SOGA OM VEGEN
Forfatter: M. H. Matre
Publiseringsdato: 26.10.2002
Soga om ættene i bygda let seg berre vandt fylgje
attende til omlag 1500, og soga om vegen er endå mykje kortare enn
det. Likevel er det ikkje nokon grunn til å tru at ikkje desse sogene
er eldre, og ein kan med ein viss rett seie at soga om vegen er soga om
folket som til kvar tid har halde til her.
Frå den eine garden eller buplassen til den andre
rak det nok folk i dei mest ymse ærend. Ein lånet vel varme,
medan ein annan kanskje hadde ein uven han vilde betale noko tilbake, eller
det var kanskje ei klok kone som måtte hentast når det støytte
sjukdom til. Eitt er i alle høve visst: Ungdomen hadde sine vegar
gardimellom frå tid til annan, utan sat vi ikkje her, korkje du eller
eg!
Etterkvart vart det rudt av vegen nedfallstre, og dei
steinane som låg mest til meins vart velt tilsides, kanskje kom det
ein steinhelle i det verste dovet, og når den var nedtrødd,
kom det ei ny oppa, ja det kom gjerne fleire i rast over eit blautt myrdrag.
Her og der vart eit brot gjort tettare meddi det vart lagt eitpar heller
oppå kvarandre, og der var ein straks på veg til ei tropp!
Så vart geitevegen farande for både eitt og hitt, og den brune
stigen låg der som eit band mellom gardane.
Krøter vart drivne til og frå, og langt ut
i leksa stod hesten ein dag på tunet, med ein kløvdall på
ryggen! Det var vel ein merkesdag på høgd med dei aller største!
Så gjekk det nok mange og gode år før
hesten ein dag om vintern atter stod på tunet, denne venda med sleden
attom seg, eller kanskje det var berre droga aller først, men i
sporet kom sleden, og der låg lasset, der låg kornet og saltet,
og ut frå garden låg det kjøt og ull og ved. Og mannen
gjekk ved sida og var «herre» med bein rygg!
Først dei aller siste hundradåra kom så
det me i dag kjenner som veg. Han hadde skjæring og mur og holveit
under, og skap av grøft. Det var den me kjenner frå det som
er skrive om Tangedalsvegen, han skulde vera \"brukbar vei"!
Den dagen det kom slik veg til tuns, var det eit tidarvende
på høgd med dei aller største, ein rekna ikkje i bører
lenger for det som skulde fraktast til og frå, noko nytt var kome
til, det vart tale om lasset, og det skulde ikkje mannen bakse med, det
vart hesten som tok tyngda! Ja, då det leid endå lenger, så
lurde han seg til å sitja på, den største skøyteløysa,
sjølvsagt når han ikkje hadde lass på, og berre i unnabakk,
og helst når ingen såg det!
Endå lenger fram sat han på lasset når
det gjekk for det same, og han sat der med pipa og hadde kos når
det halla med. Bygginga av vegen hadde gjerne krøkt ryggen hans,
nå kunde han retta seg, og han visste at ingen fleire ætter
på hans tun skulde bruke ryggen sin til å frakte til og frå
på.
VEGBYGGINGA I MASFJORDEN
Det vil vera kjent at Masfjorden vart utskild frå
Lindås herad i 1879. Til då var det ikkje bygt ein einaste
meter veg som det offentlege hadde ytt noko til. Rett nok hadde det same
året vorte vedteke i Lindås heradstyre å yta tilskot
til vegen Frøyset - Sleire, men det var først året
etterpå at dette vegbygget kom i gang.
Slik Masfjorden herad ligg til rettes frå natura,
er det klårt for alle at det etterkvart vilde reise seg krav om ei
rekke vegar i ymse lutar av bygda. For ein stor del ligg gardane oppetter
i dalane, det er langt til sjøs, og etter kvart det kom båtferdsle
med varor og post i gang, så kom vegkrava, det eine etter hitt. Då
desse vegane for ein stor del var bygde, så kom tanken fram om å
få veg langs fjorden.
Med ein viss rett kan ein seie at utviklinga av folkeskulen
kom til å verta ei sak som også førde vegkrav med seg.
Kanskje ser ein dette tydelegast langs veglina Garneset - Ådnekvam.
Frå først av var det berre tanke på veg frå gardane
og fram til dei nyreiste skulehusa, og det var først så seint
som i 1908 at det samla linestykke vert omtala.
Frå det året Masfjorden vart eige herad finn
ein at det ikkje var langt mellom vegkrava. Alt i det andre heradstyremøtet
hadde ein det første. Merkeleg nok var dette ein vegstubbe som endå
ikkje er bygd, nemleg frå Haugsvær til Storsundet, på
sørsida av fjorden. Grunnen til at det der var ynskjande med veg,
var at isen er leid i fjorden, og tanken om vegen til Solheim, langs nordsida
av fjorden, var endå ikkje påkomen.
I dei 20 åra frå 1880 og utetter, er det ikkje
mange heradstyremøte utan at ein møter tale om veg ein eller
annan stad. Ein kan nemna at det for ymse av desse vegane tok urimeleg
lang tid før dei kom i gang, enn seie var ferdige. I den samanhengen
vil ein nemna brua over Risnesstraumen. Første gongen ein høyrer
tale om denne, er i 1888, og først i 1943 vart ho ferdig, dryge
50 år tok det.
Nå til dags høyrer ein ofte at dei gamle
nok ikkje skjøna seg noko større på dette med vegane,
og at dei gjorde for lite, men ser ein betre etter, finn ein at dette er
eit altfor lettvint oksledrag. Berre ein einaste gong har heradstyret ikkje
vore med på fremja eit vegkrav. og det var første gongen det
var tale om den før nemnde Risnesbrua. Det hadde vel si årsak
i at ein meinte det ikkje var teknisk råd å byggja henne, kabelbrua
kom etterpå ei tid.
Det ein kanskje kan sjå etterpå er at sume
av vegane skulde vore igangsette som hovudvegar. Til dømes Garneset
- Ådnekvam og Haugsdal - fylkesgrensa. Det ser ut som dei styrande
i bygda ikkje hadde så lett for å gå til Stat og fylke
og bede om hjelp. Dei var jo vane med å klare seg på eiga hand,
og på den andre sida var det nok ikkje alltid så lett å
få hjelp heller.
Ser ein under eitt på saka, må ein vel sanne
at det er gjort mykje godt arbeid, og at stort framsyn er lagt for dagen.
Og framfor alt må ein syne den aller største vyrdnad for den
personlege offerviljen ein støyter på. Det er ikkje uvanleg
å finne at ein mann tok på seg både 50 og 60 dagsverk
i året.
Dette vil ein kome attende til under omtalen av dei einskilde
vegane, og likeeins vil ein finna kva heradet har ytt dei ymse åra
frametter.
KLASSIFISERING AV VEGANE
Ein deler til vanleg vegane inn i 5 klassar, og ein nemner
dei her: 1. Riksvegar. 2. Hovudvegar. 3. Bygdevegar. 4. Vegfondsvegar.
5. Kolonisasjonsveg.
Riksvegane er store stamvegar frå den eine landsluten
til den andre, høgfjellsvegane kjem også inn under desse.
Det er for det meste Staten som ber uttogene med desse vegane. Dei fylke
vegane skjer gjennom må då oftast ta ein del, og då vert
ofte denne delen likna ut på herad som ligg i leida.
Hovudvegane er vegar som bind saman fleire herad, men
ein finn tidt undantak frå dette. Sume stader er det berre store
grender innan same heradet hovudvegen bind saman. Det er staten som ber
tyngste utlogone med hovudvegane med. Fylka vert då pålagde
frå 1/3 til 1/10 av utlogone, og av dette må då herada
ta ein part som i kvart tilfelle vert fastsett av fylket.
Bygdevegane vert kosta av herad og fylke ilag. I Hordaland
er fylket sin part 2/10 av utlogone. Resten fell på heradet, og dette
legg i sin tur det meste på dei som beinveges er interesserte. Det
hender at ein kan få statstilskot til slike vegar, oftast er dette
då halvparten av den samla kostnaden.
Vegane Haugsdal - fylkesgrensa og Garneset - Ådnekvam
vert hos oss bygde med statstilskot, 6/10 parter til det første,
og 7/10 til det andre.
Vegfondsvegar vert bygde med tilskot på 4/10 frå
vegfondet til fylket. Er der ekstra store kontantutlegg som t.d. til ei
bru, kan dette tilskotet gå opp til 6/10, men det er ikkje høve
til å søkje statsstødnad til slike vegar.
Kolonisasjonsvegar vert bygd til bl.a. bureisingsbruk.
Her yter staten ved landbruksdepartementet eit rimeleg tilskot, men det
er ikkje noko fast grense. Ved sida kan ein også søkje hjelp
av fylket sitt vegfond.
VEDLIKEHALDET PÅ VEGANE
Riksvegane vert vedlikehaldne av staten.
Hovudvegane er det fylket som må ta seg av. Frå
først vart dette vedlikehaldet lagt på alle som hadde matrikulerte
bruk, slik at dei anten måtte svare eit visst tal dagsverk årleg,
eller det vart også pålagd ein serskatt. Denne var 18 skilling
pr. skylddaler.
Etter ei tid måtte ein gå frå denne
ordninga, og det vart fylka som tok over vedlikehaldet. Utlogone vart utlikna
på herada i form av eit tillegg på fylkesskatten. Dette vekte
stor harme i dei herad som ikkje hadde hovudvegar, og det gjekk så
langt at nokre ordførarar truga med å reisa sak mot fylket.
Det heile vart ordna på det viset at også
vegvedlikehaldet kom inn som ein sers post i fylkesskatten, og dei herad
som då ikkje hadde vegar, også slapp å betala noko. Ein
kan gjerne seie det slik at dei herad som hadde vegar, fekk eit tillegg
på skatten sin. Det har synt seg at dette er ei brukande ordning,
og ein har framleides dette systemet.
Bygdevegane blir vedlikehaldne av heradet. Ein freista
også her med å føra over vedlikehaldet til jordeigarane,
men ein måtte forlate denne ordninga, og no er det heradskassen som
har denne utloga. Herada har litt av bensinavgifta til dette, og det er
hjå oss lensmannen som er ansvarleg for at turvande vedlikehald vert
sett i gang.
Utlogone til vegbygging og vedlikehald for Masfjorden
dei ymse år.
1884.....kr. 400,- 1913.....kr. 520
1885.....kr. 450,- 1914.....kr. 1255,-
1886.....kr. 450,- 1915.....kr. 1325,-
1887.....kr. 585,- 1916.....kr. 1335,-
1888.....kr. 350,- 1917.....kr. 1335,-
1889.....kr. 275,- 1918.....kr. 2430,-
1890.....kr. 265,- 1919.....kr. 3745,-
1891.....kr. 400,- 1920.....kr. 5360,-
1892.....kr. 450,- 1921.....kr. 15360,-
1893.....kr. 800,- 1922.....kr. 14360,-
1894.....kr. 300,- 1923.....kr. 12660,-
1895.....kr. 500,- 1924.....kr. 10390,-
1896.....kr. 775,- 1925.....kr. 8290,-
1897.....kr. 600,- 1926.....kr. 8290,-
1898.....kr. 510,- 1927.....kr. 7250,-
1899.....kr. 675,- 1928.....kr. 9150,-
1900.....kr. 300,- 1929.....kr. 8000,-
1901.....kr. 300,- 1930.....kr. 9220,-
1902.....kr. 300,- 1931.....kr. 10100,-
1903.....kr.1850,- (Lauvfossbrua) 1932.....kr. 9220,-
1904.....kr. 170,- 1933.....kr. 7870,-
1905.....kr. 170,- 1934.....kr. 7470,-
1906.....kr. 915,- 1935.....kr. 7200,-
1907.....kr. 260,- 1936.....kr. 7300,-
1908.....kr. 315,- 1937.....kr. 11290,-
1909.....kr. 760,- 1938.....kr. 12080,-
1910.....kr. 510,- 1939.....kr. 14480,-
1911.....kr. 555,- 1940.....kr. 14750,-
1912.....kr. 360,-
DEI EINSKILDE VEGANE
Hosteland- Birkeland
I eit skriv av 17. juli 1880 høyrde ein først
om denne vegen i heradstyret. Året etter, den 3. mai, låg det
føre kalkyle frå vegkontoret, og heradstyret vedtok å
yta tilskot som den gongen var 1/5 av \"bro og mineringsutgifter\". Dei
interessa hadde teikna 337 årlege dagsverk så lenge vegarbeidet
vilde vare. Frå først var vegen planlagd som «Ridevei
med tre alens bredde». Vidare skulde han byggjast i to parsellar,
den første frå Hosteland til Kvamsdalsvatnet, og den andre
frå øvreenden av vatnet til Birkeland. Ein våga seg
ikkje i ferd med stykket langs Kvamsdalsvatnet, den vegen kom først
mange år seinare i samband med Haugsdal - fylkesgrensa.
I heradstyremøte 19. oktober 1901 låg det
føre protestskriv om at vegen ovanfor Kvamsdalsvatnet vart laga
med for stor breidd. Heradstyret synte til vedtaket sitt i 1881 då
det først vart løyvt pengar til vegen. Seinare kom det søknad
om å byggje haldeplass ved kaien på Hosteland. Dette vart ei
heil sak av då det vart gjort krav om ein større vederlag
for denne utvidingi. Til slutt vart det ekspropriering og ved overskynet
vart grunneigaren tilkjend kr. 70.
Når ein tenker på at utgiftene med eksproprieringa
kom på over kr. 500,- kan ein vel seia at det var mykje skrik og
lite ull.
Den samla kostnaden med dette vegbygget var kr. 22 595,-.
Av dette fall det kr. 4 519,- på staten. Resten, kr. 18 076,- fall
på oppsitjarane. Dette vart for det meste betalt med arbeid.
Kommunen ytte jo eit lite kontant tilskot, men det har
ikkje vore mogleg korkje ved dette bygget, eller seinare, å nøye
slå fast kor mykje dette var. Ein skulde tru at det knapt oversteig
kr. 500.
Haugsdal - Tverberg
I 1887 vart det søkt om veg frå Haugsdal
til Tverberg, med bru over elva til Kjetland. Alle tre gardane teikna seg
for 70 dagsverk til manns.
I 1890 vart tilskotet gjeve i heradstyret, og det var
den gongen 1/5 av det som gjekk med til «bro og minering».
Vegen fekk elles vanleg tilskot frå fylke, og omkring 1903 var vegen
ferdig.
Brua over Haugsdalselva var frå først av
tre, men omkring 1915 var ho så dårleg, for ein del var det
isen si skuld, at det måtte ny bru til. Den nye brua vart bygd på
murde kjer i elva, og elles med jarnbjelkar og betongdekk oppå. Det
vart søkt om statstilskot til dette arbeidet, og staten bar halve
utlogone. Den nye brua vart ferdig i 19??.
Brua på Kjetland vart bygd som kvelvingsbru av stein
i eitt spenn, og det ser framleides ut som om gråsteinen er eit bra
byggematrial! Det var fagfolk utanbygds frå som murde brui.
Matre- Fosse
I heradstyremøtet den 15. januar 1886 låg
det føre søknad frå Matre om veg frå Matre til
Hommelfossen. To år seinare søkte dei to mennene i Kringlebotten
om tilskot til bru over elva i \"Holene\", og dei fekk 80 kr. til dette.
I 1895 vart det sett i gang med vegen gjennom Matredalen, og det vart halde
fram med denne til 1908.
Det var ikkje berre Matrefolka som bygde vegen, for dei
som budde på Fosse og i Kringlebotten var jo også interesserte
i denne vegen, og dei var med. Dei hadde same pliktdagsverk kvart år
som hine, og det var ikkje lite. På denne vegen var det 60 dagsverk
i året.
I 1908 vart vatsrettane selde, og det vart teke ein stans
i vegbygginga i von om at dei som hadde kjøpt vilde bygge ut. Det
drog ut med dette, men i 1915 var vegen ferdig like opp til Fosse.
Då pliktbygginga slutta i 1908 var det bygt omlag
4 km veg, dei var då komne til «Klypet». Herfra var det
så at «Matrefaldene» bygde vegen fram til Fosse. Dette
var også omlag 4 km.
Kvingedalsvegen
I heradstyremøte den 11. januar 1885 låg
det føre søknad om veg frå Nordre Kvinge til Kvingedal.
Det var bøndene på begge desse gardane som stod føre
søknaden. Ein vedtok å sende vegkravet til vegkontoret, og
få det kostnadsrekna på vanleg måte.
I 1894 vart det gjeve vanleg tilskot frå heradet
si sida.
I 1911 kom det som nytt til at ein søkte om å
få lengd vegen til \"Nystykket\". Året etter vart det gjeve
vanleg løyving til dette, men her kom det noko nytt til, og det
var at eit av bruka nekta fri grunn over innmarka. Dette var første
gongen kommunen måtte ekspropriera seg fram.
Denne vegen vart påbyrja i nittiåra og først
i 1930 var han ferdig fram til \"Nystykket\".
Haugsdal - fylkesgrensa.
Det var i 1879 ein tok til med vegen frå Frøyset
til Sleire, og han vart ferdig i 1894. Dette var den første vegen
i bygda. Han vart bygd med tilskot frå fylket, og heradet ytte 1/5
av \"det som medgikk til bro og mineringsutgifter\". (Heilt til 1910 held
denne forma for kommunalt tilskot seg. Det året låg det føre
søknad frå oppsitjarane på Indre Hope om veg frå
Hopsøyri og opp til garden Hope. Heradstilskotet vart då endra
til å bli 1/10 av samla utloga til heile vegen).
Vegen frå Frøyset til Sleire var jo eit stort
framsteg, men båten kom ikkje lenger enn til Straumsvik, og det varde
ikkje så lenge før det kom krav om å fortsette vegen
frå Frøyset til Straumsvik.
I 1900 tok så heradstyret opp tanken om å
bygge vegen utetter til Straumsvik, og det vilde også fortsette frå
den andre enden, slik at vegen frå Sleire kom saman med vegen frå
Hosteland til Birkeland, og ikkje nok med det, men stykket langs Kvamsdalsvatnet,
som det tidlegare ikkje hadde vore pågangsmot til å gå
i gang med, vart no medteke. Vidare søkte ein om at vegen måtte
halde fram til grensa mot Sogn og Fjordane, for det var under bygging veg
frå Brekke over Verkland til Ynnesdalen.
Det vart vedteke å bygge vegen som bygdeveg med
statstilskot. I dag vil ein nok seia at den heller skulde vore fremja som
hovudveg. Grunnen må vel vera at ein meinte det vilde gå for
lang tid før vegen kunde kome i gang, og det ser ut som det nett
i denne tida var stort pågangsmot til stades når det galdt
vegane.
Det var strid om saka i heradstyret, då mange meinte
at det vart eit for tungt lyft for bygda. Saka kom likevel i orden og arbeidet
tok til i 1908. Sidan søkte Ytre Haugsdal og Rambjør om veg
frå seg og innetter til Straumsvik. Likeeins søkte Kvamsdalen
om veg frå seg og fram til Birkelandsvegen. Båe desse krava
vart opptekne og dei vart tilknytte Straumsvik - fylkesgrensa som det heile
nå vart heitande: Haugsdal - fylkesgrensa med arm til Kvamsdal. Vegen
kom i gang med halvt statstilskot, dette er seinare endra til 6/10. Framleides
er ikkje vegen ferdig i heile lengda si, og no er det søkt om å
få lengd vegen frå Haugsdal fram til grensa mot Gulen. Dette
er nok med tanke på å få ferjestaden for Ytre Riksveg
lagd til Straumsvik, og det må vel seiast at dette er det rette.
Ådnekvamme - Garneset.
Ein finn att i 1885 spreidde freistnader på å
bygge veg ymse stader langs denne lina, men det samla vegkrav kom ikkje
før omlag 1900. Med reiste skulehus på dei mest sentrale gardane,
finn ein at dei som låg meir avsides langs fjorden, kom med krav
om veg. Det same hende både på Andvik, Hope og Kvinge. Først
og fremst var det skuleveg.
I 1902 og 1903 vart det så for alvor teke fatt med
teikning av distriktstitskot for heile vegen. Dette var slett ikkje lett.
Det synte seg at det var rådlaust å få teikna årlege
dagsverk på same måten som hadde vore gjort ymse andre stader
i bygda, t.d. på Hostelandsvegen, Matrevegen, Haugsdalsvegen o.fl.
Ved denne nye vegen vilde ein ikkje gå med på årlege
dagsverk så lenge vegbygginga var i gang, ein gjekk berre med på
å yte ein fastsett sum, og når denne var innbetalt, var ein
også ferdig med sitt tilskot. Heile vegen var kalkulert til ein sum,
og etter det vart så distriktstilskotet utrekna.
Sjølv på denne vis var det store vanskar
med å få teikna nok tilskot, men omsider kom ein då så
langt at dette var i orden, og distriktstilskotet var 2/5 av ein kalkyle
på vel 100 000 kr. Ein rekna med at vegen vilde kome i halvt statstilskot,
og at fylket vilde ta 2/5. Heradet vilde då reida ut den siste femteparten,
men det måtte også garantere for distriktstilskotet.
Når no tidene har endra seg slik kalkylen i dag
er over ein million, vil ein lett skyne at dei interesserte slapp etter
måten billeg, men det vert heradet som må betale. På
dei første vegane i bygda, der fjellgardane var utestengde og sleit
urimeleg tungt før vegen kom, der var det nok ein god mun større
offervilje tilstades, men denne vegen er jo på ein måte ein
samanbindingsveg i større perspektiv, så ein kan vel seie
at det er rimeleg at heradet ofrar ein del meir.
På ein måte kan ein seie at det same gjer
seg gjeldande for vegen Haugsdal - fylkesgrensa. Med tida er det jo å
vona at dei meir og meir vil verta samanbindingsvegar.
Arbeidet på Ådnekvam - Garneset-vegen kom
i gang med halvt statstilskot, men dette vart i 1940 oppsett til 7/10.
Framigjennom har det vore ein heil del meiningsskilnad
om kvar ein skulde ta til å bygge, og f.t. vert det arbeidt på
fleire stader, men det vil nok ta endå mange år før
vegen vert ferdig, med dei løyvingane som no er. Heilt i ei onnor
stoda hadde dette vegbygget stått om riksvegen hadde kome nordetter
langs Austfjorden frå Bjørsvik. Det hadde vorte både
billegare for heradet, og ein må også rekne med at det hadde
kome veg mange år tidlegare.
Solheim - fylkesgrensa.
I heradstyremøte den 6. juni 1884 låg det
føre eit skriv frå interesserte i Masfjorden og Brekke om
veg mellom dei to fjordane. Året etter heldt dei to herada sams møte
på Brekke om denne saka. Ordføraren i Masfjorden vart vald
til møtestyrar, men kvart herad førde sine eigne møtebøker.
Det vart semje om etternemnde vedtak:
«Ordførerne i Lavik og Masfjorden inngår
til sine respektive fylker med søknad om vei i forbindelse med følgende
alternativer:
1. Instefjorden-Solheim.
2. Brekke-Hosteland.
3. Brekke-Austgulen-Frøyset.»
I heradstyreprotokollen for Masfjorden finn ein denne
etterskrifta:
«Masfjorden herredstyre udtaler enstemmig under
henvisning til søknaden av 10/5 1878 og S .B. amtsveikommiteplan
av 1881 sin tilslutning til veilinjen over Instefjord-Kringlen til Solheim,
idet man fandt at denne linjen som amtsforbindelse hadde sin særegne
berettigelse i sammenhæng med de to øvrige linjer, såvel
ved sin længre avstand fra kysten, som ved sin eventuelle fortsettelse
til Oster over Haugsdal i Masfjorden. Tillige bemærkes om denne linje
at den har en længde av 11 km., medens de øvrige formenes
at ha en længde av 25 km.»
Ein bør merke seg årstallet for dette møtet,
og då må ein vedgå at det vart lagt framsyn for dagen.
Lavik heradstyre vedtok den samme fråsegna med 13
mot 9 r.
I heradstyre den 13/2 1894 vart det vedteke å gjera
ein ny freistnad i samband med Lavik om vegen, men dette møtet kom
ikkje til å verta halde.
I møtet den 4. mai same året låg det
så føre ein søknad frå Kalhovde og Furebotten
om veg frå Solheim til Geirevatnet. Søknaden vart send fylket
med søknad om statstilskot. Denne søknaden kom det ikkje
noko meir av.
I møtet den 10. juni 1897 kom saka på nytt
fram. Denne venda søkte ein til vegdirektøren om hovudveg
frå Solheim til Instefjord. Det låg ved bindande fråsegn
frå dei interesserte om dagsverk som tilsvara heradet sin part om
vegen vart oppteken som hovudveg. Hordaland fylkesting gav sitt løyve,
men det var heile tida føresetnaden at Sogn og Fjordane vilde bygge
vegen frå Geirevatn og ned til Instefjorden. Solheim fylkesgrensa
vart påbyrja i 1905, og i 1910 var ein framkomen til vatnet på
grensa mot Sogn og Fjordane.
Først i 1930, etter at vegen hadde enda blindt
oppe ved Geirevatnet i 20 år, vart det sett igang nordanfor, og i
år, 1951, er det framleides ein kilometer eller noko slikt som ikkje
er ferdig. Dette må vel seiast å vera det motsette av samarbeid.
Matre- Solheim
Første gongen ein høyrer tale om denne
vegen er ein søknad frå Haugsvær. Merkeleg nok var det
på andre sida av fjorden, nemleg frå Haugsvær til Storsundet.
Denne søknaden vart referert den 15/4 1879. Saka vart send futen
til fråsegn, og ho kom tilbake med oppmoding om å få
klårleik i om vegen hadde interesse for andre distrikt.
No kan ein tykkje det var rart at det heller ikkje den
gongen vart søkt om veg frå Haugsvær til Solheim, men
ein må hugse på at denne vilde verta omlag fire gonger så
lang, og folk var ikkje så vane med å få det ein i dag
kallar for "stønad".
I 1895 låg det ny søknad føre, og
denne venda vart det slege noko hardare til. Det var tale om veg frå
Matre like til Eikemofoss! Søknaden vart send fylket med tilråding,
men først i møte den 2. juni 1903 låg det føre
kalkyle av vegen. Den 15/10 same året sende heradstyret denne saka
frå seg med søknad om statsstønad til denne vegen.
Så, i 1909 den 9. juni søkte A/S Matrefaldene
om konsesjon på vatsfalla. Som eit av vilkåri for konsesjonen
knytte då heradstyret til at selskapet skulde yte kr. 10 000 til
denne vegen. Denne summen utgjorde heradet sin part etter den kalkylen
som låg føre.
Heradstyret delte opp vegen i to bygg. Matre - Solheim
i det eine, og så Krossleite - Eikemofoss. Ein gjekk ut frå
at det skulde verta lettare å få det gjennom på den vis.
I dag har ein grunn til å tvile om dette var rett, men den gongen
var det nok teke alle rimelege omsyn.
Det synte seg også at det vart vanskar. Vegkomiteen
åt fylket knytte vilkar til då saka var framme i fylkestinget.
Mellom anna skulde heradet \"forskuttere\" fylket sin part til vegen kom
i tur. Etterpå vart det eit hardt tak om denne saka i heradstyret.
Det enda med at 5 vilde gjeve garantien, medan 5 røysta mot. Deretter
måtte soknestyret i Solheim garantere. Dette vart då likevel
ikkje aktuelt. Hans B. Wergeland som den tid var ordførar i Masfjorden,
var på same tid stortingsmann, og i stortinget fekk han saka i gjennom
utan at garantien frå Solheim vart effektiv.
Arbeidet på Matre tok til i 1912, men fram til Solheim
kom ein først i 1929. På Krossleitet tok arbeidet til i 1930-åra,
og det er no ferdig veg ½ km uteter, men det er i alt 3 km til Eikemo.
Romarheimvegen
I 1887, vart det i heradstyremøte lese eit skriv
frå Hosanger formannskap til Masfjorden. Saka galdt veg frå
Oster til Masfjorden. Heradstyret svara at det fann vegen \"ønskelig
og berettiget, og til nytte for begge herreder\".
I 1892 søkte så gardane Tverberg, Kjetland,
Bjørneklett og Haukeland på Masfjordsida, og Dyrkolbotn, Nipen
på Ostersida om at det måtte verta bygt veg frå Haugsdal
til Romarheim. Saka vart tilrådd i heradstyret, og send fylket.
I 1896 kom så tanken opp om jernbane, og Hosanger
vende seg atter hit om jernbane frå Dalseide på Bergensbana,
over Romarheim - Matre - Instefjord i Sogn. Det synte seg at det var mindre
tru på jernbane her i fjorden, og ho vilde jo også berre snerte
bygda i ein utkant. Likevel valde Masfjorden to mann som i tilfelle skulde
møte for Masfjorden om det vart gjort noko meir med saka. Det var
Rasmus F. Haugsdal og Arne A. Haugsvær.
I 1911 vart vegtanken på nytt oppteken, denne venda
frå Modalen si sida. Modalen meinte at Masfjorden måtte vera
med på å få saka inn for første fylkestinget.
Dette høvde godt for Masfjorden, og det gjekk inn for saka på
nytt, men ein kan ikkje sjå at saka kom vidare for fylkestinget.
I åra frå 1922 og utetter er det mykje tale
om denne vegen, og no også om ein ytre riksveg frå Bergen og
nordetter til Sogn. Serleg i pressa var det stort ordskifte om dei ymse
linene.
Ein vil tru at det naturlege hadde vore at Sogn og Fjordane,
Hordaland og Bergen hadde kome saman og blitt samde om ei line for denne
vegen, men det vart ikkje gjort slik. Saka vart overleten til dei ymse
distrikt, og det vart eit stridt tak om linevalet, der kanskje altfor trange
lokale omsyn fekk gjera seg altfor mykje gjeldande.
For Masfjorden var saka etter måten greid. Det var
å velje mellom Romarheimlina og Bjørsviklina over Sandnes
- Duesund - Krossleitet til Sogn. Som ein ser ligg den siste lina som ein
diagonal gjennom heile Masfjorden omlag. Ein vegstubb på 3 km vilde
få heile Nordbygda inn på denne vegen, det var berre Hosteland
- Duesund som måtte nybyggast. Vegen Sandnes - Andvik var alt i gjenge,
og Solheimsokna vilde, bortsett frå Haugsdal med ein gong vera knytt
til.
Romarheimlina derimot vilde kome Solheim til gode på
same vis, men det vilde verta med det. Resten av bygda vilde få lange
utsikter med omsyn til sambandsveg med byen t.d.
Han som representerte Haugsdal i heradstyret måtte
jo av lokale omsyn halda på Romarheimlina, men resten av heradstyret
stod samla om den andre. Og så gjekk atter tida. I 1928 vart det
utteke ei nemnd frå Masfjorden, Lindås, Alversund, Hamre, Modalen,
Bruvik, Hosanger, Haus og Åsane. Med i denne nemnda var også
overingeniør Jensen frå Hordaland fylke, og statsingeniør
Ingstad frå Bergen. Det vart halde ei rekkje møter i denne
nemnda, og det var også ymse synfaringar av dei linene som var på
tale. Til slutt vart det inga semje om val av line, og nemnda kløyvde
seg meddi 6 held på Romarheimslina og 5 på den over Bjørsvik
- Sandnes. Fleirtalet var representantane frå Modalen, Hosanger,
Hamre, Åsane, Haus og Bruvik. Resten held på den andre lina.
Statsingeniør Ingstad hadde servotum. Han meinte at når lina
frå Bjørsvik kom til Duesund, skulde ho ta over Risnes til
Gulen og Rutledal.
I 1937 kom så endeleg saka fram i fylkestinget,
men ho vart utsett det året. Året baketter kom så fylkesmannen
i Hordaland med framlegg om at ein måtte velja Romarheimlina. Samskipnader
i Bergen hadde i mellomtida arbeidt mykje for denne lina, og Bergen hadde
gjeve fråsegn om at det kunde reknast på eit tilskot frå
kommunen der på ein halv million kroner til vegen, men berre på
det vilkåret at ein valde Romarheimlina.
For fylkesmannen var vel dette avgjerande, for dette var
så stor sum at han vilde utgjera distriktstilskotet frå fylket,
etter den kalkyle som då låg føre.
Slik saka stod var det ikkje råd å ta opp
noko anna framlegg; då dette vilde verta oppteke berre som ein demonstrasjon.
No har jo arbeidet vore i gang i fleire år, men ein kan ikkje sjå
at Bergen har ytt noe tilskot endå. Etter den kalkylen som no lyt
leggjast til grunn, vil det knapt verta nokon fare for at det ikkje skal
verta bruk for tilskotet frå Bergen!
Ein lyt vel seia at Sogn og Fjordane var snøggare
i snuen i denne saka. Alt i 1937 vedtok Stortinget at den ytre riksvegen
frå Bergen til Sogn, skulde gå gjennom Gulen, og etter det
måtte fylkesmannen i Hordaland ta saka opp med vegdirektør
og fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Dette hadde til fylgje at Hordaland
fekk bruke riksvegmidlar til Romarheimlina.
Det vert no arbeidt på vegen gjennom Gulen, og det
vil få veldig mykje å seia for vår bygd om ein kan få
ferjestaden på nordsida av fjorden lagd til Straumsvik i staden for
Halsvik. Frå Masfjorden er det gjort føreteljing hjå
vegdirektøren om dette tidlegare, men det er grunn til å tru
at Masfjorden må fylgje denne saka med eit årvake auga, om
det ikkje skal mislukkast.
Sandnes kyrkje- prestegarden
Den 24. juni 1883 søkte soknepresten om veg frå
prestegarden inn til kyrkja på Sandnes. Det ser ut til at denne saki
straks har støytt på vanskar med omsyn til grunnavståinga,
og heradstyret har gjort vedtak om å ekspropriere grunn, men seinare
har saka på ein eller annan måte ordna seg. Vegen kom i arbeid
i 1887 og berre 4 år etterpå var han ferdig, så det gjekk
fort. Det ser ut til at ein har sett på denne vegen som om det var
berre presten som hadde nytte av han, for distrikstilskotet vart utlikna
på alle matrikulerte bruk i heradet. Det går likevel ikkje
fram om det var likt på alle.
Solheim bryggje - kyrkja
I 1881 var Solheim kyrkja ferdig, men det var ikkje veg
opp dit frå sjøen, og det var lenge vandt å koma fram
langs hamrane når det var flo. Kanskje var det kyrkjevegen på
Sandnes som sette fart i arbeidet på Solheim med, for på ein
eller annan måte har kommunen ordna med pengar til denne vegen. Det
ser ikkje ut til at det har vorte utlikna på bruka denne gongen.
Det ser ut til at vegen vart bygd vinteren 1895-96. Det var tre mann som
hadde heile arbeidet, Steffen B. Sætre, Erik Askeland og Ole O. Haugsvær
(Skaret). Vidare seiast det at dei hadde 1200 kr. for heile vegen.
Tangedalsvegen
I heradstyremøte den 16/10 1884 låg det
føre søknad frå bøndene i Tangedal om eit tilskot
frå heradet. Det var veg dei tenkte på. Med 7 mot 4 røyster
vart saka utsett, men i november året etterpå kom ho tilbake,
og då vart det løyvt 150 kr. på det vilkår at
det vart «oparbeidet brugbar vei».
G. Monsen og Ole E. Sleire skulde sjå etter at
alt gjekk i orden med arbeidet. Det går fram av dette at det ikkje
vart søkt om vanleg tilskot av herad og fylke, men det heile var
eit privat tiltak, og ein hadde då tenkt seg å få ein
del hjelp av heradet.
Dette førde ikkje fram. Det vart nok arbeidt ein
del, og heradet betalte også litt, men etterkvart har det gått
i stå. I møte den 4/9 1896 vart det søkt om tilskot
som vanleg bygdeveg med fylkestilskot. Søknaden gjekk den vanlege
vegen til vegkontoret for kalkyle.
Den 10/5 1900 låg det endelege overslag føre,
og heradet gav vanleg tilskot, men først i 1910 kom saka i orden
for fylkestinget. Elles gjekk det seigt med bygginga då det var lange
tidsbolkar det ikkje vart arbeidt i det heile.
Seinare fekk Hans B. Wergeland denne vegen opp i rekkja
for fylket sine bygdevegar, rett nok som den siste.
Då så vegfondet kom, vart det søkt
om tilskot frå dette for å få vegen ferdig. Dermed gjekk
han ut av rekkja som hovudveg.
Det har seinare vore freista å lengje vegen også
til dei øvste tuna, men dette har endå ikkje vorte av, for
det meste er vel dette orsak i at det ikkje har blitt gjeve fri grunn for
å bygge vidare.
Rambjørsvik - Rambjør
Det var i nittiåra at denne vegen også kom
i stand. Han hadde vanlege tilskot frå fylke og herad, men det var
nok bøndene sjølve som måtte legge til breidaste ryggen
med dagsverk både haust og vår. Såvidt ein kan sjå
gjekk heile bygginga etter måten snøgt.
Hopsøyra - Hope
Då vegen frå Matre til Solheim var under
bygging, var det rimeleg at dei to karane på Hope gjerne vilde nå
ned i denne med ein vegstubb. Heradet hadde freista å få arm
til Hope på sjølve hovudvegen, men det førde ikkje
fram.
Så kom det i 1911 søknad fra dei to på
Hope om tilskot til bygdeveg. I møte den 28. februar gav heradet
tilskot til denne vegen, og søkte då om vanleg tilskot frå
fylket.
Heradet tok på seg 1/10 av den samla kostnaden,
tidlegare hadde det vore vanleg å gjeve 1/5 av utlogone til \"bro
og mineringsutgifter\". Dette var den første bygdevegen heradet
hadde løyvt så mykje til, men når ein i dag ser på
vegen der han ligg, må ein vedgå at Hopskarane har lagt ein
breid rygg til i dette arbeidet.
Dei tok til hausten 1916 og i 1919 nådde dei innmarka
på Øyra. Etter det pusta dei på eit par år, men
i 1921 var verket fullførd.
Tverberg - Verkuren
Då vegen Haugsdal - Tverberg med brua til Kjetland
var ferdig, hadde gardane lenger oppe i dalen framleides ikkje nokon veg
vidare. Under dagsverkteikninga for Haugsdalsvegen, var det føresetnaden
for Bjørneklett og Haukeland at vegen skulde halde fram, og det
var lova at både Tverberg og Kjetland skulde vera med vidare. Vegen
var det sett i gang med i 1930. og han fekk vanleg tilskot frå fylke
og vegfond. Seinare kom altså Romarheimvegen meir og meir på
tale, og det vart vedteke at riksvegen skulde gå nett her. I von
om at riksvegen straks skulde kome, gav gardbrukarane seg då dei
hadde kome til Bjørneklettbotn.
Riksvegen er no i arbeid, men ein kan trygt seia med Bjørnson
«at det går langsomt». Og sjølv når denne
er brøytt fram, vil det endå stå tunge tak for både
Bjørnekletten og Haukeland før vegen til deira tun er ein
røyndom.
Kjetland- Storemyr
I førstninga av 30-åra søkte dei
på Storemyr om veg frå Kjetlandsbrua og ned til seg. Denne
vegen fekk vanlege tilskot, og det vart straks sett i gang. Etter måten
var det lett å bygge også, og det var heller kort. Omlag 4
år tok det, så var vegen ferdig.
Bru over Risnesstraumen
Det var tidlegare nemnd at det var søkt om denne
brua alt i 1888, men den gongen vart det ikkje gjort meir med saka. I 1935
kom så atter bøndene på Risnes med søknad til
heradstyret. Det tok endå nokre år, og desse gjekk for ein
stor part med til samråding om distriktstilskotet.
I 1938 kom saka til fylkestinget. Det vart gjeve tilskot
frå vegfondet og dertil vanleg fylkestilskot. Det drygde så
lenge ut med bygginga at prisane vart andre, og kalkylen rakk ikkje på
nokon måte. Brua kosta omlag det duble av det ein hadde rekna med.
For Risnesbøndene har det vore eit uvanleg tungt tak, både
med materialer og i reide pengar.
Brua vart ferdig under krigen 1940-45.
Veg til Lindebotten
Då vegen kom langs Kvamsdalsvatnet, søkte
Martin Lindebotten om å få bygge ein arm opp til seg. I heradstyret
i 1930 vart det gjeve tilskot til denne vegen, og same året kom det
også i orden med fylkes- og vegfondstilskot. Det vart likevel eit
svært tak for Martin som budde i Lindebotten åleine.
Likevel klarde han det heile på snaue 10 år,
og ein må vel seie at det er eit friskt dagsverk av ein einskild
mann.
Nordland-Åsheim
I 1934 søkte Martinus Nordland om veg frå
Nordland og opp til nybrotsbruket sitt på Åsheim. Bøndene
på Totland, Nordland og Andvik, som også hadde interesse av
at det kom veg opp dalen, teikna seg også for arbeid på denne
vegen. For skuld at dette var ein såkalla kolonisasjonsveg, vart
det utanom dei vanlege tilskota også gjeve eit tilskot frå
landbruksdepartementet, slik at dei samla tilskota frå det offentlege
etterkvart kom opp i omlag 70% av den samla kostnaden.
Det har likevel gått seint med bygginga for den
parten som vedkjem pliktdagsverka. No, i 1951, er framleis ikkje vegen
ferdig, og staten trugar no med å dra innatt noko av tilskotet om
det ikkje blir gjort fortgang med pliktarbeidet.
Vegfondsvegar
I 1930-åra vart det gjeve tilskot til ei heil rekkje
vegfondsvegar. Ein nemner under dette:
1. Kvinge - Kvingebakken.
2. Halsøy - Areklett med arm til bryggja i Tresdalsvik.
3. Reknes - Reknessjøen.
4. Duesund - Mollandseid med arm til bryggja i Duesund.
5. Molland - Mollandseid.
6. Fausdal-Eikemofoss.
Av desse vart Reknesvegen ferdig i 1938 og Kvinge - Kvingebakken
i 1941. Dei andre har det gått seigare med, og for dei fleste sitt
vedkomande står det endå att størstedelen.
Utviding av Skjelsundet
I heradstyremøtet den 27. august 1885 vart det
samrøystes vedteke å søkje staten om tilskot slik at
ein kunde kome i gjennom med rutebåtane. Året etterpå
låg det føre kalkyle frå \"Kanalvesenet\" om utdjuping
av sundet. Dette vilde då koste kr. 16 100,-.
Ein så stor sum kvidde dei seg på den gongen,
og mot ei røyst vart det vedteke at heradstyret ikkje såg
så stor nytte i dette tiltaket, at det vilde vege opp kostnaden.
20 år etterpå hadde heradstyret endra dette
synet sitt, og i møtet den 24/4 1906 vart det på nytt søkt
om at arbeidet måtte verta utførd etter dei gamle planane.
No er dette prosjektet oppteke på fylket sin plan over kanaliseringane,
men det er diverre så langt ute at det nok endå vil ta ei rom
tid før båten slepp runden om Areklett-tangen.
Andre vegtiltak
Utanom det som er sagt om dei einskilde vegane i bygdi,
har det offentlege ytt tilskot til ein skogsveg på Rambjør,
ein sætreveg i Nordlandsdalen, ein sæterveg frå Fossestølen
til Kringlebotnstølen, og til veg gjennom Fossedalen. Den siste
vegen er det Magnus og Sverre Stordal, som etter 1946 har gått i
gang med.
Det har ikkje vore råd å fastsetja kor mykje
det har vore ytt til kvar av vegprosjekta, men det har nok vore til god
hjelp.
Til vegen gjennom Fossedalen har dessutan Distriktskommando
Vestlandet gjeve ein del sprengstoff, og det gjorde at mykje arbeid vart
gjort på etter måten kort tid der inne.
Ein må elles seie at karane frå Stordalen
har gjort eit stort arbeid i dalen, der det no, i 1951, er grovbrøytt
fleire km veg mellom Fosse og Stordalsvatnet.
Bru over Ostavatnsund
I 1929 vart det ytt tilskot til denne brua. Ho fekk vanleg
fylkes- og heradstilskot, men likevel vart det nok tungt for dei etter
måten få interesserte. Med eit lite vegstykke til kom det heile
på omlag kr. 16 000,-, og alt var ferdig i 1940.
Matre bru
I trettiåra vart etterkvart den gamle brua over
elva mellom Store - og Litle-Matre så dårleg at det var turvande
med ei ny. Denne vart ytt herads- og fylkestilskot til i 1938, og sumaren
etter stod ho ferdig. Ho er bygd på impregnerte pålar i dei
to kjera, og det er elles jarnbjelkar med tredekk oppå.
ETTERORD
I stutte drag var så dette nokre ord om vegane
i bygda. Noko helte-epos er det just ikkje. Attom kvar vegstubb som med
åra har vorte lagde til, ligg det seigt og godt arbeid.
På mange av gardsbruka i bygda var det år
etter år å utføre dagsverka ein hadde bunde seg til.
Ofte var det både 60 og 70. Slikt har respekt. Det var nok både
eitt og hitt som kunde vera turvande å ta i ferd med heime, men når
tida kom, haust og vår, så var dei å finna i vegbrotet.
Mange av bøndene var nok ikkje kunnige då
dei tok til, og det vanka nok mang ein sår neve når slaget
råka like ved sida av boren, og det var ikkje alltid så lett
å halda på trilleplanken for ungguten når han kom på
\"veien\" for første gong.
På dei fleste gardane går det nok endå
mange lystige soger om nett denne tida då dei braut vegen fram. Men
alt retta seg, og mange var fullt ut fagfolk før deira veg var ferdig.
Alle me som i dag dreg nytte av arbeidet som er lagt ned, har grunn til
å vera takksame mot dei som fram gjennom tidene har lagt ryggen sin
til, og jamna den steinharde grunnen.
Om vegbygginga kan me trygt seie at: «det kosta
tusen år, i kav frå vår til vår», utan på
nokon måte å misbruka sitatet. |