Grand
Canyon
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 06.03.2005
Eit område der ein kan følgje livets utvikling
gjennom store delar av jorda si historie, er Grand Canyon, Coloradoelva
si djupe dalkløft i Arizona, USA.
Grand Canyon er ein dal som er 450 km lang, opptil 30
km brei og 1500 - 1800 meter djup med delvis loddrette veggar.
Området er ein stor turistattraksjon, og ein del
av Grand Canyon National Park - som vart oppretta i 1919. Dalen er danna
ved elveerosjon etter tertiertidas slutt, og er eit av geologien sitt klassiske
forskningsområder.
Her finn ein verdas finaste "Arkiv" av fossilar, ei fullstendig
eineståande samling frå fleire ulike jordperiodar. Lag på
lag viser plante- og dyreverda si utvikling heilt frå dei eldste
tider.
Funn av forsteina plantar og dyr viser at liv har eksistert
på jorda i mange hundre millionar år. Livet i dei tidlegaste
tider bestod berre av enkle organismar som bakterier og alger. Innanfor
områder der lag frå ulike geologiske periodar er avleira, kan
ein følgje livet si utvikling frå enkle organismar til meir
kompliserte plantar og dyr.
Fossil, eller forsteiningar, kallar ein restar, avtrykk
eller spor etter plantar og dyr som levde i tidligare tider, og er blitt
bevart i sedimentære bergartar, kvae, torv, is, asfalt osv. Det er
først og fremst faste delar av organismane (skjelett, skal, stengler,
blad) som blir bevart, men det hender at mjuke delar også blir forsteina.
Endå skjeldnare kan heile dyr bli bevart; insekt i rav, mammut i
frossen jord. Den største delen fortidsorganismar blir sporlaust
borte, men likevel kjenner ein til omlag ein halv million ulike fossile
artar. |