Dei
Forente Stater sin fødsel
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 07.11.2003
I Nord-Amerika hadde Storbritannia 13 koloniar som låg
langs Atlanterhavskysten. Sjølv om kolonistane skattla seg sjølv
gjennom sine valgte forsamlingar, var dei framleis britiske undersåttar.
Dei gleda seg lojalt saman med kong Georg III då
Frankrike si makt i Nord-Amerika var knust i 1763. Men snaue 12 år
seinare var kolonistar og konge i desperat krig mot kvarandre.
Kolonistane kjente sine rettar. Dei likte å være
sjølvstendige, og leiarane - mange av dei var sakførarar
- var opplyste og intelligente. Dei hadde lese den engelske filosofen John
Locke, som hadde forsvart den engelske revolusjonen i 1688 med at eit styre
må være godtatt av dei som blir styrt. Dei hadde rett til å
gjere motstand dersom styret er urettferdig og vilkårleg.
Så lenge kolonistane følte seg trua av franskmennene,
fann dei seg i britisk styre. Men i åra etter franskmennene sitt
nederlag, voks følelsen for å bli uavhengige. Dei tok til
å føle seg som ein eigen nasjon.
Engelskmennene forstod ikkje styrken i desse følelsane.
Dei tok i bruk gamle lover som la band på kolonistane sin handel
til fordel for engelske kjøpmenn. Kolonistane vart også nekta
å ta i bruk det land som var erobra frå Frankrike, fordi det
kunne føre til ein kostbar krig mot indianarane.
Forholdet mellom England og kolonistane forverra seg.
Kolonistane protesterte, og engelskmennene fann stadig på nye måtar
å straffe dei på. Dei vedtok ei lov som påla kolonistane
å innlosjere tyske leigetroppar som var sendt over for å halde
styr på dei. Resultatet vart direkt samanstøyt.
I 1774 møttest kolonistane sine leiarar til ein
kontinentalkongress i Philadelphia for å planleggje motstanden. Då
engelske troppar i april året etter prøvde å beslagleggje
militærlager rundt Bosten, starta krigen. Den slutta seks år
seinar med engelsk nederlag.
George Washington, USAs første president.
Det var tre hovudgrunnar til at engelskmennene mista sine
koloniar i Amerika. For det første la dei opp ei feil krigføring.
Generalane i felten måtte rette seg etter politikarane
som prøvde å føre krigen frå London. For det
andre viste amerikanarane sin øverstkommanderande George Washington
seg som ein meistar.
Gjennom den fryktelege vinteren 1777-78 held han hæren
sin, av halvt utsvelta frivillige, i ro i Valley Forge framfor å
risikere kamp mot erfarne troppar. Han viste at året etter ville
han få hjelp frå den franske flåte - den tredje årsaka
til England sitt nederlag.
Den engelske øverstkommanderande, lord Cornwallis,
fann seg til slutt innesperra med hæren sin i Yorktown med Washington
sine troppar rundt seg og den franske flåten bak seg i Chesapeake-bukta.
Det var umuleg å sleppe unna.
Då freden vart underteikna i 1783, godtok engelskmennene
at amerikanarane vart uavhengige.
Inntoget i den dåverande hovudstaden New York i
forbindelse med val av presidenten i 1789.
Frå 1781 var dei tidligare koloniane knytta saman
i ein «evig union» gjennom konføderasjonsartiklane,
ein laus avtale om felles forsvar og utanrikspolitikk. Då kravet
om fast leiing i fred vart sterk nok, bad ein Georg Washington komme tilbake
til politikken. I 1787 leia han den nasjonalkongressen i Philadelphia som
la grunnen til eit nytt styre: Dei forente staters grunnlov.
Alle statane godtok konstitusjonen, og i april 1789 vart
George Washington valt til Amerika sin første president.
Faktisk var Dei forente stater det første demokrati
i moderne tid, og konstitusjonen vart eit mønster både i Amerika
og i Europa.
------------------------------------
Kjelde: World history 1963
Stater - og årstal dei vart opptatt som stat
Alabama - 1819
Alaska - 1958
Arizona - 1912
Arkansas - 1836
California - 1850
Colorado - 1876
Connecticut - 1776
Delaware - 1776
District of Columbia -
Florida - 1845
Georgia - 1776
Hawaii - 1959
Idaho - 1890
Illinois - 1818
Indiana - 1816
Iowa - 1846
Kansas - 1861
Kentucky - 1792
Louisiana - 1812
Maine - 1820
Maryland - 1776
Massachusetts - 1776
Michigan - 1837
Minnesota - 1858
Mississippi - 1817
Missouri - 1821
Montana - 1889
Nebraska - 1867
Nevada - 1864
New Hampshire - 1776
New Jersey - 1776
New Mexico - 1912
New York - 1776
North Carolina - 1776
North Dakota - 1889
Ohio - 1803
Oklahoma - 1707
Oregon - 1859
Pennsylvania - 1776
Rhode Island - 1776
South Carolina - 1776
South Dakota - 1889
Tennessee - 1796
Texas - 1845
Utah - 1896
Vermont - 1791
Virginia - 1776
Washington - 1889
West Virginia - 1863
Wisconsin - 1848
Wyoming - 1890
|