Krokevatn kraftverk
Tekst: BKK
Torsdag 29. oktober 2009 opna BKK sitt 30. kraftverk, bygd
utan nye reguleringar. Krokevatn kraftverk i Matrevassdraget vil produsera
vel 13 GWh i året. Styreleiar Martin Smith-Sivertsen trykte på
knappen som starta kraftverket.
Byggjearbeidet starta i juli 2008 og vart avslutta i
oktober i år. Kraftverket utnyttar fallet på 78 meter mellom
Krokevatn og Fjerde Mosedalsvatn som blir inntaksmagasin. Aggregatet vil
ha ein effekt på 3,3 megawatt. Utbygginga har kosta om lag 46 millionar
kroner.
55 prosent av nedbørsfeltet til kraftverket kjem
frå Masfjorden, medan Høyanger leverer 45 prosent. 80 prosent
av magasina ligg i Masfjorden, men vatnet vert utnytta i kraftverket i
Høyanger, før det renn vidare til Masfjorden og endar i Matre
kraftverk.
|