Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                   
Tripp, trapp tresko
Forfatter: Magnor Midtun
Publiseringsdato: 06.09.2002


TRESKOFABRIKKEN I SELLEVÅG - 60000 treskopar i året. Foto: Scandion.

I Sellevåg i Gulen står ein gamal treskofabrikk. Produksjonen av tresko er for lengst lagt ned, men både maskiner og bygninger er tekne vare på og er intakt. 

Då treskofabrikasjonen var på det største, laga dei opp mot 60 000 par for året. Til produksjonen trong dei fin, kvistfri furu. Tømmeret fekk dei mykje frå Indre Sogn og Hardanger. Fyrste produksjonsteg føregjekk ved bandsaga, der grovtilskjeringa vart gjort etter mal for ulike modellar og storleikar. Dei brukte to modellar - Sognemodellen og Strilemodellen. Det var ikkje stor skilnad på desse modellane. Men Sognemodellen var litt breidare enn Strilemodelien og hadde dessutan litt meir «svung» i tåa. For å spara ekstra arbeid og utgifter, gjekk dei seinare over til å produsera berre ein modell, og det vart då Strilemodellen som sigra. 

Etter grovskjeringa gjekk emnet til kopieringsmaskina. Den fresa ut nye emner nøyaktig lik originalen. Fabrikken hadde to slike kopieringsmaskiner med roterande knivar. Desse maskinene laga to sko i gongen - ein venstresko og ein høgresko. 

Frå kopieringsmaskina gjekk skorne tilbake til bandsaga, der dei vart skorne reine for endar etter maskinfester. Så gjekk turen til utholningsmaskinene og pussemaskinene. Skorne vart glattpussa. Innvendig pussing foregjekk med særskiide pussejern. - Til slutt vart skorne lakka utvendig. Lakkinga føregjekk på fabrikkloftet. Det svartflekkute golvet der er tydeleg prega av dette arbeidet, som vart gjort for hand med vanlig kost. 

Naturleg tilhøve 

Sellevågvatnet og fossen var grunnen til at verksemnda vart lagd her. Den fyrste som i nokon større mun tok til med å utnytte naturkrafta frå vatnet og fossen, var ein Endre Torkjelson, som kjøpte Sellevåg i 1870. Han starta ei mølle som han dreiv fram til 1899. Seinare kom fleire interessentar frå Bergen inn i biletet, og Bergen Træskofabrik vart starta. 

Her i pollen under bergveggane låg fabrikken lunt og godt til. Pollen vart avdelt med ein mur som gjorde vasstanden mest mogeleg jamn, slik at tømmeret flaut og var lett å ta opp. Sellevågvatnet sytte normalt for jamn og stødig krafttilførsel. 

Sellevåg låg også lagleg til transportmessig, midt i leia for sognejektene som kom med tømmer - og med kort veg til Bergen, der marknaden for tresko var god omkring hundreårsskiftet. 

Son til Endre Torkjelson, Torkel Olai, arbeidde som formann i fabrikken. Seinare dreiv han også landhandel på Sæternes, der han budde. Son til Torkel Olai, Joachim, som også arbeidde i fabrikken, tok over eigedomen i 1952. 

Under krigen 1940-45 var etterspurnaden etter tresko stor. Men etter kvart minka det av med omsetnaden, og drifta vart meir og meir basert på sagbruksverksemda. Eigar og drivar no er Magne Sellevåg, son til Joachim. 

Etter som treskoproduksjonen minka, vart det ei tid laga skaft til ymse typar arbeidsredskap som økseskaft, hamarskaft, sleggeskaft mm. Dei hadde mellom anna leveranse til både Vegvesenet og Televerket. Ein periode laga dei både tresko og skaft, men desse produksjonane tok slutt i 1960-åra, bortsett frå eit lite oppsving litt seinare i etterspurnaden etter tresko nytta til rosemåling. No er det berre sagbruksdrifta som er i gang, men drivkrafta er den same - vasskraft direkte på maskinene via turbin, akslingar og drivreimar. 

I over eit halvt hundre år var treskofabrikken i Sellevåg i drift og skapte verdifulle arbeidsplassar i distriktet. Han ligg der no med sagbruket framleis i drift, som eit museum, på vegen mellom Furenes og garden Brandanger. Ein del av produkta som vart laga ved fabrikken, er også tekne vare på. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal