Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Skular
Brekke skule

  

        

Brekke skulekrins 

Skulekrinsen omfattar dei inste delane av Gulen kommune. Elevane kjem frå bygdene langs Sognefjorden frå Rutledal i vest til Oppedal i aust, og frå Kringla og Ynnesdal i sør. Krinsen er stor i utstrekning, og dei fleste elevane kjem difor med skulebuss. Reiseavstanden for dei som bur lengst vekke er ca. 2 mil kvar veg. 

Brekke skule 
5961 Brekke 
Telefon : 57 78 54 72 

Rektor: 
Bodil B. Takle 
 

SKULEN VÅR 

Me er ein 1-10 skule. Barnesteget er fire-delt (1.-2.,3.-4.,5.-6.,7.) og ungdomssteget er to-delt (8.-9.,10.). Dette året er det 93 elevar ved skulen – 39 på småskulesteget, 33 på mellomsteget og 21 på ungdomssteget. 

Brekke barnehage er samlokalisert med skulen. Barnehagen vert driven som sjølvstendig eining, men dei fysiske tilhøva legg til rette for samarbeid med småskulesteget. Samlokaliseringa gjer det mogeleg å gje eit flekssibelt SFO- og barnehagetilbod. 

Skulen/SFO og barnehagen har ein del personalressursar felles. Uteområdet – sett vekk frå eit skjerma område for dei minste i barnehagen- er felles. 

For 5.- 10. klasse er skuledagen organisert slik: 
ei økt på 45 minutt 
15 minutt pause 
ei økt på 90 minutt 
30 minutt matpause - felles for heile skulen 
ei økt på 90 minutt 
15 minutt pause 
ei økt på 45 minutt 
Sett vekk frå matfriminuttet, er det aktivitetane som styrer dagen til småskulen. 

Skuleklokka har eit rolegare tilvere enn tidlegare.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal