Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Samferdsle
 

 

 
Jubeldagen 9. juli 1980
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 30.08.2002

Opning av Masfjordvegen 
I eit strålande ver - og på ein av dei varmaste dagane vi har hatt denne godverssommaren - fann denne vegopninga stad. 
Samme dag kl. 14.00 vart snora klipt og veganlegget Bjørsvik -Vikanes offisielt opna, med landet sin lengste samanhengjande vegtunnel på nærare 5 km. 
Etter 101 års sjølvstyre som eigen kommune kunne endeleg Masfjorden opna denne vegen som det hadde vore tala om og emna på i mannsaldrar. Indre og ytre Masfjorden hadde no vorte knytte saman med veg. 

Det var ein flaggprydd kommune og eit folk i gleda som møtte gjestane denne vakre sommardagen. Eit folk som visste kva det ville seia å leva isolert, men som no hadde fått direkte samkvem med uteverda. Masfjordvegen hadde løyst dei ut. 

Var det underleg om musikken spela og augo skein. Det lyste i bunader og bringesølv, og glade andlet såg du kvar du vende deg. Like frå oldingen til minstebarnet på armen eller i vogna,var dei møtte fram. Sjølv bøndene som sleit med slåttonna sette traktor og forhaustar frå seg. I dag tok dei seg fri. 

Ordførar Kjetland frå kommunen, vegsjef Martinsen frå vegstellet, og fylkesordførar Berge Sæberg helsa frå fylket - og klipte snora. Masfjordvegen var opna. No var det røyndom, og ikkje lenger ein draum langt inne i framtida. 

I eit lende og eit stykke Noreg så vakkert at augo mest foråt seg, køyrde heidersfylgjet i bilar frå Reknes der opninga fann stad, og fram til Solheim der det var duka til fest. Kvinner frå gardane rundt bar fram rjomegraut, spikemat og kringler. 
Musikken spela, og maten smaka mest alt for godt. 

Ordførar Kjetland styrde bordseta, og mange talar vart haldne. Veteranar som hadde arbeidd på Masfjordvegen like frå det fyrste spadtaket vart teke i 1935 var heidersgjester. Dei fekk si velfortente hylling, og det var sendt blomar til ein av desse som ikkje greidde å møta fram. Kokka - Åsta Molland - fekk overrekt blomar på vegne av dei som no hadde fullført anlegget, og gjort vegen ferdig. 

Fylkesmann Leiro sa i talen sin at i 1974 vart Masfjordvegen kostnadsrekna til 20 mill. kr. No han var ferdig synte sluttsummen omlag 42 mill. Store tal, men så gav også vegen von for framtida. Ei økonomisk børe for Masfjorden hadde no vegen vorte, men han vona at også dette måtte kunne løysast. 

Elles tala varaformann i samferdslestyret - Arne Ekeland, tidlegare ordførar i Masfjorden - Johannes R. Mjanger og Gunnar Dåe, ordførar Åsmund Skår frå Lindås, ordførar Olav Solheim frå Gulen, soussjef Hans H. Karlsen frå B.N.R., og lærar Jon Hope frå brukarane. 

Vegarbeidar Ingv. Sandnes takka frå dei som hadde vore med og bygd vegen, og fylkesmann Leiro takka til slutt for maten og frå gjestane - og han ynskte alt godt for kommunen og dei som bur der. 

Masfjordvegen 
Det ligg ein klang i sjølve namnet. Vegen kom ikkje til Masfjorden sitt eige jubileum. Kommunen fylte nemleg 100 år i 1979. 

Masfjordingane er eit sterkt folkeferd, som er adla i slit og stræv. Ser vi på samferdslevegane dei har hatt - eller rettare sagt mangel på desse - må vi bøya oss i djup age og vyrdnad. Sjøen er det som gjennom alle år har bunde Masfjorden saman. Han batt, men jamen kunne han stengja også. Når meinisen la seg vinters tider, var det ikkje alltid godt å vera masfjording. Det hende også at rutebåten måtte gje opp. I harde vintrar - ja like til etter krigen - hende det at båten måtte leggja til ved iskanten og lossa varene sine der. Og dei reisande - som gjerne hadde hatt ei lita dagsreis før dei kom til kaien - måtte no gjera ein ny lang tur ut til iskanten og rutebåten. 

Vi tenkjer på gardane Stordal, Kringlebotten, Haukeland, Bjørnekletten, Eikemo, Fosshaug, Stallane, Bergsvik og Lauvik. 
Ja, mange fleire. Gode velklingjande namn, men du kor mykje slit og forsaking den einskilde som har budd på desse gardane må ha hatt. Kva var grunnen til at dei slo seg ned og rudde seg heim på slike stader ? Ja, det ville vore forvitneleg om steinane kunne ha tala slik at vi hadde fått visst sogene til desse slitarane. Dei fyrste som tok til er gløymde for lenge sidan. Men slitet er ikkje gløymt. Det har halde ved så lenge der har budd folk på gardane, og det har det gjort på dei aller fleste like til våre dagar. 

Mange ein Isak Sellanraa har rudd sin eigen heim i «Øydemarka», og på det viset fått seg den garden dei ikkje hadde odel til heime. Trass slit og stræv og små stunder til eigen lesnad, var kunnskapstrongen så stor at dei tileigna seg det dei trong for å vera med i den kommunale styringa - ja endå til den nasjonale. Og Masfjordingane stod sterkt i biletet når det galdt skipinga av Lindaas - Masfjorden Dampskipsselskap. Seinare ved styring og rådgjeving - ja også ved økonomisk stønad - gav masfjordingane av det dei hadde. Det utrulege er kor mykje dei hadde å gje av, når det retteleg røynde på. 

No har dei fått veg. Ikkje Kringlebotten. Den garden er nok longe fråflytt. Men dei andre vi har nemnt har fått det. 

Informasjonen er henta frå BNR-Nytt nr. 3 - 1980 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal