Gulen -
tingstad for Vestlandet
Tekst og foto: Scandion
På Håkon den Gode si tid var Gulen tingstad
for heile Vestlandet. Kvart år fór valde menn til tingstaden,
der dei sat innanfor dei heilage steinane og gav lover og dømde.
Gulatinget hadde ikkje skrivne lover. Difor måtte
lovene vera stutte og greie og lette å hugse for lovseiemannen, som
sa dei fram. Tingmennene lyfta våpna i veret og slo dei mot kvarandre.
Då var lova vedteken med «våpentak», som det heitte.
Fedrane våre passa nøye på at lov og
rett vart haldne. Ingen påbod frå kongen galdt før bøndene
hadde godkjent dei på tinget. Då fyrst vart dei til lov.
Håkon skipar leidangen eller landvernet
Danskekongen ville hjelpa Eirikssønene til å
taka Noreg frå Håkon. Både faren og brørne hadde
hatt stor hird, og det var hardt for folk å føda alle desse
mennene. Håkon den Gode hadde få folk med seg når han
fór omkring i landet. For å vera viss på å få
hjelp når det trongs, skipa Håkon leidangen, og bøndene
godtok det på tinget.
Alle bygdene ved sjøen og så langt inn i
landet som laksen gjekk, vart delte i skipreider. Når vardane brann
på fjelltoppane, og herpila gjekk rundt i bygdene, skulle kvar skipreide
hjelpa kongen med eit herskip og mannskap. Det var leidangen. På
7 dagar kunne kongen få herbod over heile landet.
Då Eirikssønene og danskane kom og ville
taka landet, hadde Håkon leidangen ute. Håkon vann nokre gonger
- men i det siste slaget på øya Stord, kasta han av seg ringbrynja
og sette etter fienden. Då fekk han ei pil i armen og blødde
fælt. Han tenkte då å fara til kongsgarden sin, Ålrekstad,
men då dei kom til Håkonshella måtte dei leggja til lands.
«Vil du at vi skal føra deg til England
og gravleggja deg i kristen jord ?» spurde mennene hans. Men Håkon
svara: «Som ein heidning har eg levt, og som ein heidning får
de jorda med óg.»
Ved Håkonshella var han fødd, og der døydde
han. Øyvind Skaldespille kvad diktet Håkonarmål om den
døde kongen. Eirikssønene vart no kongar i landet.
....................................................................................................................................................
Litt : Folket vårt gjennom tidene (1950) |