Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Vik
Lokalhistorie
 

   

    
"Løpsfantomet" frå Fresvik
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.02.2005

Mons Monsen Øyri er den største langdistanseløpar verda nokonsinne har sett. Ingen har seinare gjort slike prestasjonar som "Ørkenens løve". Han vart hylla av hundretusener - og formuer blei satsa på hans kappløp mot tida både i Europa og Asia. 

Mons Monsen Øyri (1799-1843) blei født i Fresvik i Vik kommune. Som ung tok han seg hyre og drog til sjøs for aldri meir å sjå sin fødestad. Det skuldast nok sikkert at han nokre år seinare fekk høyre at foreldra var omkomne i eit forlis i Nordsjøen. Han bestemte seg då for aldri meir å "betrede sitt fedrelands grunn". 

Som sjømann reiste Mons Monsen Øyri rundt til så og seie alle verdas land. Han blei etterkvart gripen av ein stor trang til å lære framande land å kjenne. Det var på ei av desse reisene at han for første gong prøvde seg som langdistaneløpar - mot svarte afrikanarar i Cape Town. 

I 1818 mønstra han av i London, grundig lei sjølivet. Han tok det profesjonelle namnet Mensen Ernst, og ville no livnære seg som løpar. I dei neste 20 åra forbløffa han heile verda med sine prestasjonar. Etter at han som 20-åring sprang frå London til Portsmouth (ca 116 km) på ni timar - besøkte han 70 europeiske og asiatiske byar, der han held løpsoppvisningar. 

Mensen Ernst utførte tre løp som med sin kombinasjon av langdistanse, terreng, orientering og maraton er utan sidestykke i idrettens historie. Eit av dei var dette: 
Det var inngått veddemål for minst 100 000 franc då han klokka ti over fire den 11. juni 1832 tok fatt på sitt første storløp. 
Han starta på Vendôme-plassen i Paris, og skulle springe 2600 kilometer langs ei rute han sjølv hadde staka ut gjennom Frankrike, Tyskland, Polen og Russland. Og dette skulle han klare på 15 dagar. 
Ernst nådde hovudporten ved Kreml etter 14 dagar, 5 timar og 50 minuttar. 

Ernst var ytterst nøysom. På turen frå Paris til Moskva åt han berre ca. to kilo kaldt kjøtt, men desto meir kveitebrød, samt ein god del vin (hans einaste svakheit). Han sov ute, på bar mark, og skulle han først sove innandørs, ville han helst liggje direkte på ein trebenk utan madrass. 

Heile Europa kjente den gong Mensen Ernst som "den raske nordmannen". Tyskarar og arabarar gav han tilnamnet "Ørkenens løve". Dronninga av Beyern kalla han "den minste mann med de lange ben". Dåtidas medisinarar prøvde - utan hell - å forklare dei tilsynelatande overmenneskelege prestasjonane. Han vart hylla av hundretusener - og formuer blei satsa på hans kappløp mot tida både i Europa og Asia. 

Det å springe må ha vore eit naturleg behov for Ernst, som ofte sprang 150 kilometer eller meir kvar dag. Dagens fremste maratonløparar spring sine 42 kilometer på langt under den tida Ernst ville brukt, men til gjengjeld kunne han halde denne farten mil etter mil, dag etter dag, ja, veke etter veke. 

I 1842 tok Mensen Ernst fatt på det løpet som skulle bli avslutninga på hans karriere. Han skulle springe frå Alexandria i Egypt til sørspissen av Afrika. Det høgaste målet med løpet var å leite etter Nilens kilde, ein draum han hadde hatt lenge. 

Mensen Ernst kom likevel ikkje lenger enn til Nilens første foss, og det var truleg dysenteri som sette ein stoppar for hans livsløp. Den vesle nordmannen blei funnen død like ved bredda av Nilen av nokre britiske turistar. Dei gravla han i sanden, men i dag er er det umulig å besøke staden, som ligg på botnen av Assuandammen i Egypt. 

Fyrsten av Pucler-Muskau, som støtta Ernst finansielt i dette løpet, skal seinare gjort mange anstrengelsar og brukt mange pengar for å få reist ein gravstein med desse minneorda: "Rask som rådyret, rastlaus som svalen. Jorda, hans arena, har aldri sett hans like". 

Det vi kjenner til av Ernst sine bedrifter, kjem hovudsakelig frå biografien "Des Stauermannes Mensen Ernst" af Gustav Rieck, Breslau (1838), som i stor grad er baseret på Ernst sine dagbøker. 
Det er søkt etter referat i aktuelle aviser om Ernst sine løp, utan at ein har funne dei omtala. Var Ernst verdas største langdistanseløpar eller ein smart sogning ? 

I 1987 avduka Idrettslaget Modig ein minnestein i heimbygda Fresvik over Mensen Ernst . 

Kjelde: "The Scandinavian Times" (1968) 

------------------------------------------------------------ 
Du kan lese meir om Mensen Ernst og fleire av dei store løpa han gjorde på linkane under : 

MENSEN ERNST (ENG) 
... sports interview lies beneath the Nile River - the incredible runner known as MensenErnst. Ernst was the first professional Norwegian athlete, and probably the ... Les meir

Vise til Mensen Ernst - Sigurd Høgheim 
Vise til kulturkvelden i ungdomshuset, Laurdag 8. august 1987 i samband med Mensen Ernst - høgtidi. Tone " No livnar det i lundar ". ... Les meir 

Ernst Mensen 
... Hvad vi kender til Ernst's bedrifter, kommer hovedsagelig fra biografien "Des Stauermannes Mensen Ernst" af Gustav Rieck, Breslau (1838), som i høj grad er ... Les meir

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal