Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Fedje
Attraksjonar
Hellisøy fyr
Mellom to fyr
   

Hellisøy fyr 
- eit mektig landemerke
Foto: Scandion (02.10.2006)
 
(Utdrag frå Ove Olderkjærs bok : 
Norske fyr. Ei reise langs kysten. Samlaget 1999)

Sjølv om fyret er sløkt ein månad om sommaren, er Hellisøy vel verd eit besøk. Frå Bergen tek det knappe to timar i bil og på ferje å nå det mektige landemerket på Fedje. 115 trappetrinn fører deg opp i tårnet vel 30 meter over bakken. 

Noreg sin vestlegaste kommune kom med i fyrvesenets utbyggingsplanar alt i 1828, då fyrkommisjonen peikte ut Holmengrå som rette staden for eit nordre innseglingsfyr til Bergen. Fyrkommisjonen av 1851 hadde ei anna vurdering, og meinte at Hellisøy på Fedje sin sørvestpynt eigna seg best for plassering av både eit kyst- og innseglingsfyr. 

 
Til Gavn for Søfarten 
«Et Fyr ved Feje-osen vilde blive til langt mere Gavn for Søfarten, end om det sattes paa Holmengraa, da det søndre Løb er meget renere og sikrere end Fejefjord, hvorfor det ogsaa næsten utelukkende søges av Skibe der kommer fra Søen eller skulle tilsøes», oppsummerte 1851-kommisjonen. Fyrdirektøren var skeptisk til den utpeikte byggjestaden på den inste av dei to Hellisøyane. «... hvis ikke man skulle treffe på en ualmindelig god sommer, byr den på så mange vanskeligheter, at jeg ennu ikke har sett dens make i de år jeg har vært i Fyrvæsenets tjeneste», uttalte fyrdirektør Oluf Arntzen. 

Hellisøy fekk landets andre støypejerntårn etter Eigerøy. Nederste delen er laga av Bærums Verk, resten av Horten Mek. Verksted. Det 32,3 meter høge tårnet har innvendig mursteinsfôring. Utanom trappeoppgangen er dei to første høgdene kompakt fylt med gråstein, på midten er mursteinfôringa 2,5 meter tjukk. 

Enkelte stader i toppetasjane er det fylt gårstein mellom ytterveggen av jern og innerveggen av murstein. 95 mann var sysselsette med fyrbygginga på Hellisøy. 


Foto: Scandion

Lykt frå Lista 
Etter at lyktehuset frå Nes Jernverk var levert saman med eit brukt fyrapparat frå Lista fyr, kunne Hellisøy fyr tennast 15.oktober 1855. Fyret var bemanna med fyrforvaltar, fyrassistent og ein fyrkarl som forvaltaren var forplikta til å engasjera gjennom eit avtalt lønstillegg. Fyrstasjonen hadde eit bustadhus, eit uthus, eit torvhus og to naust, eitt på kvar side av sundet som skil Hellisøy frå Fedje. 

4. januar 1902 brann fyrbustaden på Hellisøy ned til grunnen etter eit lynnedslag. Lynet forplanta seg frå lynavleiaren i tårnet via telefonleidningen til bustaden. Eit provisorisk hus blei oppført for fyrmannskapet medan familiane blei innlosjerte på land. 

I 1903 stod to nye bustader klare, ein for fyrvaktaren og ein for assistenten. Før Stortinget løyvde midlar til desse husværa, oppstod det ein heftig debatt i nasjonalforsamlinga om pengebruken i fyrvesenet. 

Ein av vestlandsrepresentantane, som også var sokneprest for Fedje, rådde Forsvarsdepartementet til å granska tilbodsrekninga i fyrvesenet. Han meinte det var grunn til å tru at det ikkje var dei rimelegaste tilboda som blei lagt fram. 

Minister i forsvar 
Forsvarsministeren, som den gongen hadde ansvar for fyr- og merkevesenet, gjekk i forsvar for undersåttane sine og sa at «fyrvæsenet administreres efter min mening i alle retninger paa en utmerket anerkjendende maate». Stortingsdebatten i 1903 var elles ikkje til hinder for at Hellisøy samme år også blei utstyrt med nytt lyktehus og eit nytt, 3. ordens fyrapparat til 23.000 kroner. Ljoset når 18,8 nautiske mil av garde. 
Fyrbetjeninga på Hellisøy var i mange år dels sjølvforsynt med ein del landbruksprodukt. På fyrstasjonen sin grunn på Fedje beita eit par statseigde kyr og nokre sauer. 

Ein elektrisk straumkabel blei lagt ut til Hellisøy fyr i 1954. I 1959 fekk Hellisøy status som «stasjon uten familiebolig» med fyrmeister, fyrbetjent og reservebetjent. Fyrmeisterbustaden blei innreidd med hyblar og fellesrom, fyrbetjentbustaden blei selt og fjerna frå øya. 

Fyret kom i 1982 med på lista over fyrstasjonar som skulle automatiserast. Ti år seinare var Hellisøy fyr avfolka. 1. mars 1976 var dåverande fyrmeister Augun Antonsen (f. 1923) og hans menn med på bergingsarbeidet i samband med 
boreplattforma «Deep Sea Driller» sitt havari utanfor Fedje. Seks menneske omkom i ulukka. I kraftig sjø blei ein av livbåtane kasta 50 meter inn på land ved Hellisøy fyr. 

- Livbåten gjekk på land eit par hundre meter nord for fyret. Vi plastra og sette båten i stand, og eg brukar han enno som fritidsbåt, fortalte Augun Antonsen 23 år seinare. Antonsen hadde elles i alt 48 års teneste i fyrvesenet, dei 24 første åra på Geita fyr i Sogn og Fjordane. Han fekk ved oppnådd pensjonsalder i 1991 Kongens fortenestemedalje i sølv for lang og tru innsats i etaten. 

Kultursatsing 
Hellisøy fyr er eit sentralt element i kystkultursatsinga i Fedje kommune, som omfattar rundt 700 menneske, 200 fugleartar, 300 sauer og 125 låge øyar og holmar. I kommunal regi og i forståing med Kystverket blir det lagt opp turar over til fyrøya og utleige av fyrbustaden. 

Fedje-folket har tradisjonelt livberga seg av fiske, fiskeforedling og kvalfangst. Dei siste åra har industrien utvikla seg positivt. Handelsstaden Kræmmerholmen frå 1700-talet er restaurert og tek imot overnattingsgjester. Frå Sævrøy i Austrheim er det 4,5 km langt ferjesamband til Fedje. Reisetida frå Bergen med bil er 1 time og 40 minutt. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no