Amerika
Amerika er ein verdsdel som strekker seg nesten
frå Sør- til Nordpolen. Det grenser mot dei to store verdshava,
Stillehavet og Atlanterhavet, og har svært forskjellige landskap,
mellom anna svært fruktbare område som regnskogen i Amazonas.
Verdsdelen kan delast inn på ulike måtar.
På engelsk er det vanleg å snakka om Nord- og Sør-Amerika
som to ulike kontinent, ettersom dei har ulikt geologisk opphav. I andre
samanhengar skiljer ein mellom engelsktalande Amerika og Latin-Amerika,
det vil seie landa som hovudsakleg bruker romanske språk.
Namnet Amerika kjem mest truleg frå Amerigo Vespucci,
eller Americus Vespuccius som han heitte på latin. America er den
feminine forma, som svarer til hokjønnsforma alle dei andre verdsdelane
hadde. Den første me veit brukte det var den tyske kartografen Martin
Waldseemüller, som laga ein globus og eit stort kart der kontinentet
hadde dette namnet i 1507.
Innbyggjarar frå kontinentet kan bli kalla amerikanarar,
men dette kan òg tyda ein som kjem frå USA, nett som namnet
Amerika ofte vert brukt berre om desse amerikanske sambandsstatane. Henta
frå Nynorsk Wikipedia |