Bergenhus amt
Forfatter: Nynorsk
Wikipedia
Publiseringsdato: 11.08.2006
Bergenhus Amt er eit tidlegare amt i Noreg. Amtet vart
oppretta i 1662 som ei vidareføring av det tidlegare Bergenhus len.
Amtet vart i 1763 delt opp i Nordre Bergenhus Amt og Søndre Bergenhus
Amt.
Nordre Bergenhus Amt omfatta fogderia Sunnfjord, Nordfjord,
Ytre Sogn og Indre Sogn. Som administrativ eining har Sogn og Fjordane
fylke eksistert frå då Bergenhus Amt vart delt. Namnet på
Søndre Bergenhus Amt vart i 1919 endra til Hordaland fylke. Kjelde:
Nynorsk Wikipedia
Nordre Bergenhus amt
Nordre Bergenhus Amt er eit amt som vart skipa i 1763
og inneheldt dei fire fogderia Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre
Sogn. Bergenhus amt vart i 1763 delt opp i Nordre Bergenhus amt og Søndre
Bergenhus amt seinare Hordaland fylke. Frå 1. januar 1919 er området
eit fylke, Sogn og Fjordane fylke.
Amtmenn
1814–1822 Christian Magnus Falsen
1822–1831 Edvard Hagerup
1831–1832 Fredrik Riis
1833–1844 Christian Ulrik Kastrup
1844–1852 Hans Tostrup
1852–1860 Emil Aubert
1861–1869 Johan Collett Falsen
1870–1875 Nicolai Ditlev Ammon Ræder
1875–1889 Carl Lauritz Mechelborg Oppen
1889–1902 Olaj Johan Olsen
1902–1910 John Utheim
1910–1918 Ingolf E. Christensen
Kjelde: Nynorsk Wikipedia
Søndre Bergenhus amt
Søndre Bergenhus amt var eit norsk amt. Fra 1.
januar 1919 er det eit fylke, Hordaland fylke. Bergenhus amt vart i 1763
delt opp i Nordre Bergenhus Amt (seinare Sogn og Fjordane fylke) og Søndre
Bergenhus Amt.
Amtmenn
1815–1825 Wilhelm Frimann Koren Christie
1825–1827 Christian Magnus Falsen
1829–1834 Georg Jacob Bull
1834–1852 Edvard Hagerup
1852–1859 Jens Schydtz
1859–1875 Paul Meyer Smit
1875–1884 Nicolai Ditlev Ammon Ræder
1884–1907 Justin Gottfried Andreas Hoffmann
Kjelde: Nynorsk Wikipedia |