Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 

 
Utbyggingsentusiasme og - tvil
1962. Dam Ø. Storevatn i Masfjorden. Johs. Sandal i bildet.

BKK toppa anleggsaktiviteten sin midt i 60-åra med ein "hær" på 500 mann rundt om i fjellheimen. Selskapet var då den største entreprenøren i Hordaland. Matreutbygginga heldt fram, og eit nytt storverk var kome til: Teigdals- og Eksingedalsvassdraga med 
kraftstasjon i Evanger. 

Inga utbygging var for komplisert, inga oppgåve for stor. Utbyggjarane var komne langt i teknikk og røynsle. Det var i det heile ei tid utan for mange spørsmålsteikn og barrierar. 
 

"I februar 1963 kom den første anleggsgjengen til Evanger, og så sette vi i gang. Konsesjonen vart gjeven i 
1966; så... du kan seia at vi starta i god tid", fortel ein av dei som var med. Dette illustrerer på ein grei måte utbyggingsentusiasmen som rådde både i selskapet og i samfunnet. 

Evanger vart ei kjempe, i storleik enno nummer ni av kraftverk i landet, med ei samla yting på 330 MW. Driftstunnelen for Evanger (bygd gjennom 60- og 70-åra og teken i bruk i etappar) sette verdsrekord med 34 kilometers lengd og 30 kvadratmeters tverrsnitt. 

I heile etterkrigstida og fram til i dag har BKK drive kontinuerleg utbygging; det eine anlegget overlappa det andre. Etter Bergsdalen kom Matre, Evanger, Ulvik og Modalen. Og støtt vende ein tilbake til tidlegare utbyggingsområde for komplettering og vidareføring. 


1964. Dumpere som ble brukt til steintransport ved Svartevatn i Masfjorden.

Selskapet hadde vorte ein stor arbeidsgjevar med fagfolk i mange profesjonar. Snautt noko selskap eller nokon etat - vegstellet medrekna - kunne mønstra så høg ekspertise på stein og sprenging. 

Perioden fekk like mykje å seia for kraftutbygginga som "rallartida" for jernbanen. 

BKK var eit tverrfagleg miljø og sjølvhjelpt på alle område innan elektro, bygg og drift. Kraftetterspurnaden hadde vore umettande - av og til så stor at det måtte rasjonering til - og var det framleis. 

Men samfunnet stilte nye krav til bransjen, på mange måtar innvarsla ved "slaget" om Mardalsfossen i 
Romsdal i 1970. Kraftverk skulle verka, men helst ikkje synast. 

I 1973 opplevde BKK for første gongen avslag på ein konsesjonssøknad. Saka galdt Steinslandsvassdraget i Modalen. 
Dette er hjarta av Stølsheimen - som har fått namn etter ei anna tids utnytting av fjellet. Fordi det var eit av dei siste storprosjekta i vestnorske fjell, og fordi folks verdisyn hadde endra seg, vart debatten til dels heftig. Ankesaka vart avgjort sommaren 1975 med at konsesjon vart gjeven, men med sterke avgrensingar. 

Så tilspissa som i striden om Mardøla eller seinare om Altaelva var debatten aldri i BKK sitt område. Men Stølsheimen-saka inneheld alle argumenta. Også for eit av dei andre utbyggingsprosjekta i dette tiåret, Tyssovassdraget i Ulvik (ferdig 1974), måtte planane tilpassast naturvern-krav. Ei omsøkt oppdemming var sløyfa. 

Med Ulvik femnde BKK om heile området frå Hardangerfjorden til Sognefjorden. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no