Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Kyrkja
Ostereidet kyrkje

 

 
     
Ostereidet kyrkje
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.11.2003


Ostereidet kyrkje. Foto: Scandion.

Ostereidet kyrkje vart innvigd 18. desember 1988. Kyrkja er bygd i betong etter teikningar av arkitektkontoret Einar Lunde AS ved arkitekt Bengt Suleng. 

Kyrkja ligg i skrånande terreng i lia ned mot fjorden litt nord for Ostereidet. I form er den ei einskipa kvadratisk kyrkje med saltak. Tårnet har form som ein open takryttar, med synlege klokker. 
 

Gavlfløyen inneheld ein sal som kan opnast mot kyrkjerommet ved hjelp av foldevegg. Den andre fløyen inneheld sakresti, kontor m.v. Kyrkjerommet har rekkjer med armstolar på kvar side av ein midtgang frå inngangsdøra fram til podiet. I kyrkja sin underetasje er forsamlingsrom med kjøkken, garderobe, toalett, reiskapsrom og bårerom. 

Kyrkja har ikkje regulær altertavle, men ei tavleliknande utsmykking som står på podiet inn mot veggen bak alteret. Over alteret heng ei kvadratisk bronseplate med ei framstilling av den korsfesta Kristus i svakt relieff. Plata er laga av Tor 
Lindrupsen. 

Kyrkja har to klokker, levert av Olsen & Sønn klokkestøperi, Nauen pr. Tønsberg. Den største klokka har innskrifta "Gloria in excelsis Deo", den minste "Et in terra pax ("Ære være Gud i det høyeste og fred på jorden"). På den største klokka skal namnet på to brør som kosta klokkene stå. 

Kyrkjegarden, med plass til 233 graver vart laga i bakken nedanfor kyrkja i 1986. 

Ostereidet kyrkje høyrer innunder Osterfjorden prestegjeld. Det vart utskilt frå Hamre og Hosanger, og oppretta som eige prestegjeld i 1967. Prestegjeldet omfattar også Hjelmås Kapell, Vike og Mo sokn. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal