Mellom to fyr
Forfatter: Jan Torry Sande
(30.05.2006)
Fedje kommune ligg lengst vest av alle norske kommunar.
Utanfor Fedje er det Nordsjøen som ligg og bryt mot små holmar
og skjer. Her ute har folk budd i fleire tusen år.
Dette er eit øysamfunn med ca. 700 innbyggjarar.
Ein liten halvtime med ferje frå fastlandet kan ein nyte lange sumarkveldar
og den spektakulære vinterstormen. Her ute er det mykje ver, uansett
korleis ein likar det. På klare soldagar kan ein skimte plattformene
på Troll-feltet og studere ei rekkje fugleartar som held til her.
Her finn du til og med ein eigen stamme villkanin om du leiter tålmodig.
På ein eigen holme, tett ved sydvestpynten av øya,
ligg Hellisøy fyr. Det vart oppretta i 1855 og er no freda.
Namnet Hellisøy kjem truleg av heller, som er eit
utoverhengjande berg. Sjølve fyrtårnet er 32,3 meter høgt
og laga av støypejern. Det er raudfarga med to kvite striper som
du ser på biletet.
I år har kystverket pussa opp tårnet, slik
at det no har fine farger. På Hellisøy ligg ein fyrvaktarbustad
samt to andre bygg.
Fyrvaktarbustaden var bygd i 1903, men pussa opp og modernisert
i 1968. Bustaden leiger Fedje Kommune av kystverket, men forpaktar den
vidare ut til Fedje Reiselivsutvikling. Fedje Reiselivsutvikling, som er
ein interesseorganisasjon for reiselivsnæringa på Fedje, leiger
ut denne bustaden til eiga inntekt.
Her kan ein overnatte i autentiske omgjevnader slik det
var når fyrvaktarane budde der. Turistkontoret (tlf. 56 16 43 20)
på øya formidlar leige og har ansvar for oversyn av båt
og båtmotor, som ein treng for å kome seg over fyrsundet. Dette
er en svært populært reisemål. Det er ein eigen fred,
naturkreftene til trass, her ute i havgapet.
Åtte kilometer nord for Fedje ligg Holmengrå
fyr. Det var opphavleg meininga å bygge der først, men: Et
Fyr ved Feje-osen vilde blive til langt mer Gavn for Søfarten, end
om det sattes paa Holmengraa, da det søndre Løb er meget
renere og sikrere end Fejefjord, hvorfor det næsten utelukkende søges
av skibe der kommer fra søen eller skulle til søes (Bjørkhaug,
Poulsson 1986: 228). Derfor blei Hellisøyfyret bygd først
og Holmengrå kom i 1892.
Holmengrå er ei kvit trebygning med tårn.
Tårnet er 16 meter høgt og lyshøgda er 35,5 meter over
høgvatn. Staden har ingen ankerplass eller hamn. Dette er ein svært
verutsett stad, og opp gjennom historia har ein måtte utbetre ein
del på grunn av dette.
I 1940 og 41 blei fyret utsett for eld frå allierte
fly og fekk slik ein del skadar. Krigen førte til at stasjonen ikkje
fekk tåkesignal før i 1954. Seinare endringar er at fyret
blei elektrifisert i 1955 og at det blei montert ein racon (eit instrument
som svarar på signalimpulsar frå fartøy sine radarar)
i 1975. No er Holmengrå automatisert og fråflytta.
Fyret har vore nesten urørt sidan det vart fråflytta,
for om lag ti år sidan. Eg kjenner ikkje til konkrete planar for
kva som skal skje med Holmengrå vidare. Potensialet for turisme er
til stades. Kommunen og reiselivet har uttrykt interesse for staden, men
det er ein del utfordringar. Det første ein må få ei
ordning på er kommunikasjon. Holmengrå er lite tilgjengeleg
på grunn av vertilhøve og tilkomst. Difor vil det vere eit
heilt annleis fyr å drive utleige på enn Hellisøy. På
Grånen, som Holmengrå blir kalla her, blir dei som eventuelt
vil leige til dels isolert – ein kan ikkje reise til og frå Fedje
i ei handvending.
Fyra er populære merke i naturen. Dei er godt synlege
og spesielle byggverk i ein rå natur. Folk kjem gjerne langvegs for
å ta desse bygga i augesyn og overnatting på Hellisøy
er svært populært. Lenge har dei stått, som sivilisasjonens
grensemerke mot den totale villskap – det opprørte hav. |