Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sogn og Fjordane
Fakta

  
 

     
Sogn og Fjordane fylke 

Sogn og Fjordane grensar til Hordaland i sør og Møre og Romsdal i nord. Fylket er særmerkt av store og lange fjordar, til dømes Sognefjorden, den lengste fjorden i Noreg. I tillegg finn ein Jostedalsbreen på heile 487 km² her. Den er den største isbreen på det europeiske fastlandet og er omringa av mindre brear og brearmar. 

Fylket, tidlegare Nordre Bergenhus Amt, femner om dei fire gamle fogderia Sunnfjord, Nordfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Som administrativ eining har Sogn og Fjordane fylke eksistert frå 1763, då Bergenhus Amt vart delt. Administrasjonsstad for Sogn og Fjordane fylkeskommune er Leikanger. Kjelde: Nynorsk Wikipedia 

Administrasjonssenter: Leikanger 
Flatevidde: 18 634 km² 
Folkemengd: 106 650 (2006) 
Internettside: sf-f.kommune.no 
Fylkesordførar: Nils R. Sandal (Sp) (2003) 
Fylkesmann: Oddvar Flæte 

Verdas helseorganisasjon (WHO) har utnemnt Sogn og Fjordane til eit trygt fylke, som det første fylket innanfor WHO-systemet i Noreg og det tredje i Norden. Statusen som trygt fylke blir gitt for ti år og skal då vurderast på nytt. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal