Cruise-turistar over Strynefjellet
Forfatter: Martin Lilleheim
Publiseringsdato: 05.02.2003
Tek vi føre oss historia om norsk reiselivsnæring
har vi mykje å være stolte av både i Nordfjord og på
Sunnmøre. Omkring slutten av 1800 - talet var det mykje som gjekk
føre seg her. Det bobla liksom over med gode idear og det vart satsa
friskt på ulike felt.
På vestsida av fjella vart det bygt turistvegar
til Briksdalsbreen i Olden og Dalsnibba i Geiranger. For å gjere
norgesturen endå meir fantastisk kom óg ideen om å arrangere
ein «overlandstur» som gjekk frå Øye eller Hellesylt
på Sunnmøre, via Hornindal, Stryn, Strynefjellet. Dalsnibba
og ned til Geirangerfjorden. I mellomtida skulle turistskipa - dei flytande
hotella gå frå Øye/Hellesylt til Geiranger og ligge
der og vente på sine passasjerar.
VIDESETER.
Dette bildet frå Videseter er truleg teke like
før krigen.
Midt på tunet står hotelleigar Lars Skåre
og skodar stolt utover den imponerande bilparken.
Vi tippar at turistane samstundes et laks og let seg
imponere av den fantastiske utsikta mot dalen nedanfor.
Tidlegare hadde turistane ferdast med hest og vogn over
fjellet. Men det var først då bilen rulla inn på scenen,
at det var råd å tenkje på daglege overlandsturar. Den
aller første var avvikla i 1922, same året som vegen langs
Strynevatnet var ferdig.
Det var hotella og skysslaga som stilte med bilar dei
første åra, helst store amerikanske eller tyske 6-seterar
med trekkfulle kalesjer mot regn og vind. Men turistane tok dette med godt
humør. Ein var ikkje betre vane på den tid.
Dei første åra var det ikkje så mange
bilar ein hadde bruk for. Men trafikken auka jamnt, og på dei beste
dagane var både 40 og 50 bilar med «over land». Og då
hadde ein rett til å snakke om «storefølgje».
«Bilfabrikk» i Geiranger
Men lat oss begynne med begynnelsen. Vinteren 1911 bygde
hotelleigar Karl Mjelva i Geiranger karosseri til tre Opelbilar (7-seterar).
Mjelva hadde vore i Tyskland og kontrahert motorar til desse bilane. Han
fekk óg Opel-fabrikken til å konstruere ei spesiell ramme
framme, slik at bilane kunne klare dei krappe svingane. Og dei var det
rikeleg av på vestlandsvegane i dei dagar. Han fekk med seg Arne
Berstad. Thor K. Hjelle og Markus Loen og skipa eit lutlag som kjøpte
dei tre Opelbilane som Mjelva hadde bygt.
Sommaren 1912 tok laget til å trafikkere - utan
konsesjon - vegen Hjelle - Grotli - Geiranger. I førstninga var
bøndene rasande fordi slik skræmsle fór etter vegane,
men det kom seg etter kvart, og året etter fekk lutlaget konsesjon.
Overlandskøyringa tok altså til i 1922, og
dei første åra køyrde ein med Opel og Adler frå
Tyskland, Lahuere frå Frankrike, Fiat frå Italia, Buick, Hudson
og Nash frå USA. for å nemne nokre. Dei første åra
var det helst få som deltok, men etter kvart spreidde ryktet seg
om dette heilt spesielle tilbodet.
- I don't believe it!
Det var mange artige historier frå desse åra.
Ein gong hadde ein rik amerikanar leigt ein heil Buick for seg sjølv,
og plasserte sin omfangsrike og tunge kropp i baksetet. Der styrkte han
seg med fluidium frå både ei og to reiseflasker, og sovna etter
kvart.
Han vakna på Tystigen i det nydelegaste solskin,
med 4-5 meter høge brøytekantar på begge sider av vegen.
Dette var eit av dei første åra skiløparane slo salto
over vegen der oppe, for å imponere turistane. Akkurat då denne
amerikanaren såg opp - øren og forvilla - passerte ein skiløpar
over vegen og bilen med hovudet med. Turisten riste forstøkt på
hovudet, og så kom der med styrke: - I dont believe it!
Frå bil til buss
I dag som i 1922 går turistane i land både
på Øye og på Hellesylt, og bilane set kursen mot Hornindal.
Vidare til Stryn, og opp langs Strynevatnet til Videseter, over fjellet
til Grotli, vidare til Djupvasshytta og gjerne opp Nibbevegen til Dalsnibba.
Og så det siste stykket ned til Geiranger og fjorden. Heile turen
tek i dag mellom 6 og 9 timar, alt etter kva ruteopplegg ein vel. Samla
lengde er vel 170 kilometer, og høgdeskilnaden er 1.500 meter.
Dette er eit landskap der det skifter med dei sterkaste
inntrykk. Her er fjorden, innsjøar, ville høgfjell, brear
og fossar. Det er ikkje stort meir enn ein time frå sommar ved fjorden
til 3 - 4 meter høge brøytekantar på Strynefjellet.
Lenge vart overlandsturane køyrt med småbilar,
men frå 1965 gjekk ein over til å bruke buss. Men framleis
køyrer ein den gamle Strynefjellsvegen, noko turistane set stor
pris på.
Nordfjord og Sunnmøre Billag har i dag all overlandskøyringa.
Sommars tid brukar dei alle sine skulebussar over land, og får dermed
ei vekselkøyring som betyr mykje økonomisk sett.
På dei travlegaste dagane kan billaget ha opptil
30 bussar engasjert med slik køyring, med godt over 1.200 passasjerar
på utflukt, fortel turbilleiar Bjørg Næss i Nordfjord
og Sunnmøre Billag.
- Vi får svært positive tilbakemeldingar både
frå reisebyrå og enkeltpassasjerar for den innsatsen guidane
våre gjer, og det same gjeld dei som sit ved rattet. Og det er vi
sjølvsagt stolte av, seier Bjørg Næss.
-------------------------------------------
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 1999 |