Samferdsla
Forfatter: Arne L. Hope
Publiseringsdato: 30.08.2002 22:11
Det er vel grunn for å tru, at det er sjøvegen
dei har kome, dei som busette seg fyrst i Masfjorden. Kvar dei kom frå,
er det vel berre gjetningar om, mellom dei som har studert desse ting.
Dette kan såleis korkje tidfestast eller stadfestast. Men slik dei
geografiske tilhøve ligg tilrette, er det rimeleg å tru at
dei søkte dit næringsgrunnlaget låg lettast til rette,
med fisk i elvane og vilt i lier og fjell, og at det såleis var langs
fjorden busetnaden tok til. Den spreidde seg derfrå oppover dalane
ettersom tida gjekk, då det kanskje vart trangt om buplass langs
fjorden.
Dersom ein kan snakka om samferdsla mellom gardar og grender
frå den tid og framover, så er det nok sjøen og båten
som har skapt samferdsla alt frå fyrste tida. Det var nok den lettaste
reisemåten såsant veret tillet det. Og dei hadde nok alt tidleg
lært kunsten, både som båtbyggjarar og siglarar.
Seinare, ettersom jordbruksproduksjonen auka og det vart
tale om kjøp og sal, måtte det større båtar til
i grendene, dei såkalla bybåtar. Det var gjerne båtar
med 5 årepar, også kalla femkeipingar, med råsegl, der
dei gjerne tok byturar haust og vår, for å selja smør,
ost og kjøtt, og kjøpa inn dei mest naudsynlege ting til
hushaldet, slik som korn og salt. Det var nok ikkje uvanleg med overnattingar
under seglet på slike turar.
Byen hadde også bruk for ved til brensel. Og tiltaksame
folk bygde småe jekter til den transporten, og hadde jekta som litt
av levevegen. Det var ei lita hytte på den til bustad, det var saleis
eit framsteg frå den opne båten. Her er ingen som har teke
vare
på teikningar av desse jektene, og me veit såleis ikkje heilt
sikkert kor dei såg ut.
Det har nok også vore samferdsle landveges gjennom
bygdene frå andre bygder fram gjenom tidene. Såleis er Fjorsdalen
frå Instefjord sørover ein naturleg overgang mellom Sogn og
Masfjorden, og Sygndalen utanfor Vågset og Sygndalsegga oppfor Furebotten
tyder på ein almenn ferdselsveg frå Sogn den vegen sørover.
Sikkert også ein veg med fedrifter nordanfrå over Haugsdal-Romarheim
austover.
Innan bygda og vidare sørover har nok båten
der kvar einskild var mest mogeleg sjølvhjulpen, vore det vanlege
samferdslemiddel til dampmaskina overtok som framdriftsmiddel.
Den fyrste dampbåten i Nordhordland var ein båt
som fabrikkeigar Jebsen i Arna kjøpte og kalla Arne. Den gjekk i
rute mellom Arna og Bergen. Men då den hadde tid for meir enn denne
ruta, tok den andre turar også i distriktet.
Som ein freistnad på om ei rute nord gjenom Nordhordland
til Masfjorden ville møte velvilje hjå folka, tok dei opp
ei slik rute ein gong for veka 14/11 1866. Båten gjekk innom Alversund-Lygresteinen-Skjælvik-Kilstraumen
og til Sandnes. Om vinteren skulle båten liggja der, over til neste
dag for retur. Men om sumaren skulle den gå tilbake same dagen. Den
stogga også ved Fanebust, men då det ingen trafikk vart der,
vart denne staden nedlagd, og ny stoppestad teken opp ved Steinholmen utanfor
Risnes sumaren 1867. Seinare vart denne flytta innover til Fagrevik.
Frå 3/4 1869 vart ein større båt «Natalia»
sett inn i ruta, slik at det vart to turar for veka. Om denne båten
høyrde til same reiaren kjenner ein ikkje til.
Nokon lukrativ forretning for reiaren var vel dette neppe.
Folk er nok alltid skeptiske til nye tiitak. Og dette med dampbåt
istaden for årar og segl, braut nok med tilvande framdriftsmidlar,
så det tok nok si tid til å venja om folk såleis, samstundes
som det kosta pengar å reisa på nye måtar.Og dette var
det vel heller ikkje i overskot av.
Den 19/5 1870 vart det skipa eit dampskipsselskap i Bergen
med luteigarar også frå Masfjorden. Dette laget kjøpte
ein ny båt som skulle gå skiftevis på Sørfjorden
til Bolstad og på Masfjorden. På generalforsamling i Bergen
fekk laget namnet Nordhordland Dampskips Samlag. Det vart mykje strid om
namnet på båten. Det vart fleirtal for å kalla den Nordhordland.
Men det ser ut for at det vart namnet Voss som vart det
endelege. Båten tok til med fyrste turen til Bolstad 23/8 1870, og
til Masfjorden dagen etter. Han held fram med desse turane onsdag og laurdag.
Kva tid båten gjekk inn til Solheim som endepunkt på ruta veit
ein ikkje. Men båten gjekk inn der frå 1872.
Frå juli 1873 vart rutebåtfarten overteken
av eit nytt lag, Bergen Dampbåtlag tilknytt kjøpmann Nesgård,
og med d/b Helena som rutebåt. Denne ordninga held fram til 1878.
I 1879 kom det så eit nytt lag att, denne gongen Ytre Nordhordland
Dampskibsselskab, eller det Jægerske eller Colletske, som det også
vart kalla.
Frå 1. juli 1879 tok dette laget opp postføring
på Masfjorden med ein ny båt som heitte Lindås. Distriktslækjar
Collett var drivkrafta bak dette tiltaket. Og det var sterk konkurranse
mellom desse to laga ei tid. Men det har visstnok enda med at dette siste
laget kjøpte d.s. Helena frå Bergen Dampbåtlag, og såleis
vart desse to båtane gåande i rutefart her ei tid.
Det som hadde hendt desse åra med dampbåtferdsla
hadde gjeve folk syn for nytten av ei god post og reiseteneste mellom Bergen
og distrikta både for folk og varer.
Den tenesta som dei såkalla Collettbåtane
utførde, har sikkert vore lite tilfredsstillande. Ein opinion mellom
folk i Lindås, Myking og Masfjorden gav som resultat at ei slik samferdsle
mellom Bergen og distrikta burde vera ei folkeeige. Og 14/2 1880 vart det
sett ned ei nemnd som sende eit opprop ut i distrikta om å teikna
luter i eit Lindås-Masfjorden Dampskipsselskap. Frå Masfjorden
har desse skrive under oppropet: T. J. Haugsvær, Ole H. Trodal og
Erik K. Sandnes.
Dette tiltaket vekte ålmenn interesse, slik at 15/5
1880 vart laget skipa. Og samstundes vart det vedteke å kjøpa
ein ny båt som heitte Ålesund til drifta. Denne båten
var bygd i Trondheim i 1873. Den kosta 30.000 kroner. Den fekk seinare
namnet Nordhordland.
Til medlem av styret for laget frå Masfjorden vart
T. Haugsvær vald, med Ola Solheim som varamann.
Frå Masfjorden har desse skrive under møteboka
frå dette møtet: O. L. Kvinge, Mons Duesund, O. O. Kvingedal,
Erik Nordland, N. J. Kvamme, Ole N. Andvik, Nils O. Myren, Ole M. Haugsvær,
E. K. Sandnes, Lars L. Haugsvær, Johs. R. Matre, Ole A. Solheim,
T. Haugsvær, Ole H. Trodal, Botolv Torsvik, Hans O. Haugsøen,
J. Birkeland.
Situasjonen vart nå at to lag konkurrerte med einannan
om samferdsla på dei same område i distriktet. Dette gav som
resultat at det vart dårleg økonomi for båe laga. Collettbåtane
hadde den føremun at det laget fekk tilskot av postverket for postføringa.
Det vart gjeve tilbod om samanslåing av laga, men det ville ikkje
godtakast frå den kanten. Fyrst i 1884 innstilte dette laget rutene
på distriktet.
For at det skulle overleva økonomisk, hadde kommunane
måtta gjeva tilskot til drifta av L. M. D.s selskap. Frå Masfjorden
kommune vart det såleis teikna for 4000 kr. i luter i 1885. Og kommunen
fekk med dette rett til å velja 2 personar i rådet frå
Masfjorden. Men det var likevel eit slit for dei som stod i leiinga, å
få det heile til å gå. Dei måtte fleire gonger
stilla seg som kausjonistar for lån, for å halda drifta gåande.
Då konkurransen var slutt, måtte det kjøpast
inn ein ny båt. Folk hadde etter kvart sett nytten av ei god ruteordning.
Og det kom krav frå nye distrikt om stoppestader for båten
i rutene. Dermed auka også varetransporten og personferdsla. Det
vart så i 1885 teke mot ein ny båt som fekk namnet Horden.
Den var bygd i Bergen. Og med desse to båtane vart det lettare å
løysa dei nye krav som etter kvart melde seg.
Men ny konkurranse melde seg att. Denne gongen kom det
frå Radøy og Seim, meddi misnøya med rutene der, førde
til skiping av eit nytt lag som med ein liten båt som heitte Seimstrand
tok opp konkurranse i dette området.
I denne «krigen» kjøpte så L.M.D.s
selskap inn endå ein båt som heitte Rolf.
Ein kan ikkje gå i detaljar kring det som hende
mellom desse to laga. Dei freista nok kvar etter si evne å slå
kvarandre ut, til lite glede for båe partar.
T. Haugsvær hadde stått i leiinga for laget
frå 1880 og lagt ned eit stort arbeid. Han trekte seg i 1884.
Då vart laget omorganisert administrativt, med eit
styre med 1 representant frå Bergen og to frå landdistrikta.
Og eit råd på 17 medlemer med 5 frå Masfjorden, 5 frå
Myking, 2 frå Lindås, 2 fra Lygra, 2 frå Austrheim og
1 frå Seim.
Styret vart heitande direksjon der styrelemene var direktørar.
Og luteigarmøtet eller årsmøtet vart generalforsamling.
Frå Masfjorden vart Hans Haugsøen vald inn
som direktør. Frårekna åra 1890-1896 sat han i styret
til han døydde i 1902.
Han la ned eit så stort arbeid der at der er sagt
at han fekk døden av det.
I 1902 vart Hans W. Wergeland vald inn i direksjonen som
1 direktør saman med Johs. Kringlebotten og maskinist O. Andersen.
Kringlebotten vart også selskapet sin kasserar og bokhaldar.
Ei av dei fyrste oppgåvene dei fekk å løysa
var spørsmålet om ombyggjing av Nordhordland, då den
var vorten lite tenleg for krava som melde seg, eller ny båt. Dei
tok vågnaden med å tinga ny båt som var meir tenleg til
føremålet enn dei gamle var det.
Ikkje minst galt dette det som vedkom isvanskane vinters
dag med å nå inn til sterk iskant, slik at folk kunne nå
fram til båten utan livsfåre, som til då hadde vore vanlege
opplevingar.
Økonomien var nok svak, men ved sterk innsats av
både kommunar og private fekk dei pengar ved garantiar og lån,
slik at 5/1 1906 vart byggekontrakt underskreven med Kritiansand Mek. verkstad
for byggjing av d/s Masfjord.
Denne båten kom i rute 1907 og var ein båt
som dekka alle ynskje folk kunne tenkja seg då. Og ein kan vel segja
at vedkomande samferdsla, så tok ei ny tid til i desse distrikta
med denne båten.
Denne nye tida førde vidare til at dei tok vågnaden
på å byggja ein ny båt til i 1909 som fekk namnet Lindås.
Og enda ein til i 1913 som fekk namnet Austrheim. Dei gamle båtane
vart selde etter som det ikkje vart bruk for dei. Såleis vart Nordhordland
seld i 1908 og Rolf i 1921.
Det såg ut som ein vanlagnad skulle fylgja d.s.
Masfjord. Den 24/8 1918 forliste båten ved at den gjekk på
ei flu ved Solesjøen. Det var 7 personar som kom bort der den dagen.
Dette var den leiaste hending i laget si soge til då. Båten
vart teken oppatt og istandsett att.
I 1924 vart Masfjord forlengd. Og ein salong vart bygd
til under dekk bakfor den i framskipet med lugarar på øvre
dekk bakafor styrehuset. Denne ombyggjinga gjorde båten til ein av
dei beste båtar i lokalrutene. Ein båt alle likte å fylgja.
Etter den tids sosiale krav, då eindel av sosieteten
i Bergen gjesta bygdene, så var det to kvalitetsklassar og prisklassar
på båten. Ein 1.ste plass med salongar og lugarar i ein høgare
standard mot ein 2.dre plass for dei med ei tunnare pengebok. Og eit skilt
i troppeoppgangen til øvre dekk med påskrifta: «Kun
1 ste plads passagerer har adgang til promenadedekket», streka sterkt
under rettane på båten, og sette klåre skilje kvar ein
høyrde heime. Denne plasseringa av dei reisande såleis fall
bort i krigsåra. Kanskje var ikkje dei som kom utover bygdene i dei
åra fullt så høgt over vanlege folk lenger. Og ein har
havt inntrykk av at ein kunne reisa saman utan dette klasseskiljet seinare.
Og ein kan vel såleis segja, at dette sosialt sett var eit framsteg.
Skal ein snakka om at ein båt har ein lagnad, så
hadde i alle høve Masfjord ei vanlagnad. Ei uversnatt, ei av dei
verste med storm og regntjukke den 4/2 1944 forliste båten ved Duesund,
då den skulle gå ruta frå Masfjordnes til Hosteland.
11 menneske kom bort ved denne ulukka, mellom dei kaptein Kahrs og styrmann
Vabø. Båten sokk på så djupt vatn, at den vart
aldri attfunnen. Dette vart det største tapet i dampbåtlaget
si soge. Og ein kan vel segja at laget aldri kom over denne økonomiske
kneiken att.
Det vart hausten 1945 kjøpt ein båt som skulle
overta plassen. Den fekk også namnet Masfjord, men ein kan nok trygt
segja at dette var eit misfoster av ein båt, samanlikna med den ein
miste. Og det vart såvisst ikkje sakn den dagen den gjekk siste turen.
Med bilen, som eit nytt transportmiddel, kom ei ny tid
inn i samferdsla, også i våre bygder. I 1928 sette laget i
gang bilruter mellom Hundvin-Lindås-Fanebust og mellom Hundvin-Myking
i samband med båtrutene, slik at reisetida mellom Bergen og distrikta
såleis kunne kortast inn. Det vart nok ein dyrare reisemåte,
og vart nok difor lite nytta av dei som såg i ei tunn pengebok, den
fyrste tida. Men merkeleg nok fall fleire og fleire for freistinga med
tida. Fyrst då lokalbåten Matredal vart innkjøpt, og
det fra 1/9 1947 vart sett opp bussruter mellom Fanebust og Isdalstø
i samband med lokalruter på Masfjorden, kom ein inn i ei ny tid i
samferdsla. Med denne reisemåten vart godstransporten utførd
med godsbåtrute, medan folka meir og meir nytta lokalrutene og buss.
Det såg ut for at folk lika denne reisemåten.
Og ruter og bussmateriell vart utvida frå år til år,
ettersom vegane vart forsterka og ny vart bygde. Det såg ut som om
dette var ei naturteg utvikling, i pakt med tida som det ofte vert sagt.
Då vegen mellom Instefjord og Solheim vart opna
for bilkøyring, sette laget igang den fyrste bussruta i Masfjorden
der. Den tok til frå 1/7 1954 som gjennomgangsrute i samband med
båt frå Bergen. Og som arbeidarrute mellom Solheim og Matre.
Denne utviklinga i samferdsla førde også
til at det i 1955 vart sett igang ei prøveordning med ei bilferje
mellom Solheim og Fanebust i tida juli-august i samband med ei ferjerute
Fylkesbåtane sette opp mellom Instefjord-Lavik. Underskotet på
denne drifta vart for B .N.T. dette året 11.092 kroner. Halvparten
av dette vart dekka av Masfjorden, Lindås og Alversund kommunar.
I 1956 har det gått betre. Då var underskotet 5.434 kroner
og vart dekka på same måten.
I 1957 vart Sævråsvåg teke opp som ferjestad
på Lindåshalvøya. Og denne staden vart etterkvart utbygd
som eit knutepunkt, og fekk etterkvart ein høgare standard. Trafikken
med bilferja på Masfjorden auka etterkvart, men underskotet i 1957
vart også det året dekka på same vis som tidlegare.
Samkøyringa mellom B.N.T. og Fylkesbåtane
hadde etterkvart kome inn i betre former. Og det synte seg at folk ville
nytte denne gjenomgangsreisinga etter kvart som rutene vart kjende mellom
dei reisande.
Frå trafikklaga var det nok eit provisorisk opplegg
i starten. Men det voks seg ut til betre standard etter kvart som åra
gjekk.
I 1964 var det sett igang ferjeruter mellom Sævråsvåg
og Halsvik-Risnes. Vegane der var under utbetring, og bileigarane ville
såleis nytta føremunen med å ta bilen med seg til og
frå området.
Då vegbygginga kom inn for fullt på vegen
Duesund-Risnes-Gulen grense kom ferjedrifta igang på Duesund i 1967.
Med denne utviklinga tok ei ny tid til i samferdsla i
dette området, med bussruter til Gulenområdet, og med lokalruter
innan bygda.
Då vegen Matre-Haugsdal vart opna for offentleg
køyring, vart det sett opp bussrute mellom Haugsdal og Solheim i
samband med ferjerutene i 1965. Lokalrutene med Matredal fall då
etter kvart bort.
Godstransport med lastevogner hadde etterkvart teke seg
opp i dei ytre distrikt i Trafikklaget sitt område. Dette såg
ut for å verta ei ordning distrikta likte og var betre tente med.
I 1968 vart det freista med ei godsbilrute i ytre område av Masfjorden.
Dette vart så ei fast transportordning, då den synte seg å
vera vellukka. For indre delen av Masfjorden vart denne transporten av
gods teken opp til prøve i 1971. Då båtmateriellet var
mykje nedslite, vart godsbilruter der sett opp som fast ordning frå
15/5 1972.
Siste turen med rutebåt frå Masfjorden vart
8. mai 1972. Ei ny tid i samferdsla tok såleis til frå den
tida. Om det var ein eller annan som kjende det på same måten
som det som er omtala i Ostervisa, då båten for ut fjorden
siste turen: «Å detta va syrjelæ ilt», veit ein
ikkje. Men dampbåtbryggjene som samlingsplass i grenda, medan dei
venta på båten, fall i alle høve ut av kulturbiletet.
Og vart nok såleis eit sakn for mange.
Den nye ordninga vart nok i alle høve betre, med
at alle fekk varene fram til tuns. Men ulempa vart samstundes at varefrakta
som rutebilorganisasjonen hadde lagt opp, og hadde hand om, saman med Samferdselsdepartementet,
vart mykje dyrare enn fraktregulativet til rutebåtane. Og dette skapte
mykje misnøye.
Med nye tider vart det også ei mykje betre oversyn
med rutetidene, slik at folk stort sett kunne rekna med dei oppsette ruter.
I fordums tid vart det nok mange lange ventetimar nattens tider på
ein forseinka rutebåt, i dei indre ruteområde serleg då.
Og fekk ein dertil meinis som det ofte var vinters dag, hadde nok opplevingar
i slike tider vore grunnlag for mange dramatiske skildringar. Vintrane
1942 og 1943 står vel i seinare tider i minnet frå dei som
var med på opplevingane, som ofte var reint dramatiske. Det vart
starta ved iskanten ved Staveneset, men kortna av etter kvart som vinteren
lei, til våren ein gong løyste opp isen. Det var ein festdag
i grenda den dagen båten på nytt la til bryggja, og all vågnad,
mange gonger med livet som innsats, var då lagd bakom.
I Kvinge-Hope området vart det rundt 30-åra
starta opp med ei lokalrute til Myking i samband med rutebussar derfra.
Denne vart utførd med motorskøyte Leda som Einestrand åtte.
Den vart teken som Englandsfarar under krigen. Då kjøpte Lidal
ei skjøyte, Kvingo, som gjekk i denne ruta i mange år. Den
vart seinare utskift med ein betre båt som heitte Progress. I det
heile stilte ikkje folk i området store krav til standard på
denne ruta.
Då Sævråsvåg vart teke opp som
knutepunkt på vestsida vart Matredal sett inn i denne ruta, og seinare
m/f Lygra. M/b Progress vart då kjøpt av B.N.T.
Då Duesund og Masfjordnes vart senter for bilferdsla
i 1967, kom det på tale å overføra ferdsla frå
Kvingeområdet også dertil. Det skapte eindel motvilje dette
å fyrst reisa mot nord, landevegen, og så reisa mot sør
att sjøvegen, så det tok ei tid før dette vart godteke.
Men etter kvart vart rutene opplagde på ei slik ferdsle. Folka i
området går nå og ventar på at vegen sørover
vert bygd, og at dei dermed fær ei lettare samferdsle mot Bjørsvikområdet.
DEN ØKONOMISKE UTVIKLINGA
Det var nok litt av eit vågestykke dei tok på
seg, dei som gjekk i brodden og skipa dampskipslaget. Det var grisgrendte
bygder, og ei heil lengd mellom Bergen og ytterpunkta, så drifta
vart dyr. Det var ikkje av dei økonomiske rike tider heller. Og
det tok lang tid for å venja folk om frå å nytta eigen
båt til ferdsla, der det kosta berre slit på armar og buksebak,
mot å nytta rutebåten og måtta betala med ein slunken
pengepung. Men etter kvart så har nok denne nye tida fått meir
og meir av folka med seg.
Som det er nemnt om dette tidlegare, så har nok
dette med å halda drifta gåande økonomisk, vore eit
stort slit for dei som stod i leiinga for laget. Og dei har mange gonger
personleg måtte lånt pengar til drifta og stilt seg som garantistar
for lån.
Drifta av dampbåten med kolfyring, og under krigane
me hadde, der det også vart bruka vedfyring, var i det heile dyre
framdriftsformer, samanlikna med moteren som kom på eit seinare tidspunkt.
Det var nok dugande menner, med stor innsats som fekk det heile til å
gå.
Ei av dei store ulemper laget fekk å stri med, var
konkurransen i dei søre distrikt mellom fleire lag som kom inn på
dei same område.
Alversund-Manger d/b lag hadde teke opp samferdsla i ytre
område alt tidleg etter at eit lag med d/s Seimstrand hadde falle
ut. Men trass i det dette laget kunne tilby saman med Lindås-Masfjorden
d/s lag, var det misnøye med mange ting.
Eit nytt lag: Alversund-Meland d/s lag med skulestyrar
Bjørkum i brodden kom inn på dette søre området
ei tid, og arma ut både seg sjølv og hine. Noko seinare kom
ein del pengesterke folk i Bergen med ein Kyhle i brodden inn med to hurtigbåtar,
etter den tids krav mellom Bergen-Frekhaug-Salhus. Alt dette hadde innverknad
på økonomien både til Alversund-Manger D/b lag og Lindås-Masfjorden
d/s lag som var hovudlaga i området.
For vårt lag gjekk drifta tungt med tapet av Masfjord,
og med ei dyr drift med dampmaskin og kolfyring som framdriftsformer. Skulle
såleis drifta haldast gåande, vart det spørsmål
om auka statstilskot for å dekka ei rimeleg samferdsle. Men dette
var nok ikkje lett å få til, med eit nedslite, krigsherja land,
som hadde så mange oppgaver å løysa.
Alversund-Manger d/b lag var kome i minst like store økonomiske
vanskar. Fyrst ved konkurransen i områda. Og så hadde laget
på nærmest private tiltak, utan dei naudsynlege godkjenningar,
bygt to moderne båtar til ei betre, meir moderne drift. Men heile
tiltaket vart så dyrt at det ikkje var økonomisk grunnlag
for å halda drifta gåande utan store statstilskot. Då
båe laga såleis var komne slik ut at det vart statstilskota
som måtte redda drifta, tok fylkesmann Mons Lid opp tanken å
slå båe laga saman til eitt, då dei båe gjekk delvis
på same område. Og så i same samanheng få bort
dei to konkurrerande laga som var komne til.
At denne samanslåingstanken skapte mykje diskusjon
og strid innafor båe laga var berre rimeleg, serleg mellom dei eldre
då.
Dei hadde nok mange minne å tenkja tilbake på
der, slike ting hadde sett store bylgjer i diskusjonane om betre samferdsle,
og der dei ytre distrikt hadde vorte taparane. Men laga var komne i den
stilling økonomisk, at styresmaktene i
statsadministrasjonen hadde «bukta og båe
endane» som ein segjer, så det var nok einaste utvegen å
koma ut av uføret på, dette å slå båe laga
saman til eitt.
For Lindås-Masfjorden D/s vart dette møtet
halde 19/4 1950, og for Alversund-Manger d/b lag 15. mai 1950. Båe
desse ekstra årsmøta vedtok å gå til samanslåing
av laga.
Til å føra tingingar om forma for denne samanslåinga
vart desse valde:
For Alversund-Manger d/b lag: Arne K. Tveit, Alex. Kjeset,
Knut Magnus, Magn. Th. Seim.
For Lindås-Masfjorden d/s lag: Alf Holmås,
Lars Kolås, Einar Thorsnes, Johs. Duesund.
Skipingsmøtet for det nye laget vart halde i Bergen
den 21/2 1951. Og laget fekk då namnet A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag.
Rekneskapen for laget skulle ta til å gjelda frå 1. mars same
år.
Etter dei nye vedtekter som der vart vedtekne, skulle
laget styrast av eit råd på 18 medlemmer med 6 frå Alversund-Manger
krins, 6 frå Lindås-Masfjorden krins og 6 frå Bergen
krins. Seinare vart dette talet utvida til at Gulen fekk med ein medlem
også. Vidare skulle eit styre på 6 personar, med 2 medlemer
frå kvar krins, stå for drifta.
Ved samanslåinga fekk laget ialt 14 båtar,
8 motorbåtar og 6 dampbåtar. Av desse var frå Lindås-Masfjorden:
Motorbåt Lygra innkjøpt frå Midthordland
d/s lag, bygd i 1899, ombygd 1947, seld 1969.
Motorbåt Matredal, bygd i 1913, ombygd i 1954. Seld.
Dampbåt Masfjord, bygd i 1925. Seld i 1953 for
50.000 kr.
Dampbåt Lindås bygd i 1909. Seld i 1959 for
157.000 kr.
Dampbåt Austrheim bygd i 1913. Seld i 1952 for
57.000 kr.
Av motorvogner åtte laget 18 bussar, 7 komb. og
2 lastevogner.
Med denne ordninga kan ein segja at ei ny tid tok til
vedkomande samferdsla. Gamalt, lite høvande materiell vart skift
ut, eller modernisert, og bilmateriellet vart fornya ettersom trafikken
auka og vegane vart utbygde.
Ei ulempe som meir og meir gjorde seg gjeldande i ymse
av dei søre distrikt, var dobbelkøyringa mellom B.N.T. og
Indre Nordhordland d/b lag. Dette kom også inn som ei ulempe på
nye gjenomgåande ruter med omsyn til konsesjonsrettar. Og kven som
skulle få desse. Dette laget var også kome i økonomiske
vanskar med drifta, og måtte få statstilskot til dekking av
underskot.
For å få til betre heilskap i heile samferdselsplanen
vart det frå dei statlege styresmakter sett fram krav om samanslåing
av dei to laga i Nordhordland til eit lag.
Det vart mange møte mellom laga om samanslåingsvilkåra.
Frå Indre Nordhordland si side vart det siste utspelet at laget skulle
skifta namn til Bergen Nordhordland Rutelag, og at den gule fargen som
var grunnfargen til bussane der, skulle koma i staden for den kvite fargen
til B.N.T. Om desse ting fær så stor verde for dette distriktet
at det vart siste og einaste grunnlag for samanslåinga vil ettertida
visa.
Ei stor sak var i alle høve løyst med at
alle konsesjonsgrenser i området var borte. Og med det vilkår
for ei betre samordna samferdsle.
Ved denne samanslåinga hadde B.N.T. dette materiell:
Ferjer: Masfjord, Austrheim, Radøy, Lindås,
Nordhordland, Fedje, Bjørn Vest og Lygra.
Båtar: Melanddrott, Seimstrand, Sæbø,
Manger, Byrknesøy, Toska, Rongevær, og Njøten med ein
trygdesum på 36.735.000 kroner.
Av bussar og lastevogner åtte laget ialt 99 stk.
med 2513 sitjeplassar.
LEIING AV DRIFTA
Ein kan nok segja at dei tok ein stor vågnad dei
som gjekk i brodden den gongen i 1880, og skipa det laget som med åra
voks fram til det me har nå. Ein tek med her namna på desse.
Men av plassomsyn og då dette er ei soge for Masfjorden, tek ein
berre med namna på dei frå Masfjorden som har vore med.
Th. Haugsvær var fyrste formannen frå 1880-1884
med Ole A. Solheim som varamann. så var Hans Haugsøen formann
til 1902, frårekna åra 1890- 96. Ein kan segja at det var meir
idealistiske grunnar enn økonomiske føremuner som låg
bak innsatsen. Dei som var med i styret den gongen heitte direktørar,
og årsmøtet generalforsamling. Seinare fekk dette meir folkelege
former, og vart heitande styre og årsmøte.
Frå 1902 kom Hans B. Wergeland med i styret som
formann. Han var formann til han slutta i 1928, då han slutta etter
eige ynskje. Då vart Birger Wergeland formann. Og han var der til
han vart sett i tysk krigsfangenskap. Han døydde der. Ole J. Kvinge
var varamann til styret og møtte då. I 1946 vart Alf Holmås
vald inn i styret. Frå 1947-1951 som formann.
I 1885 kjøpte kommunen for 4000 kr. i luter i laget,
og fekk rett til å velja 2 personar inn i rådet.
Ein tek her med dei som har vore valde frå kommunen
til rådsmedlemer utan å ta med tida dei var med for dei fleste.
Johs. R. Matre, Ole L. Kvinge, Lars S. Trodal, Arne A.
Haugsvær, Ole S. Kvinge, Kristen T. Bergsvik, Ole M. Haugsvær
frå 1889-1916. Ludvik A. Hope frå 1917-1949. Jonas Hope, Andreas
Sandnes, Alf Holmås frå 1937- 1951, Magnus Halsøy frå
1950. Ame L. Hope frå 1950.
Ut over desse har luteigarane valt rådsmedlemer.
Av dei ein har funne namn på nemner ein: Martinus Frøyset,
Henrik M. Matre, Hans J. Nordland, Ole J. Kvinge, M. H. Matre. - Han var
også revisor. Kristen T. Bergsvik. A. J. Riisnes.
Frå 1947 vart administrasjonen omordna meddi det
då vart tilsett administrerande direktør i laget. Johs. Duesund
vart tilsett i denne stillingen. Han hadde elles leia kontoret i mange
år før som ekspeditør. Han var direktør frå
11/8 1947 til H. A. Trovik overtok i det nye laget B.N.T. 7/5 1951.
H. A. Trovik var sjøkaptein og hamnefut i Halden
før han overtok som adm. direktør i B.N.T. Han slutta her
i 1957.
Så vart Oddvar Johannessen tilsett. Han kom frå
administrasjonen til Hardanger Sunnhordlandske d/s lag. Han slutta her
31/12 1971.
Etter han var Torolf Thunestveit tilsett frå 1/2
1972.
Bergen-Nordhordland Trafikklag vart skipa ved samanslåing
av Alversund-Manger d/b lag og Lindås-Masfjorden D/s lag den 21/2
1951.
Etter dei nye vedtekter vart det frå Masfjorden
vald 1 person inn i styret for dette laget og 2 personar i rådet.
I rådet vart desse valde: Alf Holmås med Magnus
Halsøy som varamann. Arne L. Hope med Johs. R. Mjanger som varamann.
Rådet valde Alf Holmås til styremedlem. I
den tida fram til ein gong i 60-åra møtte Magnus Halsøy
i rådet. Då han trekte seg tilbake derfrå vart Leif S.
Kvinge innvald i hans stad.
Styret valde Alf Holmås til nestformann. Han var
der til han slutta ved nådd aldersgrense i 1971. Frå den tid
vart Leif Kvinge medlem av styret.
Arne L. Hope var med i rådet og varamann til styret
til han gjekk av ved nådd aldersgrense i 1975. Frå den tid
vart Arne A. Hope innvald.
Varamannen til Leif Kvinge, Hans B. Wergeland, tok plass
i rådet då Leif Kvinge vart medlem av styret.
Dette er i korte trekk soga kring ei av dei greiner innan
eit allsidig samfunnsliv som kanskje meir enn mangt anna har vore med og
skapt om bygdelivet, og kanskje også ein del av kulturlivet. Tenkjer
ein tilbake på det som har hendt på denne sektoren i denne
100-årsbolken så vil nok det måtte segjast at det er
litt av eit eventyr det som har skapt om reisemåtane både på
sjø og land. |