Slaget om Atlanterhavet
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.11.2003
Det kanskje mest omdiskuterte av alle våpen er ubåten.
Ideen er gammal, men ubåtar som var brukbare i krig kom ikkje før
under den amerikanske borgarkrig i 1860-åra.
I åra framover vart det gjort nye oppfinningar.
Først i slutten av 1890-åra blei dei moderne ubåtane
sin urtype skapt i forbindelse med utviklinga av eksplosjons- og elektromotorteknikken.
Under den første verdskrig fekk ubåtteknikken ei stor utvikling.
Ubåten vart eit effektivt og frykta våpen i begge dei to verdskrigane,
og historier om ubåtar i krig er mange.
Mest kjent er kanskje Tyskland sin ubåtblokade av
England i 1. verdskrig. Den hadde tvunge dette mektige riket i kne om ikkje
effektive motmidlar kunne setjast inn i siste augneblink. Motmidlane var
først og fremst synkeminer, som vart kasta ut i store mengder. Sjølv
om ubåtane ikkje vart treft, var sprengvirkninga så kraftig
at ubåtane blei manøver-udyktig etter ein eksplosjon på
opptil 50 meters avstand. England hadde til slutt ca 3000 skip som var
oppteken med minesveiping og ubåtjakt.
Under den 2. verdskrig blei ubåtane sett inn endå
meir hensynslaust frå tysk side og i endå større antall
enn før. "Slaget om Atlanterhavet" raste i fleire år, endå
dei allierte sine motmidlar var betre denne gong, og til slutt måtte
dei tyske ubåtane gi tapt.
I løpet av åra 1914-18 gjekk det tapt 4837
allierte og nøytrale handelsskip på i alt 11 135 000 brutto
tonn. I åra 1939-45 vart det senka 2775 skip på i alt 14 500
000 brutto tonn.
I 1. verdskrig mista tyskarane 199 ubåtar, i den
2. verdskrig 781. |