Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
1. verdskrig
 

   

    
Ubåt - eit farleg våpen 
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 03.07.2005

Dei første brukbare ubåtane vart konstruert i USA og Frankrike på slutten av 1800-talet. Den norske marine sin første ubåt "Kobben" vart bygd i Kiel og heiste kommandoen i desember 1909. 

På oppdrag for den amerikanske marine i 1895 leverte irsk-amerikanaren John Philip Holland i 1900 ubåten USS Holland. Den, og fem litt større av same type, er rekna som prototypar på operative ubåtar. 

USS Holland var på 54 fot og med deplasement 74 tonn neddykka. Typen vart kjøpt eller bygd på lisens av fleire større 
mariner, bl.a. den britiske og russiske, men ikkje den tyske. Den tyske marine starta å byggje ubåtar i 1905. 

Norge fekk sin første, Kobben, i 1909. Den var på ca. 300 tonn og bygd i Kiel. Maksimum dykkedjupne på den tida var ca. 40 m. 

Ein moderne ubåtbase vart tatt i bruk 1. februar 1960 på Håkonsvern ved Bergen. Den norske marine hadde då ubåtane "Uthaug", "Utstein", "Utsira", "Ula", "Utvær" (tidl. britisk), "Kya", "Kinn og "Kaura" (tidl. tyske). 

Ula-ubåtar 
Tre ubåtar av britisk U-klasse vart bygd og levert i 1943. Dei var på 730 tonn og hadde ein besetning på 34 manns. "Ula" og søsterskipa "Uredd" (1941) og "Utsira" (1944) senka i alt sju handelsskip, ein ubåt og eit eskortefartøy. "Uredd" gjekk tapt i 1943. "Ula" og "Utsira" vart utrangert i 1964. 

I 1988 vart namnet "Ula" gjeve til ein ubåt bygd ved Thyssen Nordseewerke i Emden; den første av seks i en ny Ula-klasse. 
Deplasement neddykka : 1300 tonn. 
Fart: 11 knop på overflata, 23 knop neddykka. 
Besetning: ca. 20. 

Dei seks fartøya i Ula-klassen erstatta ni ubåtar i Kobben-klassen som vart seld eller utrangert. 

Under den 1. og 2. verdskrig bygde tyskarane opp ein kraftig ubåtflåte, med tanke på å stanse dei allierte sin tilførsel frå USA. 
I "Slaget om Atlanterhavet" i 1943 fekk dei allierte definitivt overtaket ved eit samarbeid mellom fly som opererte frå små hangarskip, og eskortefartøy utstyrt med asdic. 

Etter krigen bygde Sovjetunionen opp ein flåte som i 1960 var på rundt 450 ubåtar. 

Eit vanlig ubåtmaskineri består av dieselmotorar for gang i overflatestilling og elektromotorar som i undervass-stilling får straum frå batteri. 

Eit stort teknisk framsteg vart gjort då nederlandske ingeriørar under den 2. verdskrig fann opp snorkelen. Tyskarane var dei første til å ta oppfinninga i bruk i 1944. Snorkelen gjorde det mulig å lade batteria og fornye atmosfæren utan å gå opp i overflatestilling. 

I 1955 hadde USA ferdig den første atomubåt, "Nautilus". I 1958 gjorde dei amerikanske ubåtane "Nautilus" og "Skate" turar tvers over Nordpolbassenget under isen. 

"Nautilus" vart oppkalla etter Jules Verne sitt undervassfartøy i "En jordomseiling under havet". "Nautilus" gjorde forfattaren sin fantasi til røyndom, og vel så det, då den i 1958 gjekk i undervass-stilling frå Hawaii til Vest-Europa via Nordpolen. 

Etter 1960 er atomubåtar utrusta med kjernevåpen (missiler). 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal