Den fyrste verdskrigen
(18.06.2006)
Den fyrste verdskrigen er ei nemning på krigshandlingar
som gjekk føre seg i Europa frå august 1914 til 11. november
1918.
Krigen var ein verdskrig av di dei deltakande landa var
store kolonimakter. I tillegg kom Sambandsstatane (USA) med i 1917. Storbritannia
og Frankrike hadde koloniar i alle verdshjørner, medan Russland
strekte seg langt inn i Asia.
Den fyrste verdskrigen er omtala som «krigen som
skulle få slutt på alle krigar». Ei anna omtale er berre
«den store krigen» (The Great War).
Landegrensene i Europa vart mykje endra då krigen
tok slutt. Austerrike-Ungarn forsvann og vart erstatta av ei mengd mindre
sentral-europeiske statar, medan Tyskland vart omforma frå keisardøme
til republikk. Russland gjekk gjennom ein revolusjon og måtte avstå
store landområder. Mellom anna vart Finland og Polen sjølvstendige
land.
Noreg og den fyrste verdskrigen
Noreg var, på lik linje med dei andre skandinaviske
landa, nøytral under den fyrste verdskrigen. Krigen gjekk likevel
hardt ut over den norske handelsflåten, som måtte sigla gjennom
krigsfarvatn. 915 norske skip vart senka av dei krigande maktene, og 1
892 sjømenn døydde. Desse 915 skipa utgjorde om lag 20 prosent
av handelsflåten vår. Kjelde: Nynorsk
Wikipedia |