Lindås kyrkje
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 22.03.2003
Lindås kyrkje. Foto: Scandion.
Lindås kyrkje stod ferdig 20. september 1865. Kyrkja
vart bygd like vest for den gamle. Etter ei restaurering i 1969 fekk kyrkja
nye sakresti, ny hovudinngang og ståande panel på veggane innvendig.
Søndag 27. juli 1969 kunne kyrkjelyden ta i bruk den nyrestaurerte
kyrkja. Frå 1980 og utover fekk kyrkjeskipet nye fargar. Arbeidet
vart utført av malarmeister Kåre Rønquist.
Historie
Lindås er ein gamal kyrkjestad. Alt i 1315 skal
Lindåskyrkja vera nemnt, men då hadde det vore samlingstad
her alt i mange år. Eit steinalter under open himmel var det fyrste
kyrkjebygget, men seinare vart det murt opp vegger på tre sider.
Soleis fekk Alter og prest tak medan kyrkjelyden stod ute på bakken.
Etterkvart kom det store tilbygget slik at også kyrkjelyden fekk
vera under tak.
Inventar
Døypefonten er i kleberstein og truleg frå
1200-talet. I kyrkja er og deler av ei gamal altertavle med årstalet
1606. Lysekrune frå 1620. På veggene i skipet heng det marmortavler
med motiv av kjente personar frå kyrkjesoga. Det er den lokale kunstnaren
Katarina Saltnes som har utført arbeidet.
I 1906 fekk kyrkja sitt første pipeorgel. Noverande
orgel er på 21 stemmer og bygd av H. Jørgensen, Oslo i 1978.
I 1987 etterintonerte Bruno Christensen, Danmark orgelet. |