Vestlandet på ein annan måte
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 28.07.2006
Vestlandet er ikkje berre djupe fjordar under høge,
snøkledde fjell. Slik er den indre delen av Sognefjorden - men naturen
er ein heilt annan rundt den ytre delen av denne verdas lengste fjord.
Her er landskapet opnare, utsynet vidare og attraksjonane andre. I dette
kystområdet finn vi mellom anna dei vestlegaste øyane i Noreg.
BULANDET. Fiskeværet Bulandet ligg på ei
samling små øyar og er vestlegaste samfunnet i Noreg.
(Foto: Widerøe)
Sognefjorden er brei her ute i munningen mot havet. På
sørsida ligg kommunen Gulen med historisk sus, og på nordsida
Hyllestad og øykommunen Solund, der Utvær er den vestlegaste
utposten i landet mot Nordsjøen. Lenger inne ligg industrikommunen
Høyanger, delt i to av fjorden.
Rett nord for den mektige Sognefjorden ligg ein fjord
med ein heilt annan natur. Dalsfjorden er lang og smal, med skogkledde
åsar på sørsida og ruvande fjell mot nord. Vakkert til
i Flekke i Fjaler kommune ligg eit United World College og eit Røde
Kors - senter med innandørs badeland. Vestlegaste bygdesamfunnet
i Noreg, Bulandet, finn du ute i havet utanfor munningen av Dalsfjorden.
EIVINDVIK er det idylliske bygdesenteret i Gulen kommune
(Foto: Jensbua)
Historisk sus
Det ligg mykje historie i dette sørvestre hjørnet
av Sogn og Fjordane fylke. Ved Eivindvik i Gulen samlast i si tid Gulatinget,
som for rundt tusen år sidan var sentralt i kristninga av Noreg og
etableringa av eit norsk rettsvesen. Sogespelet Håkonarspelet, som
blir sett opp i Eivindvik, er ei markering av denne historia. På
Byrknesøy ytst mot havet i Gulen ligg eit fiskarbondemuseum.
KVERNSTEIN vart produsert alt i vikingtida i Hyllestad
(Foto: Jensbua)
Hyllestad hadde frå vikingtida og i lang tid framover
ein stor kvernsteinindustri, og eksporte kvernsteinar til mange europeiske
land. Kong Harald og Dronning Sonja opna Kvemsteinparken i Hyllestad 11.
juni i år. Høyanger og Stongfjorden i Askvoll har spela ei
viktig rolle i nyare norsk industrihistorie. Det var her norsk aluminiumsproduksjon
starta. Høyanger har eit eige industristadmuseum i den gamle byporten.
DALSFJORDEN med statua av Islands første landnåmsmann.
(Foto: Jensbua)
I Osen i botnen av Dalsfjorden låg i mellomalderen
ein stormannsgard, og her blir sogespelet Gaularspelet framført
kvart år. I året 874 la Ingolfr Amarson til havs med heile
sin familie frå Dalsfjorden. Han var den første som busette
seg på Island og den som grunnla Reykjavik.
Jakob Sande er ein av dei mest folkekjære norske
lyrikarane. Han var frå Dalsfjorden og var fødd og oppvaksen
på Klokkargarden i Dale. Her er det omvising og kafé i sommarsesongen.
Til lands og til sjøs
Mellom Sognefjorden og Dalsfjorden ligg framleis delar
av den 200 år gamle postvegen mellom Bergen og Trondheim. Vegen har
fleire fine steinbruer, og ein kan både vandre langs den til fots,
bruke terrengsykkel eller ri på hest. Området har elles mange
merka turstiar, frå lette turløyper på øyane
til meir utfordrande fjellturar. Enkelte arrangørar tilbyr også
fjellklatring.
Det er minst like mykje å oppleve på og i
sjøen i dette kystområdet. For småbåteigaren er
ytre Sogn og Dalsfjorden eit flott område å feriere i med sine
mange øyar, uthamner og gjestehamner. Her er gode forhold for både
sportsfiske og sportsdykking.
Du kan padle kajakk, og du kan bli med på tur med
tradisjonelle norske trebåtar med segl og årar. Du kan følgje
båt til Bulandet, der eit bygdemuseum fortel historia til dette livskraftige
fiskarsamfunnet, og til den fråflytta utposten Utvær med sitt
mektige fyrtårn. Fylkesbaatane har ekspressbåtruter frå
Bergen til ytre Sogn og Askvoll og ei rekke lokale båt- og ferjeruter
i området.
Ytre Sogn og Dalsfjordområdet marknadsfører
seg som eitt reisemål. Stiftinga Jensbua er ein sentral aktør
både innan reiseliv og i arbeidet med å ta vare på kulturminna
i området. Stiftinga har namn etter ei restaurert sjøbu ved
Dalsfjorden, der det i dag er verkstad, kurs og andre aktivitetar.
-------------------------------------------
Kjelde: FSF - Fjord og kyst (2002) |