Hjelmås
kapell
Tekst og foto: Scandion
Hjelmås kapell vart bygd på dugnad på
under 1 år og innvia 28. mai 1978. Takka være 3000 effektive
dugnadstimar kom rekninga berre på 450 000 kroner. 150 000 kroner
vart samla inn i distriktet. Kapellet ligg på høgdedraget
«Apalen» og arkitekt var Arne Johan Seim.
Kapellet er bygd i tre i tradisjonell stil slik bygdefolket
ville ha den. Og dei ville ha den fort, for tre bygder innan det vidstrakte
Osterfjorden prestegjeld hadde vore lenge nok utan kyrkje. Under bygginga
vart alt som kunne utførast med dugnad, gjort av frivillige krefter.
Plassar : 200
Altertavle : Kors
Orgel : Levert av Vestre Orgelfabrikk 1978
Klokke : Levert frå O. Olsen & sønn
klokkestøperi, Nauen, Tønsberg 1972. |