Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Høyanger
Kraftverk
 

    

    
Østerbø-utbygginga
Forfatter: Øystein Økland
Publiseringsdato: 18.10.2004

Østerbø kraftverk i Høyanger kommune er det siste store vasskraftprosjektet mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden som kan konsesjon-søkjast. 

BKK, saman med Sogn og Fjordane Energiverk (SFE), legg i desse dagar siste hand på førehandsmeldinga for utbyggingsplanane i Østerbø. 


Kraftstasjonen er planlagt bygd like ved sjøen 200 meter nord for Østerbø. 
Foto: Øystein Økland. 

Utbygginga er eit samarbeidsprosjekt mellom SFE og BKK. SFE skal eiga Østerbø kraftverk og er konsesjons-søkjar. BKK skal ha retten til å disponera 42 prosent av produksjonen mot å dekkja tilsvarande utbyggings- og driftskostnader. 

Målet med førehandsmeldinga er mellom anna å orientera om utbygginga slik at folk kan koma med synspunkt på planane på eit tidleg tidspunkt. 

For utbyggjarane er det særs viktig å lytta til og visa respekt for grunneigarar og lokalbefolkninga sine interesser. 

Kraftselskapa ynskjer å ha ein ryddig og open dialog med dei lokale interessene. Meldinga skal også vera eit grunnlag for fastsetjing av eit program for konsekvensutgreiing som er ein viktig del av konsesjons-søknaden. 

SFE og BKK sender førehandsmeldinga til NVE som i sin tur sender meldinga på høyring til mellom anna Høyanger kommune, Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Alle husstandane i Østerbø-området vil få tilsendt ein brosjyre som orienterer om utbyggingsplanane. 


Kart : Torbjørn Kirkhorn. 

Årsproduksjonen i Østerbø kraftverk vert rekna til 154 millionar kilowattimar (GWh), eit middels stort BKK-kraftverk. 

Årsproduksjonen tilsvarer straumforbruket i om lag 7700 husstander. 

Utbyggingstida vert rekna til to år. Utbygginga får fylgjer for Østerbøvassdraget, Mjølsvikvassdraget og Rusteelvane. Alle 
vassdraga ligg i Høyanger kommune. 

Konsekvensane av utbygginga vert nøye utgreia i samband med konsesjonssøknaden. Ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, seier at han er glad for at planane no etter kvart ser ut til å verta ein realitet. 

- Det er brei politisk semje i kommunen om denne utbygginga som har røter mange år attende i tid. I starten var det ikkje god nok økonomi i prosjektet, men no ligg alt til rette for at planane kan setjast ut i livet. Vi håpar at førehandsmeldinga vert sendt inn til NVE før jul i år, seier Longva. 

Ordføraren trekkjer fram dei økonomiske gevinstane kommunen og spesielt lokalsamfunnet på sørsida av Sognefjorden vil få som fylgje av utbygginga. Høyanger kommune sikrar seg mellom anna billeg konsesjonskraft og auka inntekter frå eigedomsskatt. Folket i Østerbø-området vil få glede og nytte av midlar frå næringsfondet. 

FAKTA 
Østerbø kraftverk 
Fallhøgde : 590 m (Frå inntaksmagasinet Nykjevatnet til kraftstasjonen 
Installert effekt : 28 MW 
Midlare årsproduksjon : 154 GWh 
Utbyggingskostnad : 283,7 mill kr. 
----------------------------------------- 
BKK-NYTT OKTOBER 2004 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal