Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

    

       
Postveg gjennom Gulen i nasjonal verneplan
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 13.11.2002

Parsellen av Den Trondhjemske Postvei gjennom Gulen kommune er innlemma i nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminne. Planen er utarbeida av Statens Vegvesen og Riksantikvaren, på oppdrag frå Samferdsledepartementet. 

Tre parsellar av postvegen er valde ut til verneplanen. I tillegg til parsellen i Gulen er ein parsell i Hordaland og ein i Møre og Romsdal inlemma. 

Planen legg mellom anna dette til grunn for avgjersla: 
"Store deler av denne vegparsellen går over vann, og den utfyller de to andre utvalgte vegparsellene (..). Store deler av postvegen er i dag bevart, og det er svært ønskelig at så mye som mulig blir bevart også for fremtiden". 

Spesifikke vernebestemmelser for postvegparsellen skal no verte utarbeida sentralt. Gulen kommune vil og vere delaktig i dette arbeidet. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal