(Denne artikkelen er henta frå BNR NYTT nr. 3 1982
- og skrive av Leidulv Hundvin, tilsett i selskapet og bladstyrar for meldingsbladet.
Leidulv Hundvin vart pensjonist i 1989 - etter 44 år i BNR si teneste)
Reis
i Nordhordland !
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 30.07.2005 09:42
Dette slagordet lanserte Bergen Nordhordland Trafikklag
AS i andre delen av 1950-åra, og det var direktøren sjølv,
Oddvar Johannessen, som var opphavsmannen til det.
REIS
I NORDHORDLAND
Slagordet vart brukt i selskapet sine lysingar og marknadsføring,
og då det vart utforma var Nordhordland ein heller kvit flekk på
turistkartet.
Tidene har endra seg. Med store moderne ferjer, nye snøggbåtar,
ein ageleg bilpark og eit tolleg bra utbygd vegnett ligg Nordhordland i
dag ope for all reiseverksemd.
Landsdelen er eit mangslunge og vakkert stykke Noreg.
Frå nakne skjær lengst i vest til sjølve fjellheimen
i aust, fjordarmar og viker med logne vatn innimellom, har Nordhordland
litt av kvart å by på sjølv for ein kræsen reisande.
Sjølv eit gamalt nedlagt meieri har sin sjarm
når du finn det i Nordhordland.
Går vi litt attende i tida - om ikkje lenger
enn til inngangen av 50-åra - var det Askøy, Fana, Os og Åsane
som var bergensarane sitt hytte- og utferdsområde. Det var berre
spreidde grupper frå «Kjenn ditt land» eller Turistforeninga
som før krigen våga seg ut på det fjerne strilelandet
om helgane. Bortsett frå landliggjarane då. Dei kom årleg
med heile flyttelass så snart sommarferien tok til, og var der sju-åtte
veker.
Husfaren sjølv måtte nøya seg med
14 dagar, og helgane. Det var ikkje måte på kva stas det var
når laurdagsbåten kom med ventande born - og ikkje mindre ventande
koner.
Sommaren var ei stor tid for selskapet. Båtane var
nyoppussa og stelte, og pengane strøymde inn. Dei kom jamen vel
med i ein heller slunken kasse.
Nokre år etter
krigen tok biletet til å endra seg. Det minka med landliggjarar.
No var det hyttebygginga si tid som tok til. Dei som før anga «bylukt»
og kom med «hjørneskeiv» kuffert, kom no med materialbuntar,
ein sekk sement, eller anna byggevyrkje.
Den eine hytta etter den andre tok til å ta form.
Fyrst små og audmjuke å sjå til, seinare utvida både
på lengda og breidda til dei mest vart som hus.
Då også laurdagen vart fridag, kom det ekstra
fart i utbygginga. Løner og fritid auka, og privatbilane tok til
å koma. Båtferdsla minka. Dei gamle rutebåtane si tid
var over. Det var ferjene og rutebilane som overtok. Og for ikkje å
snakka om privatbilane, som dobla talet frå år til anna.
I 1972 vart Arna, Fana, Laksevåg og Åsane
lema inn i Bergen. Det vart slutt med all hyttebygging i desse tidlegare
sjølvstendige kommunane. No var det dei «oversjøiske»
som stod for tur, der utbygginga kom for fullt. Lenger og lenger ut frå
byen måtte ein for å få lov å byggja ei hytte,
og styresmaktene gjorde det ikkje alltid lett for den byggelystne, sjølv
om han kunne rå seg til ein tomt.
Vi som har arbeidd i selskapet gjennom ein mannsalder
- og gjerne vel så det - har lært mange hyggelege reisande
å kjenna. Vi har så og seia fylgt dei i «utbyggingsfasen»,
sett dei starta ny heim og lagt seg til med kone og born, vorte besteforeldre,
og no teke til å verta aldrande menneske.
Du kor mykje vi har å takka desse for. I godver
og ruskever reiste dei trutt og fast, og mange godord vart veksla mellom
oss og dei.
Det har vore gode representantar og ambassadørar
for byen sin, og dei har i praksis etterkome ein ordklisje som gjerne vert
brukt i høgtidsame stunder: «By og land, hand i hand».
Vi for vår del bør heller ikkje gløyma
kva laget vårt står for, og kva føremål det har.
I den paragrafen står det nemleg at laget sitt føremål
er å driva passasjer- og godstrafikk mellom Bergen og herreda Austrheim,
Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Radøy, Osterøy
og andre herad der det høver, og herreda imellom.
Og til alle dei som enno ikkje har fått augo opp
for kva ruteområdet vårt har å by på av vakker
natur - fjordar, fjell, holmar, øyar og vatn - seier vi:
Reis i Nordhordland
|