olga
Fivelsdal då me gjekk framom der. Truleg hadde dei sine urolege stunder
dei som sat heime og venta.
Det var ei heil onn med skuleskyssing hjå oss. Då
det til sist vart vedteke skyssgodtgjersle - ein svimlande sum på
25 øre dagen - hadde far og mor framleis to born i skulen. Det var
staten som betalte. Kommunen skulle betala 10 i tillegg, men dei fann ut
at det greidde seg med 25 øre.
Dersom det hadde vorte utbetalt barnetrygd den gongen
ville det vorte litt av ein sum. Me var som regel åtte-ni som ei
tid hadde alderen til det samstundes.
Småkrangling og mobbing på skulevegen førekom
nok på den tid og, men gjerne i meir uskuldig form. Me fekk mange
stygge utnamn slengt etter oss, og eg er redd for at me kvitterte nokså
omgåande. Det har lite for seg å ta opp att det me kalla kvarandre,
men eg veit ikkje om nokon som ber nag etter den tid.
Frå skulen har eg ei hending som lyder utruleg i
dag. Ein elev måtte betala 5 øre fordi han hosta så
mykje i klassen. Det var ei farsott av kikhoste som gjekk, og læraren
var sikkert lei av bråket. Den tida var det til vanleg ikkje bråk
i timane. Så truga læraren med at den som først laga
slike ulydar måtte betala 5 øre i «mulkt». Ein
av våre, som hadde temmeleg stygg hoste, måtte ut med 5 øre
-pengar han ikkje hadde. Det var tilfeldig at ein større gut hadde
pengar på seg og la ut. Læraren godtok dette. Eg veit ikkje
kor alvorleg dette var meint frå læraren si side, men i alle
høve var det mykje urettvist i skulen som aldri vart rapportert.
Lekselæringa gjekk stort sett etter puggemetoden, og me måtte
kunna ordrett både lese- og skriveleksa.
Då me skulle konfirmerast gjekk me for presten kvar
måndag heile sommaren. Me rodde to timar kvar veg til Eivindvik.
Dette var i 1927, og me hadde fått den ikkje ukjende Øystein
Hovden som ny prest. For at me skulle verta kjende med kyrkja, som presten
sa, hadde me lesetimane våre der. Me hadde så lang veg at det
var alt for sjeldan me kom til kyrkje. Men eg vil påstå at
me fekk ei bra kristeleg oppseding heime. Der var det husandakt kvar helg,
og me måtte vera med på den alle.
Hovden var ung då han kom til Eivindvik. Ein gong
me var der til konfirmant-førebuing bad han heile gjengen opp i
hagen der me fekk servert kaker og bollar. Presten var med i songleikane,
og etterpå heldt han ein dundrande tale til oss som dei visst nok
høyrde i heile Eivindvik.
Faren, Arne Rørtveit, dreiv mykje med heimeindustri.
Han laga bl.a. kiper.
Attåtnæring i heimen
Me hadde mykje husflidsarbeid heime. Dei måtte
jo verka til mykje av det me brukte dagleg. Me spann og spøta og
vov.
Hekling og brodering var finare arbeid som helst vart
gjort laurdag ettermiddag.
Søndag var handarbeid strengt forbode. For å
få litt kontantar til eige bruk, batt far halmsko. Halmen vart fletta.
Det var mor som gjorde mykje av dette arbeidet, eller dei store gutane.
Så måtte fletta klyppast og pyntast fin, og så batt far
sko som han selde til Husfliden i Bergen. Eg trur ikkje det vart mange
ørene av eit skopar. Elles batt han kiper, og det var eit langt
arbeid før produktet var ferdig.
Først kjøpte han spraken, helst frå
Fivelsdal. Han reiste sjølv dit og reiv han. Materialar til spilar
og botn kjøpte han på saga. Det var eit heilt rituale å
laga ei kipe, med flekking, bløyting og bitting. Det var mange timars
arbeid for nokre få kroner.
Gavlar til krabbeteiner batt han og, og nokre åleteiner.
Dei siste var av finare materiale; teger. Alt vart han kvitt. Austgulen
overtok og omsette alt, og så handla han dei varene me trong. Hugsar
det alltid var eit fint forhold mellom dei.
Det var ikkje lettare å gå arbeidslaus i 20-
og 30-åra enn no. Det var inga trygd, inga omskulering eller opplæring,
eller rimeleg skulegong. Ein måtte ha ei velspekka lommebok i bakhand
for å få ei utdanning. Me som var ein stor flokk som vaks opp
på ein liten gard hadde lite jordisk gods, men me fekk rikeleg av
kjærleik, omsut og opplæring til samhald.
Det kom ei jente gåande...........
Det var mest ein fordel å vera jente; me fekk alltids
ein huspost så me slapp gå arbeidslause. Verre var det for
dei vaksne karane. Den eldste, Elias, reiste til sjøs. Det var inga
fri heimreis og ferie etter nokre månader, som no. Dei som ikkje
greidde sjøen vart helst gåande på småjobbar på
ein gard - slåttonn og slikt. Det var sesongarbeid og ei trasig tid.
Karen og Arne hadde 11 born, og i syskjenflokken var
der sju jenter.
Her ser vi dei - frå venstre: Hilda, Astrid, Gunhild,
Gerda, Margit, Klara og Olga.
Eg var heldig og fekk ein god huspost i nærleiken.
No får ein barnetrygd for ein 15. åring, eg måtte forsyta
meg sjølv i den alderen. Helsinga eg fekk med meg heimanfrå
var at eg måtte stella meg slik at dei var hjelpne med meg, dei som
betalte meg løn - og den var ikkje stor. Dei må ha hatt tålmod
med meg. Ein 15-åring er ikkje så vaksen som han gjerne trur.
Bergen verka sers forlokkande, og eg fekk huspost der
nokre år seinare. Då hadde eg både hus og mat, sjølv
om det kosta
mykje slit. Der var plenty av fine fruer som ville ha
ei trugen landsjente i huset. Var ein heldig og kom til ei dyktig husmor
og elles godtok situasjonen, fekk ein ei god opplæring i å
stella hus.
Det var inga fast arbeidstid. Var det selskap i huset
kunne ein arbeida til langt på kveld. Etter det eg hugsar låg
betalinga på 30-50 kroner månaden. Kanskje enkelte, som hadde
vore i same familien i mange år, fekk meir.
Gerda Rørtveit (Nytun) ferierte ofte på
Rørtveit etter at ho hadde flytta til Bergen.
På garden hadde dei mange dyr - t.o.m. hest med
føl.
Fritida var ein ettermiddag for veka, helst onsdag, populært
kalla «duesleppet». Då hadde alle «pikene»
fri. Det same hadde dei kvar tredje sundag, gjerne etter at frukoststellet
var ferdig.
Eg var heldig og kom til ein familie med fire store born
frå 5 til 13 år, og vart mest som ein av familien. I sommarferien
var eg med til Lysefjorden, og i påsken til vossetraktene. Så
eg fekk vera med både på skiturar og bading når det var
aktuelt.
Ikkje alle var heldige. Somme måtte ta heile oppvasken
måndagen etter dei hadde hatt helgefri. Det kunne vera stor avstand
mellom herskap og tenarar. Jentene var sjeldan lenge hjå slike folk.
Krigen krevde sitt
Krigen kom. Eg fekk arbeid på eit hotell. Der var
det fastare arbeidstid og betre betaling. Slikt arbeid fekk ein mest berre
gjennom kjende. Eg var såleis ikkje heime då krigen kom. Det
gjekk mange rykte den tida. Ikkje alle var pålitelege. Då meldinga
kom om at Vestlandet hadde overgjeve seg, vart det for mykje for mor. Eit
par år før kom Elias bort på sjøen. No hadde
ho dei andre å vera redd for. Ho fekk slag, låg nokre veker
utan medvit, kom seg litt, men sovna stilt inn ein månad seinare.
Arnt og Konrad kom heim att, men dei tykte det var for
gale at landet var i ferd med å verta herteke. Dei ville framleis
vera med å verja det. Arnt hadde nett kjøpt seg ein fin, ny
oselvar med segl. Når dei no høyrde at det framleis var krig
i Nord-Noreg, tok dei oselvaren og rodde og sigla nordover. Konrad hadde
reist nokre år på kysten med ein fraktebåt, så
han var godt kjend like til Finmark. Dei var komne til Namsos då
dei høyrde at konge og regjering var reiste til England. Då
snudde dei og for heim att.
Som krigsåra gjekk vart det mindre og mindre i butikkhyllene,
og varene vart dårlegare og dårlegare. Det kom «erstatning»
for mest alt. Sko vart laga av skinn og hadde trebotn. Kosten var mager,
og lite var det av han. Då var det godt å ha familie på
landet som ein kunne få ein godbit frå av og til.
Siste vinteren fekk me ikkje poteter til middag. Me fekk
nokre kokte røter og spinat kokt på svart mjøl og vatn.
Dette, saman med blaut lutefisk, var ikkje serleg appetittleg. Det var
mange som hadde vanskar med vekta dei tider.
Det var godt samhald vener i mellom. Eg var med i Sognalaget,
men då det leid på vart alt slikt lagsarbeid forbode. Me var
nokre som heldt saman likevel og møttest hjå dei som hadde
bra med plass privat. Slik høgtida me 17. mai og andre merkedagar.
Ein tysk lektar med ammunisjon eksploderte på Vågen
i Bergen 20. april 1944.
Eksplosjonen påførde byen mange stygge sår,
som t.d. på Nordnes.
Forbod og påbod var det over alt. Verst var det
då det vart portforbod, gjerne midt på sommaren, og ein måtte
halda seg inne frå tidleg om kvelden.
Verste opplevinga under krigen var nok sjokket 9. april
1940, då eg vakna på eit kvistrom i sjette høgda av
flyalarm og bombing. Det var stummande mørkt i huset, berre eit
stearinlys på gangen. Fælt var det med eksplosjonen på
Vågen og bombinga av Holen skule på Laksevåg.
Familien til Elias budde nokre hundre meter frå
skulen. Ei av jentene hans skulle på skulen den dagen, men først
klokka halv tolv. Bombinga skjedde i 9-tida. Etter dette reiste dei frå
Bergen og flytta til Storheim der dei var resten av krigen.
Då det vart sleppt bomber over Engen, midt i byen,
budde eg i Skottegaten i eit hus med 7-8 husvære. Sjølvsagt
gjekk me i kjellaren, men hadde det ramla saman ein vegg der hadde ingen
av oss kome levande der i frå.
Medan Gerda budde i Bergen var det ofte luftangrep med
bombing.
Her ser ein Strandgaten etter eit slikt åtak...
Det eg angra på i ettertid var at eg ikkje lærde
meg tysk. Eg var nøydd å omgåast tyskarane så
og seia kvar dag på grunn av arbeidet, og så skulle eg vera
så patriotisk at eg ikkje skjøna dei. Heldt på å
verta arristert då eg bad ein offiser snakka engelsk, det var einast
framandspråket eg skjøna.
Far gjekk heime på Rørtveit og trudde fast
på frigjeringa, men fekk ikkje oppleva henne. Han døydde eit
par månader før
freden kom. Richard hadde då overteke garden og
dreiv han ei tid, men flytta så der ifrå.
Eg veit ikkje kven som skulle overta av dei som hadde
kjent på kroppen rutinane med skuleskyss, og båt også
for alle andre ting. No er både våre hus og nabogarden sommarhus,
og dei er fine og velstelte. Den nordste delen av Rørtveit overtok
kommunen då dei flytta frå, dei som var der.
Alle flytta og har fått sine eigne heimar. Tre til
Sande, ei til Blidensol. ei til Radøy, tre-fire til Bergen. Eg hamna
inne i Osterfjorden.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Denne historia er henta frå boka: Dei tok sin tørn
(1985) av Ingolf Austgulen.
|