Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lærdal
Lokalhistorie
 

 

        
LÆRDAL - ein port til Vestlandet
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 05.01.2003

Lærdal har alltid vore på parti med samferdsla. Difor har framtida vore på Lærdal si side. Med stamvegtunnelen på plass er Lærdal klar for eit nytt hundreår. Lærdalstunnelen er ei vidareføring av ein lang tradisjon, og sikrar Lærdal sin posisjon i rikssamferdsla. 

Når E I6, det viktigaste vegsambandet mellom aust og vest, no er flytta frå fjordspegelen til svarte fjellet, er Lærdal framleis knutepunktet. Med Lærdalstunnelen (24.5 km), opna for trafikk 27.nov. 2000, er det fritt fram like til Aurland. 

Men fjorden blir ikkje pakka ned og lagt vekk. Mellom Lærdal og Gudvangen ligg eit av dei mest attraktive fjordområda i verda. - Fylkesbaatane sin meir enn 60 år gamle ferjetradisjon på Lærdal - Gudvangen skal halda fram på sommarbasis, fortel Tanna Gjerdaker, reiselivssjef i Lærdal. Ho er trygg på at den tre timar lange seglinga, med anløp i Kaupanger og Frønningen, blir å rekna med også etter år 2000. 


MEST SOM PÅ 1800-TALET. 
På Lærdalsøyri med sitt eineståande gamle bygningsmiljø kan ein drøyma seg attende til første halvdelen av 1800-talet. 
 
FRÅ LAND TIL SJØ 

Lærdal er porten til Vestlandet austfrå. Gamle Lærdalsøyri var før i tida overgangen frå land til sjø på folk si ferd mellom 
landets to største byar. Ein stad som Lærdal har difor nøgda med veghistorie. 

På nedstiginga frå Fillefjellet er det veghistoriske dokument rundt kvar ein sving, så og seia. Kongevegen er 200 år gamal. Frå 1793 var vegen frå fjellet til øyri av slik standard at ein hest kunne dra ei vogn etter seg. Femti år seinare, i 1843, kom den tidas høgkvalitets vegstandard, og då innleia Lærdalsøyri oppturen sin for alvor. 

Forutan å vera eit knutepunkt for samferdsla, vart Lærdal også ein viktig marknadsplass. Gamleøyri har vore møteplass for handel sidan l600-talet. 

Lærdal var i byplanleggarane si støypeskei midt på 1800-talet. Inne i hovudstaden såg samtidas ingeniørar og arkitektar ein liten by veksa fram der vest i kongeriket. Dampbåttratikken var i si første bløming. Jektene og embetsfolket sine vengebåtar fekk selskap av motoriserte stålskrog. Mange fleire var på reisefot og lærdølene tok hand om ein stadig større gjenomgangstrafikk. 

- Lærdølene har alltid vore rekna som omgjengelege menneske. Dei har tidleg blitt vane med framandfolk, seier Jon Tamnes, kultursjef i Lærdal. Han er sjølv innflyttar, og kan gå god for at dagens lærdøler lever opp til idealet. 

EINESTÅANDE TREHUSMILJØ

Få stader har som Lærdal klart å ta vare på særpreget sitt. Står du midt på Gamleøyri, i det tette trehusmiljøet, kan du venda augo i kva retning som helst og aldri mista 1800-talet av syne. Dei eldste husa er frå 1840-åra, og dei er godt tekne vare på. Bygningsmiljøet nedst på Lærdalsøyri er så eineståande at staden har streng vernestatus. 
- Gamleøyri er unik på Vestlandet, seier Tanna Gjeraker, som gler seg over å kunna visa turistane ei slik perle. Kjem du til Lærdal, be om å få sjå Henrikstova, Sjankehuset, Per i Podl-huset, Krestafor-Jenshuset, Løytnantsbryggia, Gamle Kvammes Hotell, Gamle Lærdal Sparebank eller Telegrafen. I sistnemnde hus held Gjesme-samlinga til. Hans Gjesme (1904—1994) er Lærdals store son i biletkunsten. 

Den franske biletkunstnaren Qlivier Debré, mangeårig gjest i det lærdalske kulturlandskapet, stiller ut i Gjesme-galleriet om sommaren. Debré kom første gongen til Lærdal på 1970-talet, og seinare har han vore attende nesten årvisst for å henta inspirasjon til bileta sine. Han er internasjonalt kjend, og det heiter at motiva frå Lærdal er høgdepunkta i arbeidet hans. 

VILLAKSSENTER 

Lærdal har meir enn gamle bygningsmiljø og veghistorie, Norsk Villakssenter, opna av Kong Harald i 1997, er ein av dei store attraksjonane i indre Sogn. 

Eit stort observatorium gjev publikum høve til å studera villaksen på nært hald. Villakssenteret har nasjonal status som informasjonssenter om villaksen. Tiltaket omfattar ein brei dokumentasjon på laksen sin biologi og laksefisket si historie. Ein film om villaksen rullar kontinuerleg over lerretet, og kaféen Blue Charm, oppkalla etter ei laksefuge, tek blidt imot gjestene. 

SNØVEGEN 

 
Til Lærdal kjem trafikken inn frå alle fire himmelretningane. Aksen aust-vest er den gamle og historisk viktige - kanskje den viktigaste vegen i noregssoga. Men i vår tid har vi høve til å rulla inn på Lærdalsøyri både sør- og nordfrå. Fjellvegen, eller Snøvegen, bind ihop Lærdalsfjorden med Aurlandsfjorden. Her er fire-fem mil med sjeldan vakker natur, unike opp- og nedstigingar, karrige høgfjellslandskap, tallause fjellvatn og eit urørt Erdalsvassdrag, som for alltid skal renna fritt. 
 

LAKSESENTER

Laksefisket har vore viktig i Sogn. Fagansvarleg Harald Mulalid ved Norsk Villakssenter i samanliknar storlaksen som vart fiska i Årøyelva i 1921 med storlaksen frå Ortnevik, fanga i 1920. 
- Rundturen med båt frå Lærdal til Flåm, ein avstikkar med Flåmsbana og vegen over fjellet att til Lærdal er ein av dei mest spennande turpakkane Vestlandet kan tilby, seier Tanna Gjeraker. 
Nordover er det knapt åtte kilometer til ferjekaien på Fodnes og tretti kilometer til Årdal. Frå Årdal går ein av dei mest spennade fjellvegane like inn i Vest-Jotunheimen si fjellverd. Med Lærdal som utgangspunkt er det mykje flott vestlandsnatur innan rekkevidde. 

REISELIVSINFORMASJON

 
Dei mange attraksjonane her har gjort Lærdal til ein tradisjonsrik reiselivskommune. Her er fleire hotell, campingplassar og andre overnattingstilbod, og eit variert lokalt handels- og tenestetilbod. Aurland og Lærdal reiselivslag driv turistkontoret i Lærdal. 
-------------------------------------
Kjelde : FSF- Fjord og kyst 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal