Dingjavegen
Tekst: Leif Nyhammer. Foto: Scandion.
Publiseringsdato: 26.05.2007
Dingjavegen blir den kalla på folkemunne, men den
heiter fylkesveg Sollibotn - Dingja. Vegen vart opna på fredag 11.
mai 2007 med stor jubel og mykje folk samla i Sollibotn under snorklyppinga.
Endeleg vart bommen, kjettingen med lås, vekke,
og bilane kunne køyre kor tid dei vilde. Dingja fekk med vegen,
3 mil kortare veg til ekspressbåtkai og kommunesenteret Eivindvik.
Eivindvik er fast arbeidsplass for mange i Dingja. Dei
får også kortare veg til Bergen over Sløvåg. Gardane
Mjånes, Navdal og Tjuvik har også fått vegutløysing,
og glad kan dei vere.
Den nye vegen har ikkje vore heilt lett å byggje.
Entreprenør Magne Hope med maskiner og godt mannskap har løyst
denne oppgåva frammifrå godt til rett tid og til rimeleg pris.
Det har vore nemt ei vegnemd som har vore med i arbeidet
for å få denne vegen til. Dei fleste namn på dei som
har vore med i denne vegnemda, har ikkje alltid kome fram. Det har i grunnen
vore to vegnemder. Den første oppstod på eit møte i
Eivindvik Næringssamskipnad i november 2003. Då var 12 mill.
på fylkeskonto, øyremerka Dingjavegen, i faresonen. Fylkesutvalet
vilde bruke desse 12 mill. på andre vegprosjekt.
6 personer, Åse Lene Vatne, Magne Vatne, Bjørn
Vold, Oddfinn Nyhammer, John Helge Gullaksen og Leif Nyhammer reiste til
Leikanger på fylkesrådsmøte 20. november for å
prøve overtale politikarane om ikke å ta pengane vekk frå
kontoen merka Dingjavegen. Resultatet av reisa vart at desse 12 mill. framleis
vart ståande på kontoen. Einar Thune vart med i nemda etter
at dei kom att frå Leikanger.
Framover i 2004 arbeidde denne nemda med å få
fri grunn frå grunneigarar der vegtraseen skulle gå. 18. november
2004 var det folkemøte i Dingja om vegen. Der møtte mange
frå Dingja og nærområdet + ordførar Trude Brosvik
og varaordførar Halvard Oppedal.
Pengane vart hovudtema på dette møtet. Entreprenør
Magne Hope kunne byggje vegen for ca. 19 mill. På fylkeskontoen stod
det 12 mill. og 7 mill. mangla. Ny nemd vart utnemd på møtet,
Tor Leif Mongstad, Per Vold, Einar Thune, Magne Vatne, Sigvald Kidøy
og Leif Nyhammer. Denne nemda skulle prøve å samle inn 3,2
mill. frå bedrifter og private. Resten, 3,8 mill. måtte løyvast
av kommunen skulle alt gå i orden.
Ordføraren klarte å få kommunepolitikarane
med på å løyve desse 3,8 mill, og ein kunne då
tru at finansieringa var i orden. Fylkestinget på Leikanger spikra
fast dei tidlegare nemte 12 mill. etter mykje diskusjon. Det var den 20.
november 2004, då heile Dingja var på "pinebenken" i mange
timar før fylkestinget sa endeleg ja til Dingjavegen 30. november.
Mange bedrifter og private gav i dei dager mykje pengar,
men det vart for lite og tida var knapp. Skulle vegen kome i arbeid måtte
pengane på "bordet" snart og fort. Nemda tok då kontakt med
BKK om forskotering av 3,2 mill, og det gjekk i orden. Nemda kunne berre
takke og bukke for at BKK vilde hjelpe eit distrikt i Gulen med å
få veg.
Eit nytt problem med vegfinasieringa kom fram ved nyttår
2005, vegen kom til å koste 20 mill, og ekstra kommunestyremøte
måtte til for å løyve 1 mill. Møtet var 13. januar
2005, og ekstraløyvinga gjekk heldigvis i orden.
Endeleg var alt klart for vegstart, og den vart 30. mars
2005. Etter vel 2 års anlegstid, var vegen ferdig. Det har vore knuter
på tråden mange gonger. Ordførar Trude Brosvik har vore
sterkt med i kampen like fram til vegopning.
Vegnemda for vegen er ikkje oppløyst sjølv
om vegen er opna. Sjølv om vel 70 personar og bedrifter har gjeve
pengar til vegen, vantar framleis nesten halve summen nemda gjekk inn for
å samle inn, og heile forskotbeløpet er heller ikkje tilbakebetalt.
Nemda er takksam dersom nokon vil hjelpe til med å
få resten innbetalt. Mandag ringde eit firma at dei ville ha eit
kontonummer dei kunne sende inn pengar på, og det gleda nemda stort
for kvart bidrag dei får inn.
Køyr ein tur på nyevegen og sjå den
fine naturen på vegen. I sær ein sumarkveld er utsikta frå
vegen fager og fin der ein ser Lihellene med Solundlandet i bakgrunnen
ved solnedgang.
-----------------------------------------------------------
Eivindvik 14.05.07
|