Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Kyrkja
Vike kapell

 

 
  
Vike Kapell
Forfatter: Eli Fjelde Vikan
 Publiseringsdato: 17.04.2001
 
Informasjonen er henta frå "Festskrift Vike Kapellkyrkje" som vart utgjeve i forbindelse med kyrkja sin 100års- feiring. 
Ansvarleg redaktør : Eli Fjelde Vikan.
 

Vike kapell. Foto: Scandion.
 
Vike kapellkyrkje vart vigsla 2. desember 1891 på tomta åt kyrkjegarden. Staden kallast «Sandneset». Dette var «stykker av Maria A. Vikes bygslede indmark». Ho hadde bygsel under Vikes gard, br. nr. 1. 

Den som heile tida hadde vore den drivande krafta i arbeidet med å reisa kyrkje i Vikanes, var Haldor Urdal. Det fall då så sjølvsagt at han vart formann i byggenemndi, dei andre i nemndi var: 
Knut Heimvik, Knut Romarheim (Helland), Askild Lille-Urdal og Haldor Kleiveland. Haldor Urdal fekk alt gjort på beste og billegaste måte, han kjøpte tømmer og skar det på si eiga sag, dei som hadde skog gav tømmer til kyrkja. Ho var kostnadsrekna til kr. 10.000,-. Av dette fall kr. 4.000,- på folket i kyrkjesokna etter likning. 

Der var vanskeleg for mange å greia ut det som skulle til med ein gong, men Haldor Urdal gjekk god for dei og skaffa pengar til veges, så arbeidet ikkje skulle stogga. 
Haldor Urdal var mange år i heradsstyret. Han var ein av dei mest velståande i heile Hosanger og hadde stor vyrdnad. Utan hans utrøyttelege arbeid i mange år, kan ein trygt seia at kyrkja ikkje hadde kome så tidleg. I kyrkja hadde han eigen stol der slekta sat til fram mot 1920-åra. Han hadde óg eigen familiegravstad. 

Mot slutten av 1800-talet vart det bygd mange kyrkjer i Noreg. Dette hadde samanheng med ei stor vekking på denne tida, og det synte seg at hovudkyrkjene kringom vart for små. Nett i denne tida vart Vike kapell reist. 

Tida hadde ingen bestemt byggjestil, slik ein frå eldre tider til dømes kjende namna -romansk- og -gotisk- stil. 
Den einskilde byggmeistar bygde kyrkja mest ut frå lokal byggeskikk og eiga røynsle ut frå dei ressursar han rådde over. Det vart lagt vekt på enkle og reine liner. Kyrkjene var vanlegvis kvitmåla trekyrkjer. 

Vike kapellkyrkje er ei langskipskyrkje.Dette vil seia at her er berre eit skip som endar med koret der altaret står. Dei innvendige mål er: 
Skipet er 11,5 m langt og 9,7 m breitt. 
Koret er 4,5 x 9,7 m. 
Sakristiet er 4,4 x 3,3 m, 
og kyrkjesvali (våpenhuset) (det gamle) er 3,4 x 2,7 m. 
Kyrkja har omlag 200 sitjeplassar. 

Ho sto ferdig seinhaustes 1891, og vart vigsla 2. desember 1891 (ein onsdag), av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. I fylgjet hans var desse med: Prost W. Landstad, sokneprestane: Johan Lavik, J. Fr. Jørstad, G. A. Lampe i Osterøy, sokneprest Chr. Isaachsen til Alversund, og res. kap. J. M. Marstrander frå Arne herad. 

I kyrkjetårnet heng framleis same klokka som vart laga til kyrkja i1891. Ho er laga i Tyskland, og er merka slik: Ceg. V. Bochumer Verein 1891 (fabrikkmerke). 

VIKE KAPELL - KYRKJE 
Forfatter: Eli Fjelde Vikan
 

For oss som lever no, med vegar i alle leier og gode kjøyretøy, er det mest ikkje råd å skjøna korleis folk tok seg fram i tidlegare tider. 

«Hovudvegen» deira var sjøen, og mange hadde lange stykke å gå til fots på kronglete stiar før dei kunne stige ombord i båten. Soleis kunne ei kyrkjeferd verta ei dagsreis eller meir for somme. Me kan gå så langt attende som til 1024 der lova om kristenretten vart vedteken på Mostratinget. 
 

I den sto mellom anna at det skulle byggjast ei hovudkyrkje for kvart fylke, og den skulle vera dåps- og gravkyrkje. Av di Hamre var tingstaden for Nordhordland fylke, vart fyrste kyrkja reist her. 

Hamrepresten var hovudprest (prost). Han var den einaste i fylket som kunne kunne bruka sakramenta, sjølv om der etter kvart vart reist soknekyrkjer kringom, men desse prestane var ikkje så lærde. På denne tida strekte fylket seg frå Bjørgvin (enno ikkje by), luter av Fana og Eivindvik sokn, og rakk like til Sognefjorden. Sjølv så langt fram som på 1700-talet laut folk fara lange vegar til Hamrekyrkja for å få borna døypte, og dei daude gravlagde. Eit døme på kor lang kyrkjevegen kunne vera for dei som budde i utkantane av prestegjeldet, har me nedskrive frå februar 1711: 

«Ein laurdag vart det fødd tvillingar i Stusdal. Dagen etter fór dei til Romarheim, ordna med båtskyss og folk til å ro seg ut etter fjorden. Dei var innom Vetle-Urdal etter eit par som skulle vera fadrar, og så rodde dei til Hamre og fekk borna døypte. Dette var på hardaste vinteren, men alt gjekk vel!» 

«I 1750 vart Hosanger eige prestegjeld med Seim, Mo og Flatekval som anneks. I 1884 vart så Seim skilt frå Hosanger og lagt til Alversund, sidan har Hosanger prestegjeld hatt dei grenser det har enno.» 
Dette sitatet er henta frå soga til Hosanger kyrkje, og «enno» tyder her 1950, og altså galdt desse grensene i 200 år. 

No høyrer båe sider av Osterfjorden til Hosanger prestegjeld, frå Lonevåg og Eikangervåg innetter til og med Romarheim, men sjølv til Hosanger kyrkje var vegen lang. (1891.) 

Hovudferdsla gjekk altså sjøvegen anten det var til byen på handel eller når ein skulle til kyrkje. I den ytre luten av prestegjeldet var landet flatlent for ein stor del, og det var lett å taka seg fram. Verre var det dess lenger inn i fjorden ein kom. Her var høge fjell og tronge dalar, og for ein stor del bratt å taka seg fram. Vinterstid var det heilt uråd for folket på fjellgardane innetter, å koma til sjøen. Hadde folk lang veg til sjøen, så var det då nett her dei samla seg for å ro til Hosanger. Dei trong nok både til klesbyte og rikeleg med niste i skrina sine til slik ein kyrkjeveg! 

I høve 200-års jubileet for Hosanger som eige prestegjeld, ga Hosanger sogelag ut ei bok som heiter: «Hosanger kyrkje og Hosanger prestegjeld gjennom 200 år, 1750 - 1950». 

Sogelaget har gjeve løyve til å prenta på nytt det som er skrive om Vike kapell-kyrkje og om kyrkjegardane på Vike og Romarheim. Det er kome fram nokre nye opplysningar som vert teke med i dette stoffet, og somme av avsnitta er påbygde; til dømes om sjølve kapell-kyrkja. 

Her vert noko frå nyare tid, men det har ikkje vore lett å samle stoff, då mykje ikkje er nedskrive og teke vare på. Og slik fortel soga oss om Vike kapell-kyrkje, og me tenkjer oss attende til 1880-åra: 

«Folket i indre luten av Hosanger sokn hadde lenge hatt dryg veg til kyrkje. I gamletidi laut dei radt til Hamre, og i fleire hundre år hadde dei så reist til Håsong-kyrkja. Merkeleg nok høyrer me ikkje om ulukker på kyrkjevegen i heile denne tidi, jamvel om det stundom gjekk på livet laust. Men vinters dag i kulde og uver var det jamnast ein strid tørn, og mang ei våt trøye fekk dei på kyrkjeferdane sine i dei opne båtane. Det er difor ikkje å undrast over at tanken om eigi kyrkje i indre fjorden kom opp. I lang tid tala dei mann og mann i mellom om dette, at dei skulle hatt kyrkje, utan at noko vart gjort. Men så gjorde dei alvor av det, og sende søknad til Hosanger heradsstyre, som hadde søknaden føre på møte i Bernestangen den 20. februar 1880: «Andragende fra Haldor Monsen Storurdal m.fl. om Hjælp til Opførelse av et Kapel paa eller i nærheden af Vike i Hosanger.» Saki vart utsett den gongen, men var framme att både i april og i juni same år, utan at det vart gjort noko vedtak. 

Den 6. november 1880 vart det meir alvor i det: «Kommunebestyrelsen besluttede at dette Andragende anbefales som berettiget, idet man forbeholder sig senere at afgjøre om Bidrag til Kapellets Opførelse bør udredes av Kommunen, samt om hvorvidt Vedlikeholdelsen af Kapellet, om saadant maate blive Opført, skal udredes av den fælles Kirkekasse.» Så vart det stilt om saki nokre år, og fyrst i 1885 var ho framme att i heradsstyret, i samband med spørsmålet om ny inndeling av preikene. Då vart det halde fram at: «da imidlertid i den indre Del af Osterfjorden er vagt Spørsmaal om Oprettelse af et Kapel, ogsaa i Tilfælle dets Oprettelse, maa tillegges en Del Gudstjenester.» 

Den 28. april same år var atter saki framme, og vart referert såleis: 

«Andragende fra Opsiddere i den indre del af Hosanger Sogn om Indvilgning i at faa et Kapel Opført paa Vike, og oprette eget Kirkesogn.» Men saki vart utsett denne gongen med. I representantmøte 7. des. same år vart referert: «Andragende fra Haldor Urdal m.fl. om Bistand til Opførelse af Kirke paa Vike, og om at Hosanger sogn maa blive delt i to Kirkesogne.» Soknestyret i Hosanger gjorde vedtak om «at henstille til Ansøkerne hvorvidt de vilde bestemme sig for Opførelse af Kapelkirke, istedetfor som i Andragendet anførte Sognekirke, samt fremkomme med Forslag om hvorvidt og i hvilken Udstrekning Rettigheder ønskes overført fra Hovedkirken til Kapellet. Det skulde tillige ansees ønskelig at tegning og kalkyle bliver tilveiebragt». 

Eit halvt år etter, den 15. juni 1886 kom kyrkjesaki fram att i heradsstyret, og vart handsama som sak nr. 1: «Kirkesagen i indre Del av Hosanger Sogn». Vedtak: «Man enedes om at anbefale Opført en Kapelkirke for den indre Del af Hosanger Sogn. Med hensyn til spørgsmaalet om hvorledes midlene til sammes Opførelse skal tilveiebringes, fandt man det heldigst at dette skeede ved private Sammenskud omkring i Sognet, da man ikke ønskede, eller vilde indgaae paa tvungen Ligning til dette øiemed. Man besluttede derfor at lade Indbydelse til Tegning af frivillige Bidrag udsende, hvilken Bidragstegning maa være tilendebragt inden Mikæli d.a.». 

Så skulle då folk i heile sokni skriva seg for tilskot, men det gjekk heller smått med det arbeidet. Somme kom med saklege grunnar i mot, andre med meir personlege. Den økonomiske stoda var også vanskeleg for dei fleste, innkomene var små, og mange hadde meir enn nok med å livberga seg og sine. 

Interessa for saki var sjølvsagt størst i indre fjorden, men jamvel der gjekk det nokså trått, endå dei som var mest ihuga gjorde sitt beste med å få lovnad på tilskot. Då saki så kom fram att i heradsstyret i januar 1887, la ordføraren fram tilskotslistene, «men de udviste ikke den Tilslutning til Sagen som Heradsstyret havde forudseet og ventet, idet det kun var tegnet omtrent kr. 300.-. Man ser sig derfor nødt til at beslutte: Sagen henlegges». 

Etter dette såg det ikkje ljost ut for indre-fjordingane med å få seg kyrkje, for ingen trudde at Hosanger kommune ville ta på seg heile kostnaden. Men så kom hjelpi heilt uventa frå ein annan kant, og løyste spørsmålet om kyrkje i indre-fjorden. 

Den 15. mai 1888 vart det i heradsstyremøte handsama skriv frå stiftsdireksjonen, dagsett 21. desember 1887, om kapell på Vike. Hosanger-kyrkja var for liti etter lov av 24. sept. 1851, og det kvilde på heile sokni å skaffa nok kyrkjerom. Med 7 mot 3 røyster gjorde heradsstyret vedtak, der dei sa frå at kyrkja nok var for liti etter folketalet, men hadde synt seg stor nok i vanlege høve. Dei vedgjekk og at den lange vegen frå indre-fjorden var ein av grunnane til at kyrkja ikke var meir fullsett til vanleg, enn at det var plass nok. Dei kunne ikkje seia anna enn at kravet om kyrkje i indre-fjorden var rettkome, men «da imidlertid den ytre Del av Sognet ikke finder seg fortrængt med hensyn til kirkerum, tør Herredsstyrelsen for nærværende ikke vove at gaa med paa nogen Bevilgning og tvungen Udligning af Sognet til denne kirke». Elles var det samrøystes vedtak om skyss og nattehald, såleis som i møte den 25. juli 1887. Likeeins at vedlikehaldet skal gå av sams kyrkjekasse, om båe kyrkjer vert sokni sin eigedom, og det vart og gjort framlegg om ordning av preikene. 

Men stiftsdireksjonen var ikkje nøgd med dette, og i heradsstyremøte den 3. desember same år låg det føre nytt skriv, der Hosanger vart oppmoda om snarast mogeleg, anten å utvida kyrkja som no er, eller byggja ei kyrkje til i sokni. Heradsstyret vedtok å spørja seg for, om båe desse kyrkjene ville verta rekna som ei med omsyn til dei krav lovi set om storleik. Teikningane til kapellet synte at det var planlagt med 200 sitjeplassar, og jamvel om dette vart rekna med i hovudkyrkja, ville det endå verta i minste laget med plass etter lovi. Dei ville sikra seg at dei ikkje vart nøydde å byggja på hovudkyrkja, etter at det var reist kapell. Men for å få alle alternativ utgreidde, vart det vedteke at ein skulle få kostnadsrekna ein plan om påbyggjing av hovudkyrkja, og ei nemnd vart vald til å stella med det. 

Anders Lavik førde til i møteboki at han ville det skulle byggjast kyrkje i indre fjorden, og at det vart løyvt kr. 200,- av heradskassa, utanom løyving av kyrkjekassa. 

Endeleg - på heradsstyremøte i Vikaneset 13. mai 1890 - vart kyrkjesaki avgjort. Det vart fyrst røysta over eit framlegg om at det skulla haldast kyrkjelydsmøte om saki andre pinsedagen; det fekk 3 røyster. Haldor Urdal gjorde då dette framlegg: «Til opførelse af Kapelkirke i indre Hosanger efter foreslåt tegning, udredes af den fælles Kirkekasse kr. 6.000,-, at betale i 5 paa hinanden følgende aar, 1891 til og med 1895, saaledes at et Beløp af kr. 3.000,- tages av Sogne- og Kirkekassens Beholdninger og udbetales ved Bygningens paabgynnelse. De øvrige kr. 3.000,-, der tages paa ligning, udbetales med kr. 600,- aarlig i de nævnte 5 aar. Hvad der iøvrig udfordres til Kirkens fuldførelse, udredes privat af de Gaarde der er bestemt tillagt Kapelsognet». 

Dette framlegg vart vedteke med 8 mot 3 røyster. (Berre repr. for Hosanger sokn røysta i denne sak.) Anders Lavik gjorde framlegg om at kr. 400,- av den sams kyrkjekasse vart løyvt til kapellet, og at denne summen skulle vera til avdrag på dei kr. 600,- som skulle liknast ut på Hosanger i 1891. 
Dette vart samrøystes vedteke. 

Stiftsdireksjonen skreiv no om eigedomsretten til kapellet. Heradsstyret gjorde samrøystes vedtak om, at då det er bygd av private med tilskot frå sokni, var det deira meining at det vart sokni sin eigedom, sameleis som hovudkyrkja. Folket i kapellsokni laut no gjeva frå seg stolestadene i hovudkyrkja, og få seg nye i kapellkyrkja. Sistpå vart det nemnt, at det alltid hadde vore heradsstyret si meining at kapellet skulle byggjast i Sandneset (Vikaneset). 

I heradsstyremøte 10. juni vart lese kgl. res. om byggjing av kapell-kyrkje på Vike. På same møte vart og lese stiftsdireksjonen si godkjenning av «preiker, skyss og nattehald o.m.» 
  

Om inventaret i Vike kapell 
Forfatter: Eli Fjelde Vikan
 
Altartavla: 
I «Preste-journal for Hosanger 1875 - 1920» står eit sitat: «1893 - Altarbilete kan setjast opp i Vike». Etter som kyrkja vart vigsla i 1891, er det difor uråd å seia om dei berre nytta altarbordet i byrjinga. Biletet som vart sett opp, syner den lidande Kristus på krossen. Motivet med den lidande Kristus har røtene frå gotikken (1200-talet og utetter til 1500-talet). 
 

Det var på denne tida vanleg å måla lidinga, eit sentralt kristent symbol, i motsetnad til dei tidlegare romanske bileta som synte den triumferande Kristus. (Rom. stil 1000-talet.) 
Altertavla er måla av ein kontormann i Bergen, Nicolaysen. Kostnaden den gongen var kr. 200,-. 

Altardukar: 
Om desse veit me heller ikkje om der var duk frå byrjinga. Vi fann to dukar i kyrkja. Den vi reknar som den fyrste, etter minnet, har hekla bord med korsmotiv. Den er hekla av Gudrun Bjørsvik. Me veit sikkert at duken var på altaret i 1930-talet. Neste duk er i svartsaum brodert på lin. Han er muligens laga ved Husfliden ein stad på Austlandet. Me vantar opplysningar om den. Siste duken kom i 1981. Det er ein duk i Hardanger-saum. Det kom tilbod frå Ingeborg Molvik om å sy alterduk (soknerådsmøte 18/6 - 80). Ho ville sy duken gratis, og soknerådet skulle kosta materialet ho trong om. 

Døypefontar: 
Den eldste døypefonten dreia han «Nils i Høyen» då han var 15 år. Den kom på plass då kyrkja var ny. Sjå elles eigen artikkel om Nils. Der står og om søylene til altaret som han laga. Denne døypefonten var i bruk heile tida fram til 1947. Då samla folk i soknet inn pengar og fekk teikna ein ny døypefont. Han skal vera teikna av kommunearkitekten i Aker, særskild for Vike kapell. Døypefonten er hogd av kleberstein hjå Vestlandske Steinhuggeri i Bergen. Til denne døypefonten gav Anders Heimvik eit vent dåpsfat av sylv, (1,5 kg) og noko seinare gav han og Thea Bjørndal ei sylv dåpsmugge. Båe tinga er ein prydnad for kyrkja. 

Kyrkjeorgla: 
Alt i 1895 vart det vedteke at lærar i Vike-krinsen skulle vera klokkar. Dette året tok Johannes Urdal, Vikanes (gamleskulen), til som klokkar. Han trong nok ha ei god songrøyst som skulle leia ein kyrkjelyd i song! Noko instrument var her ikkje. 

Då Magne Haukøy tok til som lærar og klokkar i 1920, vart stillinga hans også organist. 
Bygdefolket samla inn pengar og kjøpte eit lite orgel som vart sett opp framme i kyrkja. Dette var i bruk til 1939. Då vart eit nytt og større orgel innkjøpt; og det fekk plass på galleriet. Om dette orgel les du meir i stykket om Nils A. Urdal (Nils i Høyen). 
Det siste orgel til no vart innkjøpt i 1975. Dette står óg på galleriet. Orgelet er elektronisk mrk.: «Baldwin». Den gongen løyvde Lindås kommune pengar til orgelkjøpet (25.000 kr.). 

Av inventar er fleire ting gjeve. Den store ljosekruna er ei gåve frå Haldor Urdal og Anders Andersen Romarheim. Lampa er laga for parafinbruk, og har ein vid krans av talgljos kring parafinbrennaren. 

Sokneprest, seinare prost, Ole O. Urdal, har gjeve den sjuarma ljosestaken av messing som står på altaret, til minne om foreldri sine, Ole N. Store-Urdal og Gjertrud Askildsdatter. Dei to mindre ljosestakan. er også gjeve. 

Blomevasane på altaret er skaffa fram av Ragnhild Hellan, og eit svart kisteklede er kosta av Sverre Hellan. 

Vike Kapell har vidare 1 kalk og 1 disk samt 33 særkalkar til bruk ved nattverden. 

Der er 2 gamle steintøymugger som før i tida vart nytta til påfylling av altarvin ved store altargonger. 

På altaret ligg Bibel, salmebok og dei liturgiske skrifter. 

Messehakel : 
Der er no ei messehakel som er djup plommeraud på farge. Til hundreårs-høgtida får Vike Kapell 4 nye messehaklar i fargane kvit, raud, grøn og fiolett (dei liturgiske fargane). 

Til disse, og til 4 altarklede og 4 teppe til manuskriptbrettet på preikestolen, er det kome inn pengar ved å halda basarar i bygda, så dette kan vel seiast å vera ei slags bygdegåve til kyrkja frå folket i heile Vike sokn. 
  

Til kyrkje i gamal tid 
Nedskrive etter Ivar Vikesund. 

Eg ser for meg ein preikesundag i «Neset» for 70-80 år sidan. Dei aller fleste måtte i båt for å koma til kyrkje, berre dei på Vike kom gåande. 

Bygdevegen til Urdal kom ikkje før i 1915 - 1916. Så kom dei roande: frå Romarheim, Vetle-Urdal, Storurdal, Eikefet, frå øyane, holmane, Heimvik og Padøy, og oftast og frå Kleiveland. Dei hadde ofte sine faste plassar i kyrkja. 
 

Tidlegare hadde kvar gard sine faste plassar i Hosanger kyrkje. Desse hadde dei no gjeve frå seg. 

Mange av mennene hadde enno den skikken at dei bøygde hovudet og heldt hatten for andletet og las eller bad ei stille bøn. Kvinnene tok lommeduk og salmebok mot hovudet, bøygde seg ned og las ei bøn dei og. 

Det var mest mennene som reiste til kyrkje. Dei hadde då gjerne med dei største borna og ungdomane. Ungdomen sat helst på «lemmen» eller galleriet. Svært ofte var konene heime, dei hadde gjerne små born og middagen som skulle passast. 

Men på dei faste altargangsdagane var dei oftast med. Ein kan seia mangt om vanekyrkjegang og vanealtargang, men ein ting skal det seiast om dei gamle: Dei hadde age for det heilage, meir enn mange av oss som lever i dag. Visst var det ein vane for dei å gå til kyrkje, men for mange har det nok vorte ein vane å ikkje gå. Me treng å finna fram att dei gamle ideala til forfedrane, der sundag og kyrkjegang høyrer saman. 
  

Litt om nyare tid 
Forfatter: Eli Fjelde Vikan
 
Det har synt seg mest uråd å finna kjelder frå kring 1900 og utetter. Lite har vorte nedskrive, og offentlege protokollar av ymse slag er ikkje å finna. Såleis har dei ikkje kunna vera oss til større hjelp korkje i Osterøy kommune, Lindås kommune, Statsarkivet i Bergen eller på Universitets-Biblioteket. Einskildpersonar har kome med ting og opplysningar frå eigne minne, så litt har det no likevel vorte å byggja på. 

Borgstova i «Neset» vart bygt kring 1923 - 24. Ho vart før i tida nytta til mange føremål. Kyrkjefolk som kom langveges frå, kunne her byta klede før dei gjekk inn i kyrkja. Her hjelpte konene kvarandre med å ordna «finpussen» før kyrkjegonga, og her veksla dei nyhende om mange ting. Var her gravferd, og gravfylgjet hadde lang veg, vart det etter kvart vanleg å halda matøkt i borgstova. 

I borgstova heldt dei kristne møte, basarar og foreigningsmøte. Ei tid heldt likninga til her, og då Magne Haukøy var ordførar i Hosanger, var det her heradsstyremøta gjekk føre seg. 

Borgstova vart óg ei tid nytta som skulerom. På 1920-talet heldt framhaldsskulen til her. Kring 1940-41 var her snikkarskule v/ lærar Askeland. Også i nyare tid (50-60-talet) var her framhaldsskule. Under krigen lagra dei ris i borgstova og mjøl i kyrkja! 

Kvar gong doktoren kom til Vikanes, var det i borgstova han hadde kontor, fram til midt på 70-talet, då han flytte opp i Grendahuset. Borgstova har vore røystelokale ved vala heilt fram til 1989. 

«Kyrkjekaffi» vart innført i Vike då sokneprest Overå tok til i tenesta her. Då er me samla etter gudsteneste nede i borgstova og får ein matbete og kaffi eller saft. Omframt kyrkjekaffien nyttar me no borgstova mest til ymse slag møte. 

Eit av ynskjemåla til kyrkjelyden er å vøla borgstova, m.a. laga eit lite kjøkken, slik at me kan nytta henne meir i kyrkjelydsarbeidet. 

75-års jubiléet til Vike Kapell 
Til denne tid vart kyrkja «varsamt» restaurert. Arkitekt Lindstøm stod den gongen for arbeidet. Kjelder fortel at veggar og altartavle er haldne i same fargar som før. Dette kan tyda at det vart verande som før, men ein veit ikkje heilt sikkert. Kyrkja vart i alle høve måla innvendig. Noko nytt kom til - kyrkje-benkane vart bytte ut med nye. Der kom og gardiner i kyrkja. Det vart sydde på dugnad i bygda, og leiar for arbeidet var ho Ingebjørg Skei. 

Stutt om tida etter 1985 og fram til jubiléet 
Eg kan ikkje finna at det har vore arbeidd for kyrkja vår med foreining eller liknande. Skulle noko vølast eller nyast oppatt, vart det gjort ved innsamling i soknet, og ved å søkja kommunekassen om tilskot. 

I 1985 tok me til å tala om at det var ikkje lenge att til me kunne høgtida 100-års jubileum for kyrkja. Her var ein god del å arbeida med om kyrkja skulle verta «festfin» til den tida kom. 

Fyrste «Kyrkjebasaren» kom i 1986, og då var målet vårt nye gardiner i kyrkja og og i borgstova. Basaren gjekk så fint at stoff til kyrkjegardiner vart innkjøpt. Desse sydde folk på Romarheim og Vikanes på dugnad, og dei vart hengde på plass til jula 1986. Gardinene til borgstova kjøpte me og fekk sydd vinteren 1987. Der vart pengar att til nye bord i borgstova samstundes. 

Kyrkja hadde berre ein messehakel. Fargen var noko «ubestemmeleg» - nærast djup plommeraud. Ingen veit sikkert kor gamal han er. Fargane på altarkledet og preikestolkledet var heller ikkje i samsvar med dei liturgiske fargane som er vanleg å nytta i Den Norske Kyrkje. 

I samråd med soknepresten vedtok soknerådet å prøva på å skaffa kyrkjetekstilar til jubiléet. I soknerådsmøte av 9/12 -87 fekk Eli Fjelde Vikan ansvaret for å skipa til ny kyrkjebasar i 1988, og i møte av 11/12 -89, nok ein basar i 1990. 

Folka på Romarheim og Vikanes, ja, sjølv mange som var flytta or bygdene, synte heile tida stor interesse for dette arbeidet. Dei gav både pengar og gevinstar, ikkje minst mykje verdfullt handarbeide. Eg må elles rosa dei for alle god hjelp til basarane når det gjeld dei praktiske tinga. Til no har ingen sagt NEI, når eg trong dei. 

Ved siste basaren var det óg på tale at me ville skaffa kyrkja eit høgtalaranlegg om der var pengar til overs etter at kyrkjetekstilane var betalt. Førebels sette me pengane på bankkonto for å få høgast mogleg rente. 

Soknerådet vurderte kyrkjetekstilar frå tre firma. Det synte seg at for den prisen me måtte betala for 1 messehakel hjå eit firma, kunne dei andre levere 4 stk. Fyrste firma kunne ikkje levere sitt arbeid til jubileumsdatoen, og me valde då eit eingongskjøp med dei fire liturgiske fargane: grøn, kvit, raud og fiolett. Sameleis gjorde me i valet av alterklede og preikestolklede. Vike Kapell vil såleis vera godt rusta framover med særs tenlege kyrkjetekstilar i dei rette fargane. 

Soknerådet arbeider framleis med høgtalar-saka. Dette vert kostbart om me skal få eit anlegg me alle kan vera nøgde med. Eg vil ikkje her koma inn på alt det tekniske (målingar, osb.), men dreg me framleis lasset i lag, vil det koma høgtalaranlegg med teleslynge i Vike Kapell om ikkje altfor lenge! 

Det kyrkjelyden mest vil leggja merke til ved 100-års jubildet, er nok det nye våpenhuset, der me etter lang tid no endeleg får toalettanlegg. Dette har vore eit stort sakn i årevis, etter at dei laut stengja «gamle-doen». Han stetta ikkje tida sitt miljømessige krav. Våpenhuset vert forlenga mot nord, men beheld sin opphavelege stil, slik at me kjenner oss att. Golvet i våpenhuset vert hellelagt. 

Meininga var at kyrkja skulle få ny belysning innvendig, få luta av og behandla golvet slik at me fekk fram att det gamle tregolvet. Dessutan skulle benkane målast i «friskare» fargar. Den økonomiske stoda i Lindås kommune er for tida ikkje så god, så i skrivande stund veit me ikkje sikkert om dette let seg gjera. 

Det er arkitektkontoret Vaardal-Lunde A/S i samband med Lindås kommune som har alt arbeidet med restaureringa og vøla utvendig til høgtida denne gongen. Sakshandsamarar frå kommunen er: 
Kjell Bjørnevoll og Terje Fauske. Ansvarleg for det som vedkjem kyrkjegarden og arealet rundt kyrkja og borgstova er: Leif Jan Fosse. Sakshandsamarar frå arkitektkontoret er Arne Hordvik og E. Vaardal-Lunde. 

Når delar av hundreårs-soga til Vike Kapell no er skrive, tyder det slett ikkje at soga er til endes. I tida då eg samla stoff til festskriftet, kom eg fleire stader over sitat der Vike Kapell vart kalla «ei perle»: Til 75-års høgtida vart det då nemnt at: «no står kyrkja som den perla ein biskop spådde om». 

Har me vunne ei kosteleg perle, har me plikt til å syta for at perla lyser og skin også i framtida. Dette kan me som kyrkjelyd gjera ved å halda fram i arbeid for henne, syna ansvar og interesse for alt og alle som kjem kyrkja ved, og ikkje minst at me møter fram til gudstenestene. Slik kan me æra Han som forfedrane bygde kyrkja for. Slik kan me óg æra våre forfedrar som gav oss ein arv å taka vare på og gi vidare til våre born. 
   

Prestar, klokkarar , kyrkjetenarar, medhjelparar, gravarar, ringjarar, kyrkjeverje og organistar 
som har tilhøyrt Vike Kapell 
Forfatter: Eli Fjelde Vikan

 
Prestar : 

1891 - 1909 Johan Lavik, fra Eksingedalen 
1909 - 1914 Knut Saure, frå Sunnmøre 
1914 - 1924 Sigurd Osnes, frå Etne 
1925 - 1937 Trygve Lavik, son til Johan Lavik 
1937 - 1950 Carl Erik Holm, frå Malmø 
1951 - 1962 Hans Salomonsen, frå Nøtterøy 
1962 - 1967 Per Sigurd Værnes, frå Ålesund 

Sistnemnde var kallskapellan i Hosanger med bustad i Modalen frå 1958 - 1962. 
Gunnar Nagel Hartberg var hjelpeprest i Hosanger med Bustad Modalen frå 1948 - 1957. Denne stillinga vart omskipa til kallskapellani i 1956. 

Klokkarar i Vike Kapell 

1891 - 1895 Mjøs, frå Mjøsdalen 
1895- 1911 Johannes Urdal, «gamle skulen», frå Urdal 
1911-1913 Knut Birkevoll 
1913 - 1915 Johannes Urdal var vikar 
1915 - 1920 Reiel J. Dale 
1920 - 01.07.1958 Magne Haukøy, klokkar og organist, frå Vikanes 
1958 - Sverre Hellan, frå Romarheim 
01.03.79 - 01.09.87 Solveig Romarheim, frå Romarheim 
Hausten 1987 Gerd Romarheim, frå Romarheim 

Kyrkjetenarar og medhjelparar 

Marie Vike, gift Vikesund. «Mario i Neset», sjå særskild merknad. 
Ole Vike d.e. 
Nils A. Urdal, «Nils i Høyen», i presten T. Lavik si tid. 
Martin Eikemo, i omlag 6 år, til han flytta i 1928. 
Nils Eikemo, frå 1928 til han døydde i 1946. 
Johannes O. Urdal var medhjelpar i mange år. 
Sverre Hellan frå Romarheim var både klokkar og medhjelpar. 
Martine Toft, frå Vikanes (bustad Vikeholmen) var ansvarleg for reinhald og fungerte som kyrkjetenar til 1979. 
Kjell Larsson, frå Vikanes (Eikefet) frå 01.03.1979. 

Gravarar og ringjarar 

Magne A. Haukøy. 
Andreas Haukøy, slutta som gravar og ringjar nyåret 1959. 
Magnus Haukøy, tok over og arbeidde til omlag 1972. 

Otto Haukøy, bror til Magnus, arbeidde óg i fleire år på kyrkjegarden. Dei var begge tidleg med bestefar sin og seinare far sin for å assistera dei med graving og anna arbeid på kyrkjegarden, og når noko skulle vølast. Så her kan ein seia at arbeidet på kyrkjegarden har gått frå far til son. 

I dag er det den kommunale gravaren som i tillegg til andre gravplassar i kommunen, også har ansvaret for Vike kyrkjegard. 

Kyrkjeverje 

Ole Vike var i fleire år kyrkjeverge. Andre har me ikkje noko om. 

Organistar 

Magne Haukøy 1920 - 1958 
Otto Aksnes var tilsett omlag 12 år. 
Bjørn Bjørge var hans medhjelpar, og er framleis nytta. 
Odd Leif Mjøs, vikar ei stutt tid, til me fekk noverande. 
Anne Britt Låstad Wergeland 1990 - 
  

KYRKJA I STRANDKANTEN 
Av Johannes Valle 

«Dei gav oss ein arv». 

Vikanes utan kyrkje - det var ein gong. I hundre år har den kvitmåla kyrkja lyfta sitt tårn tett i strandkanten i Neset, der ho markerar seg avgjort mellom bygningar. Naturleg er ho mest synleg når ein kjem fjordleies både utafrå og innafrå. Sjøvegen førde hit. 
 
Kyrkjestaden har lege som eit geografisk sentrum i Kroken. Hit kunne dei sigla og ro. Landevegen er av nyare dato. Til Hosanger, som over hundre år attende var kyrkjestaden, var reisa både lang og slitsam. Fjorden låg ikkje alltid still. Om seglvinden var god eine vegen, skulle det godt gjerast om segla kunne brukast attende. Men fjorden åtte eit slitarfolk. Og levekåra var ikkje til vanleg så rundelege. Arbeidssame var dei, og er dei. Dugande i det dei har teke seg føre. Men ville nokon kalla dei for reine materialistar utan særleg sans for kristelege og moralske verdiar, så står kyrkja der og fortel at dei hadde høge ideal bygd på kristen tru. Visjonen om eige kyrkjehus var levande. Det som kyrkja står for var så verdfullt at dei ville flytta det under «eige tak», og det så nær folket som mogleg. 

Difor bygde dei kyrkje. Dette vitnar om tru som hadde byggjande kraft i seg. Det vitnar om ein kjærleik kveikt av evangeliet og eit syn for det evige livet, som slektene måtte få i arv. I takksemd til dei farne slekter får me vera med og markera hundreårsminnet med oppmoding til kvarandre å «halda den arven i stand». 

«Det grodde så vent». 

Då kyrkja vart bygd var det åndeleg grotid i landet. Men grotida kom ikkje dettandes utan innsats. Frå kristningstida på tusentalet og fram til vårt århundre kunne mange slags bilete av kyrkjelivet vore teke. Ein historiefotograf kunne ha vinkla inn ulike motiv. Stundom kunne vel kyrkjeåkeren sjå ut som tilgrodd mark. Men trua har overlevd. Og plog vart sett i jorda. Me kan berre gå attende ca. 150 år før Vike kyrkja var bygd. Då kjem det i gong ein kyrkjeleg aktivitet som set si frukt i Hauge-rørsla og som avla misjonsaktivitet både på innanlands og utanlands mark. Nokre data syner dette: Året 1736 vart konfirmasjonen innførd. Den kristne oppsedinga skulle svara rekneskap. Året etter (1737) kom kristenlæra - Pontoppidans forklåring, og to år etter dette (1739) kom skulelova. Folket skulle læra lesa, rekna og skriva. Her var kyrkjeaktivitet til gagns. Går me så fram 60 år, treffer me ungguten Hans Nielsen Hauge på åkeren der han får si «Damaskus-oppleving». Året var 1796. Var han vel ikkje ei frukt av kyrkjeaktiviteten? Og alt vaknande kristenliv som fylgde i hans spor, var det vel noko anna enn friske skot på det gamle kyrkjetre? «Det grodde så vent i lier». Då Vike kyrkje sto ferdig kunne såleis Det norske Misjonsselskap bu seg til sitt 50-års jubileum. Andre organisasjonar var kome til. Tenk berre på kor misjonselden fata kring ein mann som Lars Olsen Skrefsrud den tida. Og Norsk Luthersk Misjonssamband er nett jamngamal med jubilanten på Vikanes. 

Bygdene som høyrde under Hosanger kom tidleg med i misjonsarbeidet. Her vart mange arbeidslag. 
Trua måtte vitna. Evangeliet måtte førast vidare - i tid - til nye generasjoner her heime og - geografisk - til nye land og folk. 

Som ei Noa-ark har kyrkja stått der i hundre år, og vore eit vitnemål om Guds frelsesvilje for oss alle. Klokkene har kalla. Songen har tona. Ordet har lydt. Dåpsfylgje har bore ein for ein av oss inn til Herrens fang. Konfirmantane har vore for Herrens åsyn. Brurefolk har fenge si vigsla. Og herifrå samlast ringen om ei båre til siste farvel. Stemnedagar har drege folket saman til fellesskap, då ein kunne reisa heim fornya til dei oppgåver kvardagen kravde. 

«Spenning har det vore». 

Spenning har det vore i kyrkja. Ein hovudgrunn til dette var den lova som gjekk under navnet konventikkelplakaten, ei pietistisk ordning (gjeven 1741 og bortteken 1842) som var motivert frå den tanken at det reine evangelium måtte vernast mot vranglære. Motivet var såleis godt, grunngjeve som det var med Herrens ord: Vakta sauene mine. 

Ingen måtte forkynna utan offentleg godkjenning, ulykka var berre den at det offentlege styringsverk i kyrkja og Stat ikkje såg Hauge-rørsla som frukt på det gamle kyrkjetreet. Ja, som frukt av ein 60 år gamal kyrkjeaktivitet, noko som atter var frukt av Den Heilage Andes gjerning i folket. 

Sjølv om spenninga i blant har hatt ein positiv verknad, er det vel ikkje til å koma i frå at tillitsforholdet mellom frivillige og lovfeste organ i norsk kyrkjeliv har lide skade. Den stengsle som Hauge i si tid møtte frå visse hald i kyrkja, har ein, i kyrkjeleg samanheng til tider, møtt att frå organisasjonshald i ein «pass-deg-for-kyrkjahaldning». Likevel har samarbeidet dei fleste stader fungert fint. Men det fanst stader der samarbeidstanken ikkje vann fram, sjølv om begge partar ville det same og stod på den same grunn. Her har det vore bruk for visdom frå begge sider, etter som det heile kunne stranda meir på det personlege forhold i leiarsjiktet enn på sjølve ordningane. 

«Saman mot nye mål». 

No gjeld det å halda klårt at kyrkjelyd av atterfødde menneske er som ein lekam med sine ulike lemer, med kvar sin funksjon i tenesta for heilskapen. Oppgåva er å presentera Kristus i verda. Difor bad han og den siste kvelden i nattverdssalen om at hans folk i framtida måtte vera eitt - «så verda kan tru». Viktig er det då å koma i hug at me skal vera berre ein del av ein heilskap, såleis som handa er det i høve til lekamen. Vil handa vera noko for seg sjølv, svekkjer ho seg sjølv og heile lekamen med. 
Derimot: Den handa som villig fører mat til munnen vil sjølv få styrke attende. Måtte alle som har leiaransvar i kyrkje og organisasjon sjå dette klårt. Då vil det å kunne godkjenna kvarandre vera det mest naturlege av alt. Då kan me gleda oss saman. Då kan det gjerast sams framstøyt mot nye mål. 

Der er visseleg mange i ringen omkring Vike kyrkje på hundreårshøgtida som står saman i dette ynsket. 

La Ordet gå i arv og eie 
til våre barn i tusen ledd 
og vise oss de rette veier 
til liv og nåde, trøst og fred, 
og lede alle inn til Gud, 
så har det ført sin gjerning ut. 
 

Vike kyrkjegard 
Forfatter: Eli Fjelde Vikan

Etter som tidi skreid, vart det eit stendig sterkare ynskje frå folk i indrefjorden at dei måtte sleppa reisa like til Hosanger når det var gravferd. Både var vegen lang, lenger enn nokon annan i sokni hadde, og vinters dag var det ofte vanskar å strida med. Etter som gamle folk har fortalt, kom kravet meir fram etter den mislukka freistnaden med å leggja den nye gravstaden på Hosanger 1,5 km inne i utmarka deira Mjøs. 

Fyrste gongen kravet kom fram offentleg, var på eit møte i heradsstyret 26. august 1874. Det vart lese søknad frå «Oppsidderne paa Gaardene Haukøen, Egefede, Egemo, Fjelde, Store-Urdal, Lille-Urdal, Romerheim og Stutsdal om Tilladelse at faa anlægge en Begravelsesplads paa Vike i Hosanger Sokn». Saki vart utsett den gongen, men kom oppatt i november same år. Då var Heimvik, Kleiveland og Padøy komne med. 

Samrøystes vedtak: «Kommunebestyrelsen erkjender fuldt ut Nødvendigheden af at en Begravelsesplads anlægges inden de Gaarde, og bevilger de fornødne Midler til sammes Indkjøb og Oparbeidelse af Hosanger Kirkekasse». Til rettleiing for autoritetane gjer dei kjent at folketalet på desse gardane er omlag 400. 

Gravstaden skal vera 50 alner lang og 34 alner brei = 1700 kvadratalner, gjerdet medrekna. Han skal kjøpast av garden Vike, som ligg i sentrum, og betalast med 4 3/4 sk. pr. kvadrat-alen, «og vil i enhver Henseende ansees skikket dertil». 

På heradsstyremøte i februar 1875 vart det pålagt ordføraren «at indgaa med underdanigst Ansøgning om denne Hjælpekirkegaard,» og det vart løyvt skyss til presten på vanleg måte in natura to gonger for året, og lovleg dietgodtgjerdsla av heradskassa. Kyrkjegarden vart vigsla den 4. sept. 1875. 

Den nye kyrkjegarden hadde rikeleg plass for graving i mange år, men då det lei over hundreårsskiftet, tok det til å verta trongt om gravplass, og då jordi var slik at det ikkje gjekk med oppattgraving, laut dei gå til utviding i 1915. Det vart då tillagt 1/2 mål den 21.12.1915, og ei ny utviding mot sydaust i 1926. Fram mot 1930 var det berrsynt at ei slik utviding laut til, og no vart det verre; det var ikkje meir lagleg grunn i nærleiken. Den einaste utvegen var å føra jord til. Langs strandi nedanfor kyrkja vart det støypt opp ein støttemur, og så fylte dei innanfor med jord som vart ført dit sjøvegen frå «Sauvika» på Vike og frå Vetle-Urdal. Kyrkjegarden vart no utvida mot nord-vest, og dette var i 1932. 

Det kan nemnast at «Kroken» mållag har kosta litt fjelging av Vike kyrkjegard: fekk mur oppsett langs kyrkja, steintropper lenger borte o.a. Fylkesgartnar Ludv. Krohn Dale har arbeidt ut plan for ordning og planting kring kyrkja og gravstaden: støttestøypinga skal murast inn med gråstein, og utanfor i fjøra skal murast og stellast til veg, som skal gå rundt soknestova. Austanfor kyrkja er det meiningi å planta ymse slag prydtre. Planen er vedteken, og arbeidet påbyrja. Dette arbeidet vart ferdig kring 1951. Det vart nemnd at kyrkjegardsgrunnen var dårleg skikka til å grava oppatt i. Ho inneheld mykje sigeleire, og det lyt ofte fyllast meir jord oppå. Dette gjorde dei til dømes i 1961 i feltet nord for våpenhuset mot kyrkjegardsmuren, og i 1963 mot heile vestsida. På slutten av 1980- talet var austsida av kyrkjegarden så skeiv vorten at det laut ei storvøla til. No var det mest uråd å grava på dette stykket, som attpåtil ligg i skråbakke. Då det samstundes (1990) vart vedteke å utvida vegen frå kyrkjegardsporten (hovudinngangen) slik at ein lettare kom fram med brøytereidskap om vinteren, tok ein vekk ein gamal støttemur og fjerna nedste gravrekkja. Det vart støypt ein solid mur langs sida, ny mold vart påfylt, og dette feltet retta opp. 

Betongmuren vart kledd med gråstein frå den gamle muren, og oppå vart det oppsett eit gjerde. Det vart og laga ny solid trapp mot denne delen av kyrkjegarden som no ligg noko høgare enn vi var vande med. Mot sjøsida er oppsett eit gjerde i tre i staden for det gamle notgjerdet som var sundrusta. 
Her er påfylt jord kor det er meininga å planta buskar til livd. Planane om planting kring kyrkje og kyrkjegard som ikkje vart heilt til røyndom på 50-talet, ser soleis no ut til å verta fullført. 

Stien ned til til kyrkje og borgstove er no vorte «bilveg». Asbjørn Bjørndal har synt stor velvilje og overlate ein del av eigendomen sin til dette føremål. Me har fått ein god veg til både køyre og gå i som ikkje er så bratt som tidlegare. Utanfor borgstova vert det og noko endring. Vegen her vert mindre bratt, og det vert beplantning mellom borgstova og kyrkja. 

Romarheim kyrkje gard 

Romarheim-krinsen, som ligg lengst inne i Hosanger sokn, hadde støtt lengste veg til kyrkje og gravplass. Då det vart kyrkjegard på Vike i 1875, tykte saktens også folket i Romarheim-krinsen at dei hadde fått det etter måten lagleg. Men isvanskane kunne stundom vera leie nok, jamvel om det ikkje var meir enn ei halv mils veg om å gjera. Og litt etter hundreårsskiftet, då det var tale om utviding av Vike kyrkjegard, meinte dei på Romarheim det var betre dei fekk seg eigen gravplass, så vart det lettare for dei ved gravferdar, og det tente til avlasting for Vike-gravstaden som heldt på å verta for liten. 

Men dei gjekk ikkje den vanlege vegen om heradsstyret, men tok saki i si eiga hand, og kjøpte privat omlag eit mål jord på Åsen i Romarheimsdalen. Stiftsdireksjonen gav 19. oktober 1910 godkjenning på at gravstaden vart nytta såleis: 
420 kvadratmeter vert lagt ut til huslyd-gravstader åt dei 14 huslydane som har kosta gravstaden. Resten av gravstaden skal brukast til vegar, og til gravplassar åt dei som høyrer heime på Romarheim, Stusdal, Nipo eller Dyrkolbotn, men ikkje høyrer til nokon av desse huslydane. Vert den luten som ikkje er teke til huslyd-gravstader for liten, fell retten til å hava desse vekk, og heile gravstaden vert å nytta til ålmenn graving. I møte på Romarheim den 13. desember 1910 vart huslydgravstadene delte, slik dei enno er. 

Heradet har seinare overteke gravstaden. 

Frå 1964, då «nye Lindås kommune» vart skipa, er det dei som har teke over ansvaret for kyrkjegardane på Vike og Romarheim. 

  
Utsmykning av kyrkja 
Forfatter: Eli Fjelde Vikan

I bygdene våre har det alltid vore dei som har synt særleg interesse for kyrkje og kyrkjeliv. Ein som kom til å engasjere seg sterkt for kyrkja vår, var gardbrukar Ole Vike. På 30-talet tok han til som kyrkjeverje, og denne stillinga hadde han til etter 75-års jubiléet (1966). 

Mot slutten av 40-talet leia han det store arbeidet med å utvida arealet kring kyrkja og borgstova. (Sjå meir om dette under Vike kyrkjegard.) 

I si tilrettelegging av arbeidet tenkte han alltid på heilskapen og det estetiske i det som vart gjort. 
Arbeidet kring kyrkja vart ferdig i midten av 50-talet og har vore slik til desse dagar. 

Men om eitt arbeid var ferdig, kom der nye til. Då 75-års høgtida nærma seg, var han med sin kjennskap til kyrkja og det som trong gjerast der, sjølvskriven i arbeidet med restaureringa og sjølve jubileumsfeiringa. 

Etter mange år i kyrkja si teneste, fekk han så tanken om at det burde koma glasmåleri i dei fremre glasa. Dette ville gjeva kyrkja ekstra høgtid. Han såg det likevel vanskeleg å finna midlar til dette. Difor sette han av ein sum til glasa av eigne midlar. Til 100-års høgtida får no kyrkjelyden glede av at desse glasa vert røyndom! 

Me har ikkje lenger han Ole Vike med oss, men vonar at ho Anna, kona hans, får høve til å vera til stades på jubileumsdagen. Ho var sjølv aktiv i kristent arbeid i bygda her, m.a. ei årrekkje som formann for den eine misjonsforeininga på Vikanes. Vikesoknet gler seg over gåva! 
   

KYRKJA VED ALLFARVEGEN 
Forfatter: Per Lønning

Vike kapell var tenkt som kyrkje ved allfarvegen, og har meir enn kyrkjer flest halde på si sentrale plassering jamvel i eit samfunn der busetnad og kommunikasjonstilhøve har vore i radikalt omskifte. Allfarveg den gongen var fjorden. Og ser me plasseringa av kyrkjehuset på Vikaneset i høve til kontakt og samferdsle i det som den gongen var Hosanger prestegjeld, slår det oss at plasseringa utfrå tilhøva den gongen var heilt genial. Båtferdsla etter fjorden var det som knytte grender og gardar saman, og i høve til Hosanger kyrkje vart gudshuset på Vikaneset eit livsviktig tilskot til gudsteneste- og kristenliv i ei grend der det var sjøen som knytte saman, medan knauser og koller stengde. 

I dag er samferdslemønsteret eit heilt anna, det er køyrevegen til lands som knyter saman, medan me opplevar sjøen skiljande på ein heilt annan måte enn i gamal tid. Men slik hovudferdsleåra på fastlandssida no ein gong går, kan me slå fast at Vike kapell ligg like sentralt som for 100 år sidan. Og for dei som soknar til kyrkjelyden, er det svært mykje enklare og tek mykje mindre tid å koma til gudsteneste i dag enn i tipp-oldeforeldra våre si tid. 

Det viktigaste når det gjeld ei kyrkje, er likevel ikkje ei sentral plassering i høve til geografien, men sentral plassering i høve til samfunn og folkeliv i det heile. Og der kan det vel vera at dei omskifte som har gått for seg gjennom 100 år, kan verka meir problematiske. Dei utfordringane eg her har i tankane, er ikkje særskilde for Vike, dei gjeld folket vårt og kyrkja i det heile. Kor sentralt ligg kyrkja i høve til dei vegane me ferdast på til dagleg? Aldri hadde me så god tid som i dag, og aldri hadde me det så annsamt. Det var ein gong då sundag og kyrkjeferd var eit kjærkomme avbrot i kvardagsstriden på gardane, og helg og kvild vart opplevde som dyrverdige livsgode av dei fleste. I dag vert helga lett til eit mas med ting som me ikkje fekk tid til elles i veka, og det me har att av ho, vert slukt opp av fritidsinteresser av det eine eller det andre slaget. Svært mykje av dette kan vera godt og gagnleg i seg sjølv, men duger det til å gje oss eit sentrum i tilveret, rekk det til for å gje oss livsinnhald? 

Kyrkjehuset på Vikaneset ligg sentralt til, ikkje berre når me ser det frå fjordsida, der det lyfter seg så fint i landskapet, og det kvite tårnet speglar seg i sjøen. Det toler godt å sjåast av bilturisten på landevegen og. Sentralt som det ligg der, skulle det minna oss om det heilt sentrale i livet. Tilveret vårt treng eit midtpunkt. Fellesskapet i bygd og grend treng ein samlingsstad i sorg, i glede og i tilbeding som gjev midtpunkt til alt som heiter lyd og lag og menneskeleg samhøyr. 

Gud signe Vike kapell og Vike kyrkjelyd! Gud lære oss å samlast rundt det som er sjølve sentrum i tilveret: Hans eige skapande og livsfornyande ord. Alt godt for kyrkjejubileet! 
Dykkar Per Lønning. 
 

Osterfjorden - eige prestegjeld
Forfatter: Eli Fjelde Vikan

Då Osterfjorden prestegjeld vart skipa 01.10.1967, vart det klårt at der måtte reisast eiga soknekyrkje. Vike skulle framleis vera kapellsokn. Presten som vart tilsett skulle vera sokneprest i Modalen, Vike og Ostereidet sokna. 

Desse har vore i teneste i det nye prestegjeldet: 

Lars Vik var vikarprest frå 01.10.1967 - 01.06.1969. Han styrde det nye Osterfjorden prestegjeld til den fyrste soknepresten tok til. 

Monrad Kristofer Taule, f 13.03.1908. Utdanna typograf med meisterbrev. I fritida studerte han teologi. Krigen sette stoppar for studiene, og han tok emb.eksamen i 1947. Han interesserte seg for sundagsskulearbeid, var med å stifta Kristne Arbeideres Forbund, og ivra for Sjømannsmisjonen. 
Til Osterfjorden kom han i 1969 og var her til 1976, då han vart pensjonist. Monrad K. Taule døydde 27.06.89. 

Helge Hitland, f 19.08.44, tok over som sokneprest i Osterfjorden frå 01.06. 1976, og var her til 1984. 

Vilhelm Overå, f 1948, er vår noverande sokneprest. Han kom hit frå Loddefjord menighet, der han var frå 1979 - 1984. I Osterfjorden prestegjeld tok han til i juni 1984. 
 

Kyrkjesongar Johannes Urdal
Forfatter: Eli Fjelde Vikan

Klokkarane ved hovudkyrkja gjorde teneste ved alle kyrkjer i prestegjeldet til 1842; då Mo og Eksingedalen fekk eigen klokkar. 

I 1891, då Vike kapell vart bygt, reiste difor klokkar Ole Mjøs frå Hosanger til Vike kvar gong det var gudsteneste. 

I 1895 vart lærar Johannes Urdal tilsett som klokkar i Vike. Johannes fekk tilsettingsbrevet frå biskop Hvoslef i Bergen. 
Som tidlegare skrive var han klokkar her frå 1895 - 1911, og vikar i åra 1913 - 15. 
  

Nils A. Urdal 
Av Asbjørn Bjørndal 

Etter gamle bilete å døme, var det karar i sin beste alder som stod for byggjinga av kyrkja. Det kan ikkje seiast om Nils A. Urdal, eller «Nils i Høyen», som han til dagleg vart kalla. Han var fødd i 1874, og som 14-åring stod han for alt tredreiararbeid som skulle utførast. Det er soleis han som har dreia alt til altarringen og altartavla. 

Døypefonten, som var i bruk fram til 1947, var hans verk også. Han dreia den av eit stykke, måla den slik at den skulle sjå ut som marmor. Oppe var den forma slik at eit gamaldags emaljert vaskevannsfat passa oppi. I midten var det bora hol, slik at når dåpsseremonien var over, var det berre å slå dåpsvatnet i grunnen. Døypefonten som Nils dreia var i bruk i ca. 55 år, så det er mange som har fått navn og velsigning ved den. Heldigvis er den teke vare på. 

Året 1920 vart det kjøpt eit lite orgel som vart plassert i koret på venstre side, her var det svært trangt, og elles ei lite høveleg plassering. I 1939 vart det kjøpt nytt og større orgel. Dette skulle då plasserast på galleriet, det gjekk den gongen rett over bak i kyrkja, og her var det heller ikkje plass. 

No kom «Nils i Høyen» inn att i bildet, han bygde galleriet fram over midtgangen. Dette arbeidet gjorde han så bra, at alle kan tru det har vore slik frå nytt av. 

Det må også nemnast at Nils var kyrkjetenar i Vike kapell i ei årrekkje, like til han reiste til dottera si på Unneland. Han døydde i Hatlehaugen, 10.08.1959. 
 

Maria Vike 
Forfattar: Asbjørn Bjørndal og Eli Fjelde Vikan. 
 
Skal ein dra fram personar som har gjort ein stor innsats for kyrkja her, lyt ein ta med Maria Vike, eller «Mario», som var det namnet som vart brukt. Då kyrkja skulle byggjast, var det «Mario» som koka all maten til arbeidskarane, og ho stelte vél om dei. 

Etter at kyrkja var reist, var det ho som fekk ansvaret for varme og reinhald. Den gongen hadde dei spyttebakkar på golvet mellom benkeradene. Ved gudstenester måtte desse vera reine og fylte med sagerubb. Det var sikkert ikkje så triveleg å gjera dei reine etter bruk. 

Ved gudstenester på kalde vinterdagar måtte «Mario» byrja fyringa kvelden før, og passa på ovnen heile natta. Det seiest at ho både sagde og kløyvde kyrkjeveden sjølv. Ovnen i kyrkja var høg og stor, ein koksovn som sto på venstre sida i kyrkja. Den sto til 1966, då der vart montert elektriske ovnar. 

«Mario» hadde og ansvar for at «presten befant sig vel» når han kom for å halda preik. Den gongen kom presten frå Hosanger med rutebåten laurdags kvelden, og han overnatta i «Prestestova». Dette var ei lita stove som sto ned mot kaia i «Neset». Mellom hennar hus og «Prestestova» gjekk ei smal rås som ho nytta når ho bar maten ned til han. 

Sundags morgon måtte «Mario» gå med frukost til han, då skulle han ha kaffi. Etter preika skulle han også ha mat, men då var det kakao som var vanleg. I firetida om ettermiddagen gjekk rutebåten utatt til Hosanger. 

«Mario i Neset» vart tidleg enkje. På den tida hadde ein ikkje sosialhjelp og trygdeordningar slik me er vande med no. Ho laut syta for seg og sitt med mange og tunge arbeidstak. Det var ingen 9-16 jobb ho hadde! Ho vart av alle karakterisert som eit uvanleg snilt menneske, med ein venleg smil og gode ord til alle ho kom i kontakt med. Dei siste åra ho levde, såg ho dårleg og hendene hennar var krokete av hardt arbeid. Ho hadde likevel sut for kyrkja og oppgåvene der, og tente trufast så lenge ho makta det. Arbeidsdagen vart omlag 50 år. «Mario» levde frå 1851 - 1944. Om Maria Vike kan det trygt seiast at ho tente Herren med glede. 
 
Dei fyrste kyrkjelege handlingar 

Det er ofte sagt : «Om hundre år er allting gløymt». At dette lett kan verta røyndom om me ikkje skriv ned hendingar og årstal, har synt seg fleire gonger i arbeidet med festskriftet. Ikkje eingong arkiva har full oversikt. 
Bøker kan mangla heilt, eller sider av bøkene er borte. 

Eg meinte at dei fyrste kyrkjelege handlingar kunne vera av interesse, og leita etter det fyrste dåpsbarnet i Vike, og etter det fyrste konfirmantkullet. Det fyrste barnet dei bar til dåpen var ei jente. 
Ho heitte Martha Monsdatter Eikefet, f. 10. okt. 1891, og dåpsdagen var sundag 6. desember 1891. Dette var berre nokre få dagar etter kyrkjevigsla! 

Neste dåpsbarn var óg ei jente, Maria Andersdatter Fjelde, f. 30. nov. 1891, og døypt 17. januar 1892. 

Det har ikkje vore råd å finna noko om dei fyrste konfirmantane i Vike. I utdrag frå «Prestejournal for Hosanger 1875 - 1920» les me frå året 1895 at det har vore søkt om konfirmantlesing i Vike. 

Bispen avslår. Året etter, 1896, ny søknad. Det er nemnt at det gjennomsnittleg er 9 konfirmantar i Vike. No finn me ikkje meir om konfirmantlesing før år 1909. Det kjem då søknad frå 16 mann om lesing på Vike. Merknad i prestejournalen seier: «Presten kan greia det - det står ikkje på han». Noko meir har eg ikkje funne nedskrive om dette. 

Eldre menneske seier det var lenge mellom kvar konfirmasjon her. Som oftast fór dei til Hosanger kyrkje. Nokre fór og til Modalen. Dei er óg samde i at 2. konfirmantkullet er frå 1923. Då opplysningar om dei fyrste vantar, tek eg her med namna på dei som vart konfirmerte den 26. august 1923: 

Jenter: Maria Kleiveland, Selma Kleiveland, Gjertrud StorUrdal, Maria Romarheim, Karen Stusdal, Julia Toen. 
Gutar: Sivert Eikemo, Britanus Eikefet, Bjarne Toen, Alf Bertin (Romarheim) Andersen Skår. 
  

Konfirmasjonsminne 
Av Arnhild Eidsnes. 

28. sept. 1946 byrja eg konfirmantopplæring, eller «gå for presten» som ein vanlegvis sa. 
Erik Holm var sokneprest då, og me var 5 «lestraborn» frå Romarheim, 5 frå Vikanes (Urdal skule), 2 frå Nottveit og 8 frå Modalen. 

Me reiste innover til Mo med rutebåten laurdagskvelden, og foreldra våre hadde tinga hus til oss på forhånd hjå kjende, eller kanskje slektningar. 

Sundag var det gudsteneste i Mo kyrkje med obligatorisk frammøte for «lestraborna». Likeeins til eit oppbyggande møte som presten heldt sundag kveld, oftast i borgstova. Måndag tok så konfirmantundervisninga til, 5 timar den dagen, med små friminutt og ein lengre matpause. Tysdag hadde me 3 undervisningstimar, før me fylgde rutebåten heimatt i middagstider. 

Eg synest hugsa me hadde 5 slike «weekendar» i løpet av september, oktober, mars, april, mai og konfirmasjonen midt i juni. Om vinteren var der ofte så mykje is i Mofjorden at det var meir usikkert å koma fram. 

I tida mellom kvar «lestratur» hadde me heimearbeid, salmevers som skulle lærast utanboks, Luthers katekisme var óg til utanboks lære. Så fekk me skriftlege oppgåver eller «stil». To av oppgåvene hugsa eg godt: «Fortel om Jesus som sann Gud og sant menneske» og «Kva er Andens gjerning med eit menneske». Vanskelege oppgåver for 14-åringar, endå presten hadde forklara oss dette. 

På konfirmasjonsdagen var «Havgula» (eit sandfartøy) kyrkjebåt. Kl. 09.00 reiste me frå Romarheim, og mykje folk var med. Presten heldt overhøyring og spurde om likt og ulikt, også om ting som ikkje nett stod i katekisma eller bibelsoga. Men me måtte kunna katekisma. 

Me reiste att frå Mo i 14-tida, og det smaka med festmat då me kom til middagsbordet. Gåver vart det óg. Denne ordninga for konfirmantopplæring var gamal, og den varde heilt fram til i 1949. Det året reiste borna frå Romarheim og Vikanes til Hosanger kvar fredag heile sumaren gjennom. 

Erik Holm heldt avskilspreik i Vike kapell 18. oktober 1950. 
  

Song til heimbygda 
Forfattar: Magne Haukøy sen. 
 
I Hordaland ligg heimen vår, 
her ætti bygde år for år. 
I strev med grev 
kvar onug far 
fekk rundt sin gard. 

Og Kroken heiter bygdi mi, 
ho ligg so lognt, ho ligg so fri, 
med sjø og tø, 
og bjørkeli med fuglar i 

Her finn du vikar, øyer, skjer, 
og dalar tronge her og der, 
ja, tind og rind, 
og skogkledd ås 
med krøtterrås. 

Og inne millom knaus og knoll 
du råkar på ein setervoll, 
med bu og ku, 
og hjuringstrall 
ja, huldresvall. 

I dokk og dæld du vatni ser, 
som mørke speglar dei seg tèr, 
og óm av lom, 
og lette skvett 
av fisk som sprett. 

Og midt i bygdi kyrkja stend, 
ho lyser mot den heile grend. 
I helg ho skjelv, 
den klokka rein, 
bed inn kvar ein. 

  

Ymse frå protokollar o.l. 
Forfatter: Eli Fjelde Vikan

- Bispevisitas 15. - 18. juli 1893. «Kapellet på Vike er med inventarium i god stand, og ved kirkegaardene er intet at bemerke». (Biskop 
Fredrik Waldemar Hvoslef). 

- Eiga kyrkjebok vart innkjøpt i 1895. 

- Salmebøker i Vike: 
Kingos salmebok vart nytta i heile Hosanger til 1871. I 1871 vart Landstad salmebok innført. 

- 17.03.1907: Blix-salmane vart innførte i Vike attåt Landstad med 51 mot 12 røyster. 

- 13.05.1934: Soknemøte i Vike om byte av salmebok. 

- 03.06.1934: Avrøyting om målføre i salmebøkene. Nynorsk Salmebok vart innført i Vike (61 røyster for nynorsk, mot 17 røyster på gamle Landstad). 

- I dag nyttar me Norsk Salmebok (frå 1984). 

- 04.10.1905: Var truleg fyrste gudstenesta på nynorsk i Vike kapell. 

- 07.12.1924: Nynorsk Iiturgi vart innført i Vike. 

-------------------------------------------------------------------------------------

Informasjonen er henta frå «Festskrift Vike Kapellkyrkje». som vart utgjeve i forbindelse med kyrkja sin 100 års- feiring i 1991. Ansvarleg redaktør : Eli Fjelde Vikan. Foto: ©Scandion 
  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal