Erich von Ludendorff
(04.11.2005)
Erik von Ludendorff (1865-1937) var, saman med Hindenburg,
leiar av den tyske krigføringa under 1. verdskrig. Han var ein dyktig
og hensynslaus hærførar, men leid nederlag og flykta til Sverige.
Då han kom tilbake til Tyskland, blanda han seg i politikken, slo
lag med Hitler og prøvde å gjere opprør i München
1923. Han slapp straff. Han kjempa mot jødar, kristne og frimurarar
og ville innføre ein "gammal-germansk" religion, men til slutt kom
han også på kant med nasjonalsosialistane.
|