Fylkesmannen i Hordaland
Tekst: Scandion
Fylkesmann Lars Sponheim er fødd i Halden 23. mai
1957. Han har vore ordførar i Ulvik, storingsrepresentant og partileiar
for Venstre og statsråd i to regjeringar. Han var nærings-
og handelsminister frå 1997 til 2000 og landbruksminister frå
2001 til 2005.
Fylkesmannen i Hordaland held til i Statens Hus som ligg
i Nonneseterkvartalet mellom Jernbanestasjonen og Bergen Storsenter.
Hovudoppgåver
Fylkesmannen har ansvar for å gjennomføre
Stortinget og Regjeringa sin politikk slik det kjem til uttrykk gjennom
instruksar, lover, forskrifter og vedtak.
Han skal fremja fylket sine interesser for sentrale styresmakter,
og sjå til at statleg politikk på fylkesplan vert fagleg samordna
og iverksett.
Fylkesmannen har ei rekke direkte forvaltningsoppgåver
som mellom anna omfattar miljø, landbruk, lovlegkontroll av kommunebudsjetta/kommunale
vedtak og låneopptak i kommunane.
Fylkesmannen har også ei viktig rolle som rettstryggleiksinstans
og handsamar klager på kommunale vedtak på fleire saksområde.
Kjelde: Fylkesmannen i Hordaland.
Fylkesmenn
2010 - Lars Sponheim
1998 - 2010 Svein Alsaker
1984 - 1998 Håkon O. Randal
1966 - 1984 Lars Leiro
1949 - 1966 Mons Lid
1934 - 1949 Gjert Lindebrække
1929 - 1933 Ernst Andreas Johannesen
1918 - 1929 Kristian Friis Petersen
1898 - 1918 Hroar Olsen
1878 - 1897 Claus Nieuwejaar Worsøe
1869 - 1877 Niels Mathias Rye
1860 - 1869 Hans Thomas Meinich
1850 - 1860 Nils Vogt
1834 - 1850 Jens Schydtz
1831 - 1834 Edvard Hagerup
1829 - 1831 Georg Jacob Bull
1825 - 1827 Christian Magnus Falsen
1815 - 1825 Wilhelm F. K. Christie |