Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sogndal
Lokalhistorie
 

   

 
Ti år i breen si teneste
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 03.01.2003

Gjennom ti år har Norsk Bremuseum i Fjærland stått som ei fyrlykt i Fjord-Noreg. Rettesnora har vore den aktive samhandlinga mellom utstilling og brukar. Med denne oppskrifta har Bremuseet klart seg på eiga hand. Og no satsar Norsk Bremuseun på ein ny publikumssuksess.  Målet er å bli mellom dei fremste i verda på formidling av kunnskap om klimaendringane. 


NORSK BREMUSEUM. 
Både i arkitektur og innhald er Norsk Bremuseum i ein særklasse. 
 
Interaktivt

 
Samhandling mellom utstilling og publikum har vore Norsk Bremuseum si line gjennom desse ti åra. Norsk Bremuseum ber om å bli teke i bruk, seier direktør Nils Paulsen, og siterer ein spontant engasjert gjest. Det er slik Bremuseet i Fjærland likar å framstå : Interaktivt. 
Sidan opninga 1.juni 1991 har 700.000 menneske prøvd Norsk Bremuseum. Dei er kunnskapshungrige turistar frå heile verda, men dei er også forskarar og studentar. I Bremuseet har fag som geologi, glasiologi og klimaforsking fått ein effektiv formidlingsarena. 

Frå 1988 til 1990 steig Norsk Bremuseum fram som prosjekt. Nye halvtanna år etter opna dørene. Dronning Sonja klipte snora i 1991, og responsen var snøgg. 55.000 menneske var innom første året. Fire år seinare kom toppåret, med 90.000 besøkande. Dei siste åra har trafikken stabilisert seg på 60.000 personar. 

Undervegs er det reist eit undervisningsbygg kloss i Bremuseet. Her informerer senteret om verksemda si. Den solide finansielle stoda har gjort Bremuseet i stand til å oppdatera kunnskapsfronten. Det har i tur og orden gjort museet i stand til å fylla på med formidlingskraft innan bre, landskap og klima. 

Klimahus kjem

- Vi har hatt eit etterspurt produkt. Det har gjort oss i stand til å følgja opp. seier direktør Nils Paulsen. I dag er Bremuseet nesten utan gjeld. Men det ynskjer ein no å gjera noko med. Klima er nøkkelordet når Bremuseet no lanserer ei ny, stor satsing. - Vi ynskjer gje publikum noko meir. Då treng vi meir plass, seier Nils Paulsen, og er glad for at arkitekt Sverre Fehn, norsk arkitekturs største namn utanlands, har teikna det nye klimahuset. 

I den fargerike tilveksten til dagens Bremuseum skal eld og vatn vera sentrale element. Sverre Fehn har teikna eit 250 rutemeter stort tilbygg på nordsida. Bygget har kvadratisk grunnflate med omsluttande ytre glasvegg. Ei vulkanliknande utforming bryt gjennom takflata og hentar lys ned til eit rom som skal fyllast med informasjon om dei globale klimatilhøva. 


BREANE. 
Frå Norsk Bremuseum er det kort veg til sjølve isbreane i Fjærland, som Bøyabreen. 
(Foto : Rolf. M. Sørensen) 
 
Gull for reiselivet

Med Norsk Bremuseum i Fjærland vart også reiselivet tilført ein ny dimensjon. Turistane fekk her ein tumleplass som kombinerte underhaldning og kunnskap. Ikkje minst for reiselivet i Sogn er Bremuseet eit stort pluss. For hotella i Balestrand er Bremuseet dagsturmål nummer ein. 

Sigurd Kvikne ved Kvikne’s Hotell peikar på at Bremuseet som attraksjon har klart å heva seg opp i selskap med dei store, etablerte natur- og kulturhistoriske attraksjonane i Sogn. 

Med aukande interesse for Sverre Fehn og norsk arkitektur har Bremuseet skaffa seg appell utover det som er primærinnhaldet, seier Sigurd Kvikne, og konstaterer at Bremuseet på kort tid har blitt eit av dei mest profilerte bygga i landsdelen. 

Jostedalsbreen sitt møte med Bøyadalen og Supphelledalen har funne att motivet sitt i Bremuseet. Arkitekten har heller ikkje lagt skjul på at det sterke dramaet, sett i scene av naturen sjølv, har vore drivkrafta bak utforminga. Sverre Fehn har blitt hylla av eit samla arkitektkorps. Rund silo, lang portal, kald betong, lutande vegger, varmt treverk. På våre kantar likar vi å tru at Bremuseet er det verket som ruvar mest i Fehn si portefølje, og kanskje har vi rett ? 
------------------------------------ 
Kjelde : FSF - Fjord og kyst 2001

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal