Låtefoss
bru (1859) Foto: Scandion.
Hordaland
Hordaland, med meir enn 456 000 innbyggjarar, er det tredje
største fylket i landet rekna etter folketal. Landskapet er variert
og storslått. Stikkord er: Øyar, skjer og lune vikar. Fjordar
med stupbratte fjellsider. Høge fossar. Fjellvidder og brear.
I Bergen finn du fylkesadministrasjonen, statlege regionkontor
for Hordaland og nasjonale statlege direktorat.
I mange samanhengar vert Hordaland fylke delt opp i innlands-
og kystdistrikt. Som innlandsdistrikt vert rekna Hardanger og Voss. Kystdistrikt
er Sunnhordland, Midthordland og Nordhordland. Hordaland grenser mot Sogn
og Fjordane, Buskerud, Telemark og Rogaland.
Fakta:
Areal: 15 450 km²
Folketal : 456 711 (2007)
Tusenårsstaden
«Kabuso»
Hordaland har eit rikt og variert dyre- og planteliv.
Les om :
FylkesfuglenFuglar
i HordalandFylkesblomstenFylkessteinen
Sjøfuglreservat
Fylkesvåpenet
I middelalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim
i Tysnes kommune.
Det var ein brorskap som samla folk frå store delar
av Sunnhordland og Hardanger.
Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde
økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet
i Hordaland fylkeskommune sitt våpen.
I forbindelse med den store kommunesamanslåinga
i Hordaland i 1972 vart det slutt på Bergen som eige fylke. Tidlegare
kommunar som Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart samla
til ein kommune som fekk namnet Bergen.
Før 1919 var namnet på Hordaland fylke Søndre
Bergenhus amt. Navnet
«Hordaland» kjem av folkenamnet Horðar
som ofte er nevnt i gamalnorsk - og
kan være innvandra frå Jylland (germansk
folkestamme) der harudene vert nevnt i
1. århundre e. Kr.. Horðar er ei avleiing av
av det germanske ordet for skog, harud -
og «Harudane» betyr skogfolket. Hordar som
kom til Vestlandet busette seg bl.a. på
Bergenshalvøya - og mange stadnamn kan knytast
til denne tida.
Byar i Hordaland : Bergen - Stord - Odda - Voss
Bryggen i Bergen står på UNESCOs liste over
verdas kulturarv.
E39 Kyststamvegen
Bergenhus amt