Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Hordaland
Fylkesfuglen
 

     

 
Kvitryggspetten - Hordaland sin fylkesfugl
Forfatter: Fylkesmannen i Hordaland
Publiseringsdato: 17.06.2005
 

Kvitryggspetten er ein utprega vestlending, men hadde tidlegare ei langt vidare utbreiing. I dag er vår underart av kvitryggspetten nær sagt berre å finne på Vestlandet. 
 

Effektivisering og mekanisering av skogbruket er viktige årsaker til dette, ettersom arten er avhengig av rik tilgang på dødt og døande trevirke. Dei vanskeleg tilgjengelege skogsliene på våre kantar er framleis gode leveområde for kvitryggspetten. Det fuktige klimaet vårt er også eit gode for denne krevjande fuglearten. 

Truleg hekkar ein stad mellom 300 og 600 par kvitryggspett i Hordaland. Den vart valt til fylkesfugl i Hordaland i 1994 etter at folk vart oppmoda i media av Norsk Ornitologisk Forening om å sende si stemme.  
 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal